Hopp til innhold

Siv Jensen: – Fleire må i arbeid og fleire må jobbe meir

For å sikre den norske velferdsstaten må fleire folk ut i jobb, seier finansminister Siv Jensen. I dag legg regjeringa fram ei ny perspektivmelding, som viser utfordringane i norsk økonomi framover.

Høyres landsmøte Siv Jensen

UTSIKTER: Fleire kvinner må over i heiltidsjobb for å sikre finansieringa av den norske velferdsstaten, seier finansminister Siv Jensen (Frp).

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Vi står overfor nokre trendbrot som gjer at Noreg kjem til å sjå meir ut som andre land framover, seier finansminister Siv Jensen.

Det er tre år sidan regjeringa la fram den førre perspektivmeldinga og utsiktene har forandra seg.

– Vi møter vedvarande låg oljepris, og vi kjem til å sjå eit oljefond som veks saktare enn det har gjort dei siste åra, seier Jensen.

– Fleire må jobbe

Perspektivmeldinga skal prøve å gje svar på kva som er dei største utfordringane i norsk økonomi i åra framover. I tillegg til oljepris og globalisering, trekkjer Jensen at det også vert fleire eldre i befolkninga.

– Dette er i utgangspunktet godt nytt fordi det betyr at vi har betre helse og lev lengre. Men det betyr også at det er færre som skal vere med å finansiere det framover.

Finans Norge, Tom Staavi

Informasjonsdirektør i Finans Norge Tom Staavi.

Foto: CF-Wesenberg / Finans Norge

Regjeringa har rekna på yrkesdeltakinga, og beskjeden er klar. Skal ein klare å halde velferdsstaten framover, må fleire ut i jobb.

Informasjonsdirektør i Finans Norge, Tom Staavi, seier at på dette punktet er det er lett å vere samd med regjeringa.

– Jo fleire av oss som jobbar, jo fleire verdiar skapar vi, og då får vi ei større kake som kan delast på alle, seier Staavi.

Kvinner og innvandrarar

For å auke sysselsetting meiner regjeringa at det blir spesielt viktig å få fleire kvinner til å begynne å jobbe heiltid.

– Vi veit at kvar tredje kvinne jobbar deltid i dag. Dersom desse kjem over på heiltid kjem det til å auke det samla timeverket med 8 prosent. Berre det er ganske mykje, seier Jensen.

Finansministeren seier også at det er naudsynt å stille fleire krav til innvandrarane for å få fleire av dei ut i jobb.

– Dersom vi får fleire av innvandrarane til å komme i jobb, så betyr det utruleg mykje for den framtidige velferda vår, seier Jensen.

Ifølgje utrekningane som ligg til grunn for meldinga, ville 90.000 fleire vore i arbeid dersom sysselsettinga blant innvandrarar utanom vestlege land vart like høg som blant dei som er fødde i Noreg.

Fleire utfordringar

– Problemet er å skape desse jobbane i næringslivet, og gjerne det konkurranseutsette næringslivet, for det er der vi skapar dei verdiane som finansierer velferdsstaten, seier Staavi.

Perspektivmeldinga vert rekna for å vere mindre politisk lada, og meir eit uttrykk for kvar Noreg står økonomisk. Staavi er spent på kva grep som vert gjort for å møte dei digitale utfordringane.

– Det trur eg er ein megatrend som treff oss veldig hardt akkurat no, og som kjem til å prege både Noreg og dei alle fleste nasjonar i tiåra framover.

AKTUELT NÅ