– Eg tek oppropet på alvor, seier Siv Jensen etter ungdomsoppgjer i partiet

– I det store og det heile er vi ein organisasjon der medlemmar har det bra, seier Frp-leiar Siv Jensen. Ho tek likevel på alvor oppropet frå fleire ungdomspolitikarar i partiet om handtering av seksuell trakassering.

Siv Jensen

ALVORLEG: Frp-leiar Siv Jensen svarer på oppropet frå 20 ungdomspolitikarar i Framstegspartiets Ungdom (FpU).

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

I eit svært kritisk opprop går fleire ungdommar i Framstegspartiets Ungdom (FpU) ut mot partileiinga i Frp om varselsakene om seksuell trakassering i partiet. Fleire og fleire stiller seg bak oppropet, som no er signert av 20 tillitsvalde i ungdomspartiet.

Dei skriv blant anna at «vi ser med bekymring på at partiapparatet i gjentatte enkeltsaker har vist at de ikkje evner å ta seksuell trakassering på alvor».

No svarer Siv Jensen i ein SMS til NRK at;

– Eg tek på alvor det fleire av ungdommar i partiet no tek opp. Våre leiarar skal vere førebilete for våre medlemmar.

Ho vektlegg at tusenvis av medlemmar i partiet stort sett har det bra

– FpU og Frp er ein trygg stad å drive politikk. Men så hender det av og til ting som eg skulle ynskjer aldri kunne skje.

Leiinga i FpU sentralt har ikkje svart på NRKs førespurnad om ein kommentar.

OPPGJER: Fleire unge medlemmar i Frp tek eit oppgjer med partiet si handtering av seksuell trakassering.

Engasjerer seg personleg

I oppropet står det blant anna at det «har for lenge vært en kultur for at så lenge man er ansett for å være et såkalt politisk talent så er det fritt frem til å bryte retningslinjer uten reelle konsekvenser. Det må det nå bli en slutt på».

Jensen har ikkje svart direkte på påstanden, men svarer overordna at ho og partiet tek seksuell trakassering alvorleg.

– Vårt regelverk mot seksuell trakassering har vore tema i mange ledd av organisasjonen. Det har vore ein viktig bodskap frå meg at eg forventar at våre tillitsvalde og folkevalde oppfører seg skikkeleg, seier ho.

Mats Henriksen Persøy

VIL SJÅ HANDLING: Leiar i Trøndelag FpU, Mats Henriksen Persøy stiller seg, saman med fylkeslaget sitt, bak oppropet som opphavleg var skrive av Hordaland FpU.

Foto: Privat

– Seksuell trakassering får ikkje konsekvensar

– Eg er glad Siv Jensen tek det på alvor. Likevel endrar ikkje dette at varslarsakene som har vore til behandling ikkje har fått konsekvensar. Så lenge ein veit at seksuell trakassering er noko som ikkje får konsekvensar i Frp, kjem det til å fortsette, seier leiar i Trøndelag FpU, Mats Henriksen Persøy, som har skrive under på oppropet.

Han siktar blant anna til ei sak der ein mann, med posisjonar i Frp og ungdomspartiet, får halde fram i sine verv med ei åtvaring frå organisasjonsutvalet i Frp. Dette skjer sjølv om utvalet har konkludert med at mannen har brote partiet sine retningslinjer mot seksuell trakassering.

FpU-er foreslår sex med 14-åring

SNAPCHAT: Mannen i Frp og FpU har blant anna sendt sex-førespurnader til ei jente på 14 år. Dette er ein av snapchat-meldingane han sende.

Mannen har mellom anna sendt meldingar til ein 14-åring med spørsmål om sex og fekk fleire jenter til å trekke seg unna politikken etter seksuell trakassering. NRK kjenner til minst fire varsel mot han.

Sjølv seier han til NRK at sex-førespurnadene var meint som spøk, at han ikkje kjenner seg igjen i fleire av historiene, men ikkje utelukkar upassande oppførsel.

Frp har behandla varselsaker mot til saman ni ulike partimedlemmar.

Jensen vil ikkje svare på kvifor brot på retningslinjene ikkje fører til noko anna ein ei åtvaring. Ho viser til organisasjonsutvalet, men leiar i utvalet, Helge André Njåstad, ynskjer ikkje å kommentere saka.

– Varslarane skal takast på alvor. Samtidig må den det vert varsla mot få moglegheit til å kome med sin versjon. Slike saker vert behandla i fortrulegheit, ikkje i media, svarer Jensen generelt.

Etterlyser konkrete tiltak

Martin Virkesdal Jonsterhaug, Hordaland FpU

TILTAK: Fylkesleiar i Hordaland FpU, Martin Virkesdal Jonsterhaug, sto bak oppropet som 20 tillitvalde har signert. No etterlyser han tiltak og evaluering.

Foto: Aksel Hansen

– Eg ser fram til at vi no saman som eit parti skal ordne opp og sørgje for at partiet i framtida vil handtere saker langt betre enn ein har gjort tidlegare, seier Martin Virkesdal Jonsterhaug, leiar i Hordaland FpU.

Det var Jonsterhaug som først tok initiativet for oppropet. Han er nøgd med signala frå partileiaren, men ber om dialog for å kome i gang med tiltak og evaluering av korleis partiet har handtert sakene.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger