Hopp til innhold

Siv Jensen er skeptisk

Frp-formann Siv Jensen er skeptisk til at forskarar som er kritiske til konklusjonen i klimarapporten, ikkje blir høyrde.

Siv Jensen støtter i dag Per Sandberg
Foto: Terje Bendiksby / SCANPIX

Ho viser til at fleire forskarar har sagt at dei har gitt sine bidrag til FN-rapporten, men at dei ikkje stiller seg bak rapporten.

Siv Jensen meiner det er naudsynt med det ho kallar ein realistisk diskusjon om klimaproblematikken.

Miljøpolitisk talsmann i partiet, Tord Lien, er ikkje særleg uroa over innhaldet i FN-rapporten.

- For tidleg

- Vi er framleis skeptiske til konklusjonane i FNs klimarapport om at klimaendringane er menneskeskapte. Det er framleis for tidleg å konkludere med at klimaendringane er menneskeskapte, seier han.

Han viser til at dette berre er den første delrapporten av den fjerde hovudrapporten, og at først når alle delrapportane er lagde fram, vil det vere mogleg å seie noko meir.

Lien meiner at rapporten på mange måtar er eit sidespor for den norske klimapolitikken, fordi det alt er eit politisk fleirtal for utsleppskutt her i landet.

Leiarrolle

Høgre er sterkt usamd med Framstegpartiet, og miljøpolitisk talsmann Børge Brende meiner Noreg bør ta ei leiarrolle i arbeidet med å få til ein ny Kyoto-avtale. Han forstår ikkje at det framleis er mogleg å tvile på at klimaendringane er menneskeskapte.

- Konklusjonen til klimapenelet er nådelaus. No er det opp til politikarane å levere resultata, og at Noreg gjer betre bruk av den grøne utviklingsmekanismen som ligg i Kyoto-avtalen, seier han.

 

AKTUELT NÅ