Hopp til innhold

Sikta nektar å la seg avhøyre med mindre opptaket blir vist offentleg

Den terrorsikta mannen har framleis ikkje gitt si forklaring. Viss politiet skal ta opptak av avhøyret, må det bli sendt offentleg, krev han.

Pressekonferanse med politiet i Oslo

Visepolitimeister Brita Cecilie Lilaas-Skari og politiadvokat Børge Enoksen fortel at politiet ikkje har fått gjennomført avhøyr av den sikta.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Gjerningsmannen Zaniar Matapour (42) er sikta for drap, drapsforsøk og terror.

På pressekonferansen i dag fortel politiadvokat Børge Enoksen at mannen både i går og i dag har nekta å stille til avhøyr. Årsaka er at mannen har stilt krav til korleis avhøyret skal bli utført.

Politiet ønskjer å gjere opptak av avhøyr i lyd og bilete med tanke på rettstryggleik til sikta, noko mannen ikkje har gått med på med mindre krava hans blir innvilga.

– Vi respekterer hans rett til å ikkje gi forklaring. Samtidig må vi vere i tråd med regelverket. Vi er sjølvsagt opptekne av å få hans forklaring, seier politiadvokaten.

Forsvarar John Christian Elden fortel at sikta er redd for at politiet skal manipulere det han seier, anten ved å klippe det til eller endre innhaldet i forklaringa.

– Klienten min har nekta å bli tatt opp på lyd og bilete, med mindre dette skulle bli sendt offentleg i sin heilskap, seier forsvararen til Matapour, John Christian Elden.

John Christian Elden

Forsvararen til Matapour, John Christian Elden seier at Matapour vart kjend med siktinga i dag.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Jobbar utifrå fleire hypotesar

To uteplassar og eit gatekjøkken i Oslo blei natt til laurdag offer for eit terroråtak. Ein av utestadane var London Pub som er kjent for å vere ein samlingsplass for skeive.

Norsk-iransk Zaniar Matapour (42) er sikta for åtaket. Hatkriminalitet vart fort ein viktig teori frå politiet si side. På pressekonferansen fekk politiet spørsmålet om hypotesen om hatkriminalitet er styrkt.

– Ein av dei hypotesane vi jobbar etter er hatkriminalitet, men det er ein av fleire hypotesar vi jobbar utifrå. Det er for tidleg å stadfeste motivasjonen hans, seier politiadvokat Børge Enoksen.

Politiet har vore opptekne av hans fysiske helse og om han er tilrekneleg, men han har heller ikkje ønska å samarbeide med sakkunnig. Han vil bli overført til fengsel på søndag opplyser politiet.

– Både det med hatkriminalitet, radikal islamisme og psykiatri er relevant. Det kan også vere ein kombinasjon av desse, seier Enoksen.

Les også Arfan Bhatti la ut sitater om drap på homofile på Facebook

Arfan Bhattis Facebook-profil

Tyder ikkje på andre delaktige

Politiet etterforskar kor den sikta har rørt seg og kven han har vore i kontakt med forut hendinga, mellom anna for å finne ut om andre kan ha vore delaktige.

– Per no tyder ingenting på at han har samarbeida med andre, men vi kan ikkje utelukke det, seier politiadvokaten.

Politiet fortel at Matapour er sikta for terror og at dette ikkje er svekka utifrå etterforskinga så langt. Dei ville ikkje gjere offentleg namna på dei to omkomne etter terroråtaket, med omsyn til dei etterlatne.

Dei bad også publikum som har informasjon om saka om å ta kontakt.

Etter åtaket har PST sette opp trusselnivået til det høgaste, frå 3 til 5. PST vurderer åtaket som ei ekstrem islamistisk terrorhandling.

Pride

Etter terroråtaket natt til laurdag vart pride-paraden i Oslo avlyst.

Foto: Astrid Hernholm / NRK

Forklaringa vesentleg for å avdekke motivasjon

– Det mest vesentleg per no er at politiet har problem med å kommunisere med den sikta, fortel krimkommentator Olav Rønneberg.

Olav Rønneberg var til stades i Rosenkrantz gate idet åtaket skjedde.

For å forstå motivet bak åtaket er forklaringa hans eit heilt sentralt element, fortel han.

Samtidig presiserer han at det er mogleg å danne seg eit bilete av motivasjon utan å avhøyre han. Rønneberg peiker på at elektroniske spor og kontakt med familie og kjende til sikta, kan hjelpe i undersøkinga av dette.

– Men forklaring til sikta er alltid eit veldig viktig bevis i ei straffesak, seier han.

Les også NRK-journalist ble øyenvitne: – Han plukket opp et våpen og begynte å skyte

Olav Rønneberg.

Forstår at hendinga har skapt utrygge

– Vi forstår at denne hendinga har skapt utrygge, særleg i det skeive miljøet, seier visepolitimeister Cecilie Lilaas-Skari på pressekonferansen.

Politiet har oppretta fleire tiltak, både synlege og usynlege i lys av hendinga. Politiet følger situasjonen nøye.

– Vi er framleis i ein uavklart situasjon, seier Lilaas-Skari.

Politiet understrekar at det ikkje er nokon haldepunkt for at det vil komme nye hendingar, sjølv om dei karakteriserer situasjon som uavklart. Folk er oppmoda til å leve som normalt.

Les tidslina for heile hendinga her.

Les også Arfan Bhatti la ut sitater om drap på homofile på Facebook

Arfan Bhattis Facebook-profil

AKTUELT NÅ