Hopp til innhold

Tryggingsrådgjevarar nedringt av bekymra folk

Det er ikkje berre næringslivstoppar og formuande, men eit breitt spekter av folk, som etter bortføringssaka vart kjent spør om kva tiltak dei treng, seier Anders Snortheimsmoen.

Anders Snortheimsmoen

Sikkerhetsrådgjevar Anders Snortheimsmoen seier dei har blitt nedringt av folk som er bekymra.

Foto: Erlend Andersen Koppergård​ / NRK

Etter bortføringssaka vart kjent onsdag, har Næringslivets tryggingsråd blitt kontakta av både medlemar og ikkje-medlemar som er uroa for eige liv og helse.

– Det er folk som har mykje pengar og kanskje er meir eksponert. Somme seier også at dei har fått nokre truslar og spør om det er rett å bekymre seg. Dei spør også om råd for kva dei kan gjere for å sikre seg, seier direktør Jack Fischer Eriksen.

Jack Fischer Eriksen

Jack Fischer Eriksen er direktør i næringslivets tryggingsråd.

Foto: NRK

Det er mest eigarar og leiarar av store selskap og tryggingsansvarlege i verksemder som tek kontakt.

– Dei spør om korleis dei skal gå fram for å kartlegge risiko, om kva trusselbiletet er, og om ein kan forvente at det er ein trussel for andre i dag. Vi merker at informasjonsbehovet er veldig stort, seier Eriksen.

– Ikkje ver naive

Også andre som tilbyr rådgjeving om tryggleik har fått mange spørsmål det siste døgnet. Selskapet Sikkerhetsledelse har blitt nedringt av folk som er bekymra for persontryggleik.

– Det er ikkje berre frå næringslivstoppar og formuande, men eit breitt spekter av folk. Dei spør om kva tiltak vi vil tilrå for å møte kvardagen på ein trygg og god måte, seier rådgjevar Anders Snortheimsmoen.

Han har tidlegare jobba i politiets beredskapstropp.

– Fleirtalet spør om ein gjennomgang av tryggingstiltak dei allereie har, som alarmar og rutinar.

– Mitt generelle råd til alle som spør er at det viktigaste er å ha gode rutinar i kvardagen, og ha eit realistisk syn på kva som er utfordringane. Tenk over kva scenario som kan ramme deg og lag rutinar ut frå det.

Snortheimsmoen er oppteken av at kvar enkelt må ta ansvar for eigen tryggleik og ikkje vere naive og tru at politiet kan passe på oss.

– Det handlar om alt frå å låse døra når du er heime, til å faktisk bruke alarmar du har installert. Så må ein tenke gjennom kva ein legg ut og korleis ein profilerer seg sjølve på internett.

Han oppmodar folk til å finne informasjon som ligge ope på nettet, som trusselvurderingar frå Politiets tryggingsteneste, Kripos og E-tenesta, og rapportar frå politiet.

Politiet tror Anne-Elisabeth Falkevik Hagen ble bortført fra familiens hjem på Fjellhamar i Lørgenskog den 31. oktober i fjor.

Politiet tror Anne-Elisabeth Falkevik Hagen ble bortført fra familiens hjem på Fjellhamar i Lørgenskog den 31. oktober i fjor.

Kartlegg trussel – vedta tiltak

Næringslivets tryggingsråd rår folk til å først kartlegge trusselen, før dei vedtek tiltak som skal redusere risikoen.

Det kan ein gjere ved å kartlegge kva type verdiar verksemda eig, og deretter sjå på kor sårbare desse er, og om det finst tryggingstiltak frå før.

Så er spørsmålet kva trusselaktør som kan ramme denne verdien.

– Då har ein funne risikoen og kan bedømme kva tiltak som må til for å redusere risikoen. Det kan vere vern av personar, livvaktteneste, sikring av dører og vindauge, og mindre bruk av sosiale medium. Tiltaka er unike frå tilfelle til tilfelle.

Redd for at frykt tek overhand

Vanlegvis får tryggingsrådet få spørsmål om denne typar hendingar i løpet av eit år. I fjor haldt dei berre eit par foredrag om tematikken og gav råd til somme bedrifter.

Sidan bortføringssaka vart kjent onsdag, har tryggingsrådet blitt kontakta av fleire enn dei pleier på eitt år.

– No er det stor utryggleik, og eg er redd for at frykta kanskje tek litt overhand. Vi må vere fornuftige og tenke at Noreg er eit trygt land. Dette risikobiletet gjeld nokre få menneske i Noreg, men dei som er utsett for denne type truslar må ta dette på høgste alvor.

AKTUELT NÅ