Sigurd Falkenberg Mikkelsen (44) ny utanrikssjef i NRK

Sigurd Falkenberg Mikkelsen (44) blir ny utanrikssjef i NRK. Den tidlegare Midtausten-korrespondenten har over 20 års erfaring som utanriksjournalist bak seg.

Sigurd Falkenberg Mikkelsen i Israel

Sigurd Falkenberg Mikkelsen på ein reportasjetur til Jerusalem. I bakgrunnen Israels statsminister Benjamin Netanyahu.

Foto: Juliane Kravik / NRK

Han var blant anna NRK-korrespondent i Midtausten, med base i Kairo, frå 2011 til 2016, men har jobba med utanriksstoff sidan han var student i blant anna Paris på 1990-talet. Han har vore fast tilsett i utanriksavdelinga i NRK sidan 2010, men var frilansar i fleire år før det.

Det siste året har han vore konstituert redaksjonsleiar i utanriksavdelinga.

– Passar inn i tida

- Det å få lov til å vere sjef for den beste utanriksavdelinga i Noreg, er stort for meg. Eg gler meg til å ta fatt. Det er gjort mykje godt arbeid opp gjennom åra, og eg tenkjer at vi skal vidareutvikle ein journalistikk som passar inn i tida vi lever i, seier Sigurd Falkenberg Mikkelsen.

Han meiner at utanriksjournalistikken er spesielt viktig no, med djuptgripande endringar tett innpå oss.

– Vi har brexit, vi har ein utradisjonell amerikansk president, vi ser eit Russland som er i endring, og vi har Kina, som har gått frå å vere eit land med stor fattigdom, til ei verdsmakt som har vakse frå å vere ein ubetydeleg aktør til ei verdsmakt som utfordrar USA. I tillegg har vi klimakrisa. Og alt dette påverkar oss her i landet, seier den nye utanrikssjefen.

– Krevjande endringar

Marius Tetlie

Marius Tetlie er fagredaktør i NRK.

Han er oppteken av at medieverda også er inne i krevjande endringar.

– Vi må vere der folk er, det krev litt av oss, og vi må prøve å utvikle nye former, samstundes som vi tek vare på det truverdet NRK har bygd opp gjennom generasjonar.

Sigurd Falkenberg Mikkelsen, som er fødd i Oslo og oppvaksen på Nøtterøy, trur vi står framfor ein ny gullalder i utanriksjournalistikken.

– Eg gler meg stort til å ta fatt, seier han.

Viktig område for NRK

Marius Tetlie, fagredaktør i NRK, er glad for å ha fått Sigurd Falkenberg Mikkelsen inn som leiar for utanriksavdelinga.

– Det skjer store endringar ute i verda, og det skjer store endringar i mediebruken. Utanriksjournalistikken er eit viktig område for NRK. Saman med dei dyktige medarbeidarane i utanriksredaksjonen skal Sigurd vidareutvikle journalistikken slik at NRK også i framtida skal levere viktig utanriksstoff. Og sørgje for at vi når ut til heile publikummet vårt, seier han.

Sigurd Falkenberg Mikkelsen startar i jobben alt førstkomande måndag.

SISTE NYTT

Siste meldinger