Hopp til innhold

I dag skal ho løfte Max Hermansen

Shabana Rehman Gaarder (38) skal i dag stå side om side med Pegida-demonstrantar. Ikkje fordi ho er einig med dei, men fordi ho skal løfte frontfiguren i rein Krekar-stil.

Arkivklipp - bare 5 sekunder.

I KREKAR-STIL: Denne gongen er det Max Hermansen sin tur. Shabana Rehman Gaarder skal løfte han under dagens Pegida-demonstrasjon. (Foto: TV 2)

27. april 2004 løfta Shabana Rehman Gaarder landets mest omtalte mulla, og fekk merksemd i både nasjonal og internasjonal presse. I dag, 26. januar 2015, er det Max Hermansen sin tur.

– Eg tilbyr meg å løfte Max Hermansen. Gjerne kvar einaste måndag om naudsynt, seier Gaarder til NRK.

Må stå bak politisperring

– Vi ville eigentleg samle oss rundt demonstrantane, som ein menneskemur av kjærleik, men politiet har satt foten ned. Dei vil ha kontroll på området, sidan det skal vere fleire motdemonstrasjonar, seier Gaarder.

Ho har saman med student, samfunnsdebattant og muslim Maria Khan (27) tatt initiativ til markeringa der dei mellom anna skal løfte Max Hermansen.

Gaarder får løfte han, men sjølve markeringa deira må finne stad på andre sida av politisperringa.

Vil dele ut roser

Shabana Rehman

FLEIRE ELEFANTAR: Shabana Rehman Gaarder vil snakke om alle elefantane i rommet.

Foto: Helge Carlsen / Helge Carlsen

Kvar måndag klokka 18.30 samlast den anti-islamske organisasjonen Pegida framfor Oslo rådhus. Dagens Pegida-marsj er den tredje i rekkja, og det er også denne gongen varsla motdemonstrasjonar, mellom anna frå Nye SOS Rasisme.

Førre måndag blei det ampert då motdemonstrantar forsøkte å gå til åtak på anti-islamistane. Gaarder meiner det er trist å sjå korleis redde nordmann, som demonstrerer med Pegida, blir kalt nazister og fascister.

«De er først og fremst redde. Mange av dem er dypt bekymret», skreiv Gaarder i ein kronikk i Aftenposten førre veke.

– Vi vil dele ut roser, vise godheit og varme, og markere at vi er aktive ikkjevalds-aktivistar i ei tid med splitting, seier Gaarder.

– Kva er det eigentleg dokker vil markere?

– At vi er kritiske til alle totalitære regimer. Vi vil snakke om alle elefantane i rommet. Dei er det mange av. Vi vil både lytte og konfrontere.

Er Max Hermansen ein av dei?

– Det har eg ikkje sagt.

Kva vil du oppnå med å løfte Hermansen?

– Det får tida vise. Både venstre- og høgreekstreme miljø har blitt forbanna fordi eg skal løfte Hermansen. Det å nærme seg kvarandre er viktig, for det gjer ting ufarleg, svarar Gaarder.

(Artikkelen held fram under biletet)

Max Hermansen

NY DEMO: Max Hermansen og Pegida arrangerer i dag ny demonstrasjon. Han ser fram til å bli løfta i rein Krekar-stil.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

«Jeg har gleden av å bli løftet»

Talsmann for Pegida i Noreg, Max Hermansen, ser fram til å bli løfta av Gaarder under kveldens marsj. Han skriv dette på Facebook:

«Jeg har gleden av å bli løftet av et menneske jeg har den dypeste respekt for».

I dag blir det også Pegida-markeringar i Tønsberg og Kristiansand. Demonstrantane er imot muslimsk innvandring til Noreg, og er inspirert av demonstrasjonane som starta i den tyske byen Dresden i fjor haust. Der møtte på det meste 18.000 demonstrantar.

AKTUELT NÅ