Hopp til innhold

Set opp minnesmerke for Tiananmen-massakren i Oslo

Då ein versjon av statuen blei sett opp i København, reagerte kinesiske myndigheiter sterkt. Neste veke kjem minnesmerket til Oslo.

John Peder Egenæs i Amnesty International Noreg viser kor "Skamstøtta" skal stå i Universitetshagen i Oslo.

SKAMSTØTTA: Her i Universitetshagen i Oslo, ved Det juridiske fakultetet, skal statuen «Skamstøtta» stå.

Foto: Håkon Marius Brustad / NRK

Statuen «Skamstøtta», eller «Pillar of Shame», blei sett opp utanfor universitetet i Hongkong i 1997.

Det åtte meter høge monumentet var eit minnesmerke etter massakren på Den himmelske fredsplass 4. juni 1989.

I desember i fjor blei statuen fjerna av universitetet på oppmoding frå kinesiske myndigheiter.

25. mai blir ein annan versjon av statuen avduka ved Det juridiske fakultet i Oslo.

Her skal han stå i litt under ein månad.

Reisinga av minnesmerket i Oslo er eit samarbeid mellom Amnesty International Noreg, Hongkongkomiteen i Noreg og den danske kunstnaren Jens Galschiøt.

Minnesmerke over Tianamen-massakren på Hongkong-universitetet

Minnesmerket for massakren på Den himmelske fredsplass i 1989, då det framleis stod oppreist i Hongkong.

Foto: Kin Cheung / AP

Statuen som kjem til Oslo har tidlegare stått føre Folketinget i København.

Det skapa store politiske reaksjonar frå kinesiske myndigheiter, fortel generalsekretær John Peder Egenæs i Amnesty Noreg.

– Så me reknar med at kinesiske myndigheiter kjem til å mislike dette veldig sterkt.

Kravde statuen fjerna

Fram til statuen blei fjerna frå universitetet i Hongkong, har den spesielle administrative regionen vore den einaste staden i Kina der ein kunne heidre offera for massakren.

I 2020 og 2021 blei markeringane hindra, offisielt på grunn av pandemien.

– Det er ikkje noko tvil om kvifor statuen blir teke ned no, seier Egenæs.

Han meiner kinesiske myndigheiter prøver å fjerna hendinga i 1989 frå folk sitt minne.

Monument til minne om demokratiforkjempere påå Tiananmen-plassen i Beijing blir gjernet fra universitetet i Hongkong 22. des 2021

Minnesmerket ved universitetet i Hongkong blei fjerna 23. desember 2021.

Foto: TYRONE SIU / Reuters

Då ein versjon av statuen blei sett opp i København, kravde den kinesiske ambassaden at han skulle bli fjerna.

Det kjem fram i eit telefonreferat som administrasjonen i København, som er sitert av Jyllandsposten.

Ambassaden meinte statuen ville støta kinesiske turistar i byen og skapa eit dårleg forhold mellom Danmark og Kina.

I tillegg påstod dei at statuen var ein tryggingsrisiko, fordi det kunne føra til opptøyar.

Trass førespurnadene frå ambassaden, fekk statuen som no blir sendt til Oslo stå.

Den kinesiske ambassaden i Noreg.

Den kinesiske ambassaden i Noreg.

Foto: Håkon Marius Brustad / NRK

Egenæs reknar med det vil skapa reaksjonar også frå den kinesiske ambassaden i Noreg.

– Me lev i eit land med ytringsfridom, så det må dei tola.

– Ikkje i strid med Kinas kjerneinteresser

I 2016 inngjekk Noreg og Kina ein ny avtale for å normalisera forholdet mellom seg, etter fleire år med ein iskald front.

Bakgrunnen for dette var at Den norske nobelkomiteen gav fredsprisen til den kinesiske regimekritikaren Liu Xiaobo.

Avtalen er kritisert for å avgrensa Noreg sitt handlingsrom ovanfor Kina. Årsaka er at det i avtalen står at Noreg skal respektera Kinas sine kjerneinteresser.

Ifølge avtalen er det Noreg sitt ansvar å ikkje gjera forholdet surare igjen.

Generalsekretær Egenæs meiner oppreisinga av denne statuen ikkje strid med denne avtala.

John Peder Egenæs

Generalsekretær i Amnesty International Noreg, John Peder Egenæs.

Foto: Bjørn Olav Nordahl / NRK

Kan kinesiske myndigheiter seia at dette er eit brot på denne avtalen?

– Det kan henda dei prøver seg på det, men då håper eg verkeleg at norske myndigheiter reiser seg og gjer det dei påstår at dei kan gjera trass i denne avtala, nemleg kritisera Kina for sine menneskerettsbrot.

– Må ta eit tøffare standpunkt

Årsdagen til massakren skal markerast ved statuen i Universitetshagen i Oslo.

– Eg meiner Noreg må ta eit tøffare standpunkt og revaluera forholdet sitt med Kina.

Det seier Steven Huiching Yip, som er nestleiar i Hongkongkomiteen i Noreg. Han fortel at det ikkje er mogleg å halda ei slik markering i Hongkong no.

– Det er veldig trist at me ikkje lenger kan gjera det i Hongkong.

Nestleiar i Hongkongkomiteen i Noreg, Steven Huiching Yip, i Universitetshagen i Oslo.

Nestleiar i Hongkongkomiteen i Noreg, Steven Huiching Yip, i Universitetshagen i Oslo.

Foto: Håkon Marius Brustad / NRK

Han meiner statuen minner oss om at det er studentar som ofrar mest for fridom og demokrati.

Det var studentar som starta protestane ved Den himmelske freds plass, og det var studentar som starta å protestera i 2019, seier han.

Vil minna om skamfulle hendingar

Den opphavlege statuen blei laga av den danske kunstnaren Jens Galschiøt.

Statuen i Hongkong er ein av fire statuar i Galschiøts kunstserie som skal minna og åtvara folk om det han omtalar som skamfulle hendingar som aldri burde ha skjedd.

I 2020 sette kunstnaren opp ein versjon av «Skamsøyla» føre Folketinget i København.

Statuen skulle visa støtte til folket i Hongkong etter at kinesiske myndigheiter innførte ei ny nasjonal tryggingslov.

Lova gjev styresmaktene rett til å slå hardt ned på kritikarar av det kinesiske styret i territoriet.

Oppsummering av nattens hendelser i Beijing, med massakren på Den himmelske freds plass.

Oppsummering av hendingane i Beijing natt til 4. juni 1989.

– Vil ikkje stoppe utviklinga

NRK har vore i kontakt med den kinesiske ambassaden i Oslo, som svarer i ein e-post.

Dei skriv blant anna at demokrati og fridom «er grunnleggande rettar det kinesiske folket nyt godt av».

Den kinesiske ambassaden hevdar vidare at «visse institusjonar ikkje vil opne auga for fakta og sanning», og at desse «fleire gonger har sverta Kina og blanda seg inn i landet sine saker, under dekke av menneskerettane».

– Kina vil ikkje stoppe utviklinga på grunn av enkeltståande støy, heiter det i e-posten.

Til slutt skriv ambassaden at dei håpar og trur at det norske folket «ikkje vil la seg lure av desse individa», men er interessert i å «lære meir om eit ekte og fargerikt Kina, med ei objektiv og rasjonell haldning».

AKTUELT NÅ