Hopp til innhold

Ser nye trendar i korleis nordmenn handlar på Black Friday

Men vi held fram med å handle for stadig meir, viser tala.

Juleshopping og «Black Friday» i Karl Johans gate

Mange tok turen til Karl Johans gate på Black Friday, ei av Oslos mest populære handlegater.

Foto: Erik Johansen / NTB

Black Friday er framleis årets største handledag.

Handelsorganisasjonen Virke anslo at nordmenn i år vil bruke 3,3 milliardar kroner på Black Friday. Totalt gjennom Black Week vil vi dra kortet for 16,5 milliardar, ifølge prognosane.

Dei endelege tala får vi om nokre dagar, men hovudinntrykket er klart:

– Det ser ut til at vi har handla mykje på Black Week, altså gjennom veka, og ikkje så mykje på Black Friday, seier Jarle Hammerstad, leiar for handelspolitikk i Virke.

Dette er i tråd med trenden dei har sett dei siste åra. Black Friday-rekorden sette vi i 2019, då vi handla for 3,7 milliardar på ein dag.

– Det var eit toppår, og vi trur nok ikkje at vi kjem tilbake dit.

Jarle Hammerstad i Virke

Ifølge målingar på nettransaksjonar har vi handla meir på nett denne veka enn tidlegare, seier Jarle Hammerstad, leiar for handelspolitikk i Virke.

Foto: Lena Jarstad / NRK

I tillegg har Black Week har blitt ein integrert del av julehandelen, fortel Hammerstad.

– Vi har sett ein forskyving frå desember. Den siste veka i november blir ein sterkare del av julehandelen frå år til år.

Kommersiell leiar i Vipps, Vegar Heir, går langt i å varsle om Black Friday sin død.

– Vi har gått frå Black Friday som årets største shoppedag til ei heil veke der netthandelen ligg på rekordnivå. Det har vore 120 prosent fleire kjøp med Vipps på nett denne veka enn førre Black Week, seier Heir.

Størst vekst på nett

Den andre trenden som peiker seg ut i år, er at vi handlar meir og meir på nett. Det var uventa, meiner handelsanalytikar og salssjef Ardalan Fadai i Nets Online Payments.

– I går såg vi ein vekst på 4,2 prosent samanlikna med i fjor. Det er ganske overraskande i og med at samfunnet var nedstengt i fjor, og vi forventa at handelen ville flytte seg til dei fysiske butikkane i år, seier Fadai.

Ardalan Fadai, salgssjef i Nets Online Payments

Handelsanalytikar i Nets, Ardalan Fadai, har undersøkt korleis nordmenn har handla på 100 nettbutikkar under Black Week.

Foto: NETS

Også dette året har vi brukt meir pengar. Ifølge ei undersøking Nets gjorde i forkant av Black Week planla gjennomsnittsnordmannen å bruke 2692 kroner denne veka.

– Ser vi veka under eitt er vi opp 8,5 prosent, sett mot i fjor. Det er ein reell auke, seier Fadai.

Posten opplyser til NRK at det ligg an til å bli minst like travelt for dei i år som i fjor på denne tida.

– Vi hadde rekordhøge pakkevolum i fjor, vi ligg på same nivå no. Men eg ville ikkje blitt overraska om vi får endå fleire pakkar, seier pressesjef Kenneth Tjønndal Pettersen.

Nesten halvparten av all netthandel går gjennom betalingsløysinga til Klarna. Dei kallar gårsdagens Black Friday for «tidenes største norske netthandelsdag».

– Det blei jo ein sterk vekst i netthandelen under korona, der ein var tvungen til å handle på andre måtar. Men vi ser at folk har oppdaga kor enkelt det kan vere å sitte heime i ro og fred og samanlikne prisar og få ting sendt heim, seier marknadsdirektør Thomas Elvestad.

– Den veksten kjem nok til å fortsette framover, spår han.

Pakkekaos på postterminalen i Bergen

Julehandel i kombinasjon med Black Week fører til stor pågang hos Posten.

Foto: Vilde Midtbø Ulsten / NRK

Stadig fleire misliker Black Friday

Men stadig fleire blir også meir negative til den populære handleperioden. Ifølge ei undersøking Nets gjennomførte i forkant av Black Friday svarte 33 prosent at dei var misfornøgde med shoppinghøgtida.

– Og det er ein trend vi har sett, at fleire meiner dette tyder på overforbruk og at ein kjøper ting ein ikkje treng, fortel Fadai.

Fleire butikkar seier også at dei ikkje vil gjennomføre Black Friday-kampanje i år, seier Hammerstad i Virke.

– Fleire legg vekt på berekraft, og det slår ut på korleis dei ser på Black Friday. Det kan også vere økonomiske årsaker til det, for det kostar å ha tilbod.

Gjennom hausten har vi også hatt ei fraktkrise i store delar av verda.

– Mange fryktar at lagera vil gå tomme innan jul, og då er ein litt forsiktig no, seier Hammerstad.

Black Friday

Fleire butikkar snur, og vel å ikkje ha Black Friday-tilbod i år.

Foto: Erik Johansen / NTB

AKTUELT NÅ