Ap-toppar i Trøndelag takkar for seg: – Politikken blir overskugga av konflikter

Vel eit år før kommunevalet er det stort fråfall i Ap-bastionen Trøndelag. Sentrale Ap-toppar vil ikkje vere med i politikken lenger.

Anne Marit Mevassvik

TYNGA: Utfordringane i partiet påverkar Anne Marit Mevassvik, fylkesleiar i Trøndelag Ap. No forlet ho politikken.

Fylkesleiaren i Trøndelag Ap, Anne Marit Mevassvik, seier takk og farvel. Det gjer også kommunalrådane i Trondheim, Geir Waage og Marek Jasinski. Leiar i hovudutval for kultur i fylket, May Britt Lagesen, seier nei til fire nye år.

– Det handlar fyrst og fremst om å få meir tid til familien. Men eg skal ikkje legge skjul på at utfordringane i partiet har tynga siste tida og påverka avgjerda, seier Lagesen til NRK.

Fylkesråd i Nord-Trøndelag May-Britt Lagesen

SEIER NEI TIL ATTVAL: Leiar i hovudutval for kultur, May Britt Lagesen (Ap) stiller ikkje til attval i 2019.

Foto: Kjell Roger Appfjell/NRK

11 av 28 ut av bystyret

– Eg er einig med Lagesen, det er ei krevjande tid for partiet vårt, der andre ting enn politikk tek for stor plass.

Det seier Kjersti Stenseng, Arbeiderpartiets partisekretær, som uttalar seg på vegne av Ap-leiinga.

Ledelsen i Arbeiderpartiet

EIT TUNGT ÅR: Partisekretær Kjersti Stenseng, nummer to frå høgre, under landsmøte i Aprbeiderpartiet i fjor.

Foto: Line Tomter / NRK

Arbeiderpartiet har tradisjonelt stått svært sterkt i Trøndelag, fylkeslaget er det desidert største i partiet. Men den profilerte fylkesordføraren Tore O. Sandvik har bede om betenkningstid i samband med å stille til attval neste år. I Trondheim har ordførar Rita Ottervik gjort det same, etter å ha sete som ordførar i 15 år.

Av kollegaene i bystyret har 11 allereie takka nei til attval. Blant dei er det unge stortalentet Eirik Schrøder, som har leia den viktige oppvekstkomiteen.

– For min del handlar avgjerda om logistikk. Eg har flytta til Oslo, og kjenner på at det ikkje er riktig å halde fram i Trondheim når eg bur så langt unna, seier Schrøder til NRK.

– Politikken blir overskugga av konflikter

Men for partifelle Lagesen handlar det om meir enn berre logistikk.

– Det er ingen tvil om at Ap har utfordringar, det ser vi tydeleg her i Trøndelag, kor mange vel å gå ut av politikken. Leiinga i partiet må rydde opp i problema partiet har. No blir politikken overskugga av konflikter, seier Lagesen.

– Korleis kan ein rydde opp i det?

– Ansvaret for å rydde opp og finne riktig handtering er leiinga sitt ansvar. Jonas Gahr Støre må gå i front på det, seier Lagesen.

– Mange har mista trua på at partiet kan løfte seg

Politisk kommentator Tone Sofie Aglen i Adresseavisa har fulgt Ap-krisa i Trøndelag. Ho meiner det er samansette årsaker til at mange no vil ut.

Tone Sofie Aglen

HANDLAR MYKJE OM KYSTAD-SKANDALEN: Tone Sofie Aglen er politisk kommentator i Adresseavisa. Ho peiker på Kystad-skandalen og Giske-bråket.

Foto: NRK

– Det er ingen tvil om at det er store problem i Trondheim Ap, og det handlar mykje om den såkalla Kystad-skandalen. Og i Trøndelag har det vore tungt for mange alt som har skjedd kring Giske. Han er ein leiarfigur her, seier Aglen.

Kvifor skjer det no?

– Mange er oppgitt og har mista trua på at partiet er i stand til å løfte seg på målingane, og då vel dei å heller takke for seg.

– Kor alvorleg er det for partiet at det er fråfall nettopp i Trøndelag?

– Trøndelag har vore Ap sitt kjerneområde, med jamnt resultat på 40-talet i val etter val. Og Trondheim har vore eit utstillingsvindauge. At Ap fell så kraftig og har så mange demotiverte politikarar i Trøndelag, er eit alvorleg signal for partiet.

– Tek situasjonen på alvor

I dag har Ap-leiinga hatt møte med flykesleiarane. Kjersti Stenseng seier at dei «tek den krevjande situasjonen på alvor».

– Det var eit godt møte med fylkesleiarane, og det er brei einigheit om kva som er jobben no: Fokus på vår partiorganisasjon som er godt i gong med politikkutvikling og nominasjon mot eit nytt lokalval. Leiinga tek den krevjande situasjonen på alvor og jobbar kvar einaste dag for at partiet skal styrke seg framover, sier partisekretær Stenseng.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger