Hopp til innhold

– Trur boligprisane aukar

Sentralbanksjef Øystein Olsen er uroa for kva konsekvensar kraftige endringar i verdsøkonomien kan føre med seg. Men for nordmenn flest kan det gå mot økonomisk lysare tider.

Sentralbanksjef Øystein Olsen

Sentralbanksjef Øystein Olsen meiner nordmenn går lysare økonomiske tider i møte. Men han er uroa for kva konsekvensar internasjonale forhold kan få på verdsøkonomien.

Foto: Hallvard Norum / NRK

Det siste året har blant anna amerikanske tollmurar, forholdet mellom Storbritannia og EU og ei byrjande uro i finansmarknadane ført til spenning i den internasjonale økonomien. Korleis desse tinga utviklar seg i 2019 vil ha mykje å seie for den internasjonale økonomien, seier sentralbanksjef Øystein Olsen.

– Ja, det er auka uvisse internasjonalt. Brå og store endringar vil kunne få konsekvensar for verdsøkonomien.

Det har blitt vanskelegare å spå om framtida for Noregs Bank. Men Olsen trur likevel at Storbritannia skal kunne finne ei løysing på brexit som ikkje påverkar det store biletet. Han ser også positivt på at USA og Kina har teke ein pause i handelskrigen, og at det er auka forståing mellom USA og Europa.

Renteauke

Noregs Bank heldt styringsrenta uendra i desember. Men dei varsla samtidig at rentene var på veg opp, og at den første renteendringa ville kunne kome i mars. Men trass i at mange vil få auka renteutgifter det neste året, går nordmenn mot lysare økonomiske tider, seier sentralbanksjefen.

– Husstandane samla sett som gruppe får betre råd i det biletet vi teiknar framover. Sjølv om renta går opp og renteutgiftene aukar. Det skjer rett og slett fordi økonomien veks og sysselsettinga aukar. Folk vil få ein reallønsvekst dei neste åra som trumfar auka renter.

I takt med auka bustadprisar, er det mange som sit på høge bustadlån. Desse vil nok merke det, seier Olsen. Men han trur også desse vil kunne nyte godt av dei lysare utsiktene.

– Dei som har svært høg gjeld, vil nok merke at utgiftene aukar, og at dei kanskje må stramme inn på andre område. Men samla sett kjem fok til å få auka kjøpekraft dei neste åra.

Framleis auke i bustadprisane

Sentralbanksjefen har tidlegare vore uroa for bustadprisane, og kva konsekvensar dei kan få for norsk økonomi. Seinast for eitt år sidan frykta Olsen at eit fall i bustadprisane skulle føre til at planane for heving av rentene.

Men også på bustadmarknaden meiner han at han ser positive signal. Han meiner vi er i ferd med å gå inn for ei mjuk landing i marknaden.

– Dei neste åra ser vi for oss ein vekst i bustadprisane på to til tre prosent. Vi ser at det er god omsetning i bustadmarknaden. Det blir også bygd ny bustader, sjølv om bygginga og investeringane har gått noko ned frå eit veldig høgt nivå.

Boligbygging på Kruttverket i Nittedal

Det blir framleis bygd nye bustader i Noreg, sjølv om utbyggingstakten og investeringane er noko lågare enn for nokre år sidan. Noregs Bank trur på framleis stigning i bustadprisane i åra som kjem.

Foto: Olav Juven / NRK

AKTUELT NÅ