Hopp til innhold

Senterpartiet vil tilbake til forhandlingsbordet

– Alle partia må fire på krava, seier Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum. Partiet tek opp att forhandlingane om langtidsbudsjettet til Forsvaret.

Trygve Slagsvold Vedum

VIL FORHANDLE: Senterpartiet ønskjer å delta i forhandlingane om langtidsbudsjettet til Forsvaret. Det sa partileiar Trygve Slagsvold Vedum på sentralstyremøte i Senterpartiet måndag føremiddag.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Vi har heile tida gitt klar beskjed at vi ønskjer å kome tilbake til forhandlingsbordet, seier partileiar Trygve Slagsvold Vedum.

Den siste veka har Høgre, Framstegspartiet og Arbeidarpartiet åleine forhandla om langtidsplanen for Forsvaret.

Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre tok i førre veke ei pause frå samtalane. Sosialistisk Venstreparti har trekt seg frå forhandlingane fordi partiet mellom anna ikkje ville godta innkjøp av 52 F-35 kampfly.

Må fire på krava

– Alle parti må leggje vekk nokre kjepphestar, seier Vedum.

Han understrekar at det er viktig for Noreg at partia er så samde som mogleg om tryggingspolitikken.

Senterpartiet, Venstre og KrF har vore tydelege på at dei ønskje meir satsing på hæren.

– For oss er det viktig å styrke hæren og heimevernet, seier Vedum, som ønskjer å stokke om på investeringane for å løyve meir pengar til landforsvaret.

Har de noko å gi på dette området?

– Vi må ha noko å gi, og det må alle andre parti også.

Vil verne om heimevernet

Ifølgje Vedum står Senterpartiet fast ved vedtaket om kampfly dei gjorde i førre periode. Dei står også fast ved vedtaket om innkjøp av ubåtar.

Partiet meiner derimot at det bør vere ein diskusjon rundt overvakingsfly.

– I sum blir det så dyrt at dersom vi ikkje finn andre midlar så går det utover heimevernet og hæren.

AKTUELT NÅ