Hopp til innhold

Slår til mot regjeringa sin forsvarspolitikk

Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum vil samle opposisjonen på Stortinget i ein allianse for å stemme ned regjeringa sin politikk for landmakta i forsvaret.

Senterpartileder Trygve Slagsvold Vedum skal forsøke å samle opposisjonen om å kreve større heimevern og helikoptre til hæren.

Trygve Slagsvold Vedum vil ha med seg Arbeiderpartiet, KrF, Venstre og SV i ein felles allianse for å styrke den norske landmakta; Hæren og Heimevernet.

– Forslaget regjeringa har lagt fram om korleis landmakta skal vere vil byggje ned nærværet til Heimevernet og svekkje kapasiteten til Hæren, seier Vedum.

Ei ny langtidsmelding for forsvaret, «Kampkraft og berekraft», vart i fjor lagt fram av regjeringa og fekk fleirtal i Stortinget med støtte frå Arbeiderpartiet.

Detaljane om korleis regjeringa vil utvikle Hæren og Heimevernet vart lagt fram førre veke. Innhaldet imponerer ikkje Vedum som vil ha med seg opposisjonen for å sikre;

  • Helikopter til Hæren.
  • Styrking av Heimevernet i heile landet
  • Gjenoppretting av Sjøheimevernet
  • Og at 2. bataljon framleis skal vere ei ståande avdeling

Debatt og uro

Opposisjonen og fagmiljø har uttrykt støtte for dei store linjene, men også vore skeptisk til delar av planane til regjeringa. Blant anna forslaget om å leggje ned helikopterbasen på Bardufoss eller uvisse rundt bemanning og organisering av Heimevernet.

– Det har vore stor uro internt i Heimevernet og Hæren, og fleire toppar har reagert på planane som er lagt fram, seier Vedum og siktar blant anna til då Heimevern-sjef Tor Rune Raabye trua med å trekkje seg i sommar.

Men då tidlegare forsvarsminister Ine Eriksen Søreide presenterte planane for nettopp Hæren og Heimevernet førre veke, var både leiar for Hæren, leiar for Heimevernet og forsvarssjefen roa over planane.

Nøkkeloverrekkelse, Frank Bakke Jensen tar over forsvarsministerposten etter Ine Eriksen Søreide

INGEN KOMMENTAR: Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen ynskjer ikkje å gå i noko debatt med Senterpartiet på noverande tidspunkt.

Foto: Mariam Butt / NTB scanpix

Nyutnemnd forsvarsminister Frank Bakke-Jensen ynskjer ikkje å kommentere saka.

Men han sa til NRK under nøkkeloverrekkinga i Forsvarsdepartementet fredag, at han støttar regjeringa sin forsvarspolitikk og ikkje ynskjer å gå inn i noko debatt på noverande tidspunkt.

  • Politisk kvarter: Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum møter Michael Tetzschner i Høgre og Anniken Huitfeldt i Arbeiderpartiet til debatt i Politisk kvarter måndag.

Høyre frykter at Ap vil la seg bruke i politisk spill

– Eg er samd med Senterpartiet når dei fremmar kritikk mot landmaktsplanen, men eg trur likevel vi skal starte forhandlingane med alle partia til stades, seier leiar for utanriks- og forsvarskomiteen i Stortinget, Anniken Huitfeldt (Ap)

Ho seier samtidig at det vil vere fruktbart å samsnakke med Senterpartiet før forhandlingane startar. Huitfeldt lovar at Ap skal vere ansvarlege.

– Eg er ikkje med på ein overbodspolitikk, og vi skal ha pengar til det vi vedtek innanfor ansvarlege rammer. Men vi må sjå på konsekvensane av ramma. Då vi forhandla med regjeringspartia sist, auka rammene. Det trur eg må til denne gongen også, seier Huitfeldt.

Forsvarspolitisk talsperson Michael Tetzschner i Høgre meiner Sp driv politisk spel om landmaktsplanen.

– Det fleirtalet Vedum prøver å få på plass er eigentleg eit fleirtal mot tidlegare forlik og ei ramme det har vore semje om. Eg blir nedslått når ein tek ut enkeltelement i enkelte kommunar der Sp vil gjere seg populære. Eg har framleis trua på at Ap står ved tidlegare forlik og ikkje blir ei brikke for Sp, seier Tetzschner.

AKTUELT NÅ