Hopp til innhold

Senterpartiet opnar landsmøtet

Senterpartiet vil blåsa nytt liv i kampen om lokalsjukehusa og fødeavdelingar når dei i dag opnar sitt 2011-landsmøte.

Video Senterpartiet sitt landsmøte 2011

Senterpartiet held landsmøte i Stjørdal. Sjå direktesendinga frå klokka 10.00.

Opningstalen til partileiar Liv Signe Navarsete kan du sjå direkte i videospelaren over frå klokka 10.00.

Dei tre kommande dagane er Sp-folket samla i Stjørdal i Nord-Trøndelag. Spørsmålet om lokalsjukehusa kjem til å bli eit heitt tema på årets landsmøtet.

– Ingen lokalsjukehus vil verta nedlagde, seier Navarsete til NTB i forkant av møtet.

Skepsisen til dei regionale helseføretaka er stor i partiet. Navarsete vil arbeida for ein reform av dagens modell med sterkare lokal styring.

Sp-kronprinsen skal veljast

Sp vil også bruka samlinga til å markera sin eigenart og til å vedta eigne kortprogram for sine «sos-saker» - skule, omsorg og samferdsel.

I tillegg skal den nye olje- og energiministeren, Ola Borten Moe, tre inn i rolla som ny nestleiar i partiet.

AKTUELT NÅ