NRK Meny
Normal

Senterpartiet avgjer skjebnen til oktoberbarna

På eit møte klokka ni, skal Senterpartiet avgjere om dei vil stemme for Arbeidarpartiet sitt forslag om å gi einslege, mindreårige asylsøkarar som har fått avslag ny behandling.

Muntlig spørretime i Stortinget.

Jonas Gahr Støre og Arbeidarpartiet vil at fleire einslege, mindreårige asylsøkarar skal få prøvd sakene sine på nytt. I dag skal saka opp i Stortinget.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Tysdag avgjer Stortinget kva som skal skje med einslege, mindreårige asylsøkarar, som har fått avslag på søknaden, og som skal sendast ut av Noreg. Dei såkalla «oktoberbarna». Måndag kveld kom Arbeidarpartiet med forslaget om at alle dei som har fått behandla og avslått søknaden sin sidan oktober i fjor til i dag, skal få behandla saka på nytt opp mot sårbarheitskriterium.

I eit møte som startar klokka ni, skal Senterpartiet avgjere kva dei vil stemme når saka kjem opp i Stortinget klokka ti. SV har sagt at dei vil støtte forslaget frå Arbeidarpartiet. Også Venstre og KrF er samde i hovudintensjonen i forslaget.

– Open invitasjon til menneskesmuglarar

I fjor stemte Arbeidarpartiet saman med Høgre og Frp for innstrammingar i asylpolitikken,

Jon Helgheim

Innvandringspolitisk talsperson i Frp, Jon Helgheim, meiner Noreg sender eit uheldig signal dersom det blir fleirtal for forslaget frå Ap.

Foto: Harald Inderhaug / NRK

som førte til at fleire unge asylsøkarar berre fekk vere her midlertidig. Det at Ap no opnar for at fleire av desse no får ny behandling, sender eit uheldig signal, seier innvandringspolitisk talsperson i Frp, Jon Helgheim:

– Arbeidarpartiet forlèt no ei ansvarleg linje i innvandringspolitikken. Dersom dette forslaget blir vedteke i dag, sender det eit uheldig signal og ein open invitasjon til menneskesmuglarar.

Han meiner den tidlegare avtalepartnaren med dette seier at fleire av dei som ikkje har krav på vern, no likevel skal få bli. Men det avviser partileiar Jonas Gahr Støre i Arbeidarpartiet.

– Vi ønsker ein meir human innvandringspolitikk, der vi gir ei særleg sårbare gruppe ei ekstra vurdering. Men dersom du ikkje har behov for vern, skal du ut.

Støre trur på fleirtal

Støre seier Ap framleis ønsker å føre ein stram asylpolitikk, og at det var difor dei stemte med regjeringa i forliket i fjor. Men han meiner samtidig at regjeringa har forvalta forliket på ein dårleg måte.

– Regjeringa med Frp i spissen har gått lengre enn det vi blei samde om. Og vi meiner instruksen frå innvandringsministeren til UDI om å innskjerpe moglegheita for å bruke skjøn må bort.

Støre seier han har informert Senterpartiet om innhaldet i forslaget dei har kome med, og at han trur det vil bli fleirtal på Stortinget for forslaget.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger