Hopp til innhold

4 av 5 Sp-ordførarar er positive til innvandring. Men sentralt har partiet ein annan politikk.

Senterpartiets politikk legg opp til «meir kontrollert» innvandring. Det kan føre til folkenedgang i norske bygder.

Trygve Slagsvold Vedum under Arendalsuka.

Trygve Slagsvold Vedum, leiar i Senterpartiet, ønskjer det han kallar ein meir kontrollert innvandring.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Det blir nok mykje vanskelegare for oss om Noreg ikkje respekterer EØS-avtalen. Då vil det skape mykje meir problem med inn- og utreising, og løyve til å bu og jobbe i Noreg, seier Sebastian Bujnicka.

Han kjem frå Polen, men har budd i Gloppen kommune i Vestland i 13 år. Der jobbar han som servicekoordinator ved bedrifta Probad. Han er ein av mange arbeidsinnvandrarar som har busett seg i ei norsk bygd.

Folketalsnedgangen stansa då EU vart utvida

I mange år gjekk folketalet i landets minst sentrale kommunar jamt nedover. Men i 2004 snudde det. «Redninga» kom frå Aust-Europa, via Brussel.

Sebastian Bujnicka er servicekoordinator ved Probad i Gloppen, og polakk som har busett seg i Noreg.

Sebastian Bujnicka kom til Noreg for 13 år sidan. Saman med kona og deira to barn er dei med på å halde folketalet i Gloppen stabilt.

Foto: Benedikte Grov / NRK SOGN OG FJORDANE

Åtte austeuropeiske land vart med i EU, og på grunn av EØS-avtalen kunne arbeidsinnvandrarar reise til Noreg for å jobbe.

Endringa er tydeleg i statistikken, også når ein går inn og ser på detaljert statistikk for kvar kommune. I sum har innvandring før til at nedgangen i landets 209 minst sentrale kommunar har snudd frå klar nedgang, til litt oppgang.

Sp-ordførarar er positive til innvandring

NRK har spurt alle landets ordførarar kva innvandring betyr for deira kommune. 118 av 135 Senterparti-ordførarar svarte, og dei fleste representerer små distriktskommunar. Av desse svarte:

  • 81 prosent at innvandring er «ganske viktig» eller «svært viktig» for å halde oppe innbyggjartalet i kommunen.
  • 69 prosent meiner innvandring er «ganske viktig» eller «svært viktig» for at kommunen skal kunne halde oppe tenestetilbodet sitt.
  • 78 prosent meiner innvandring er «ganske viktig» eller «svært viktig» for å skape meir aktivitet i kommunen.
  • 64 prosent meiner innvandring er «ganske viktig» eller «svært viktig» for at kommunen skal få tak på riktig arbeidskraft.

Ein av kommunane kor talet på innvandrarar har skote i vêret dei siste åra er nettopp Gloppen i Vestland. Den lokale bedrifta Strukturplast er blant dei som nyt godt av arbeidskrafta frå utlandet.

– Dei er utruleg viktige for at vi skal greie å halde oppe produksjonen her, seier Frode Lindvik, som er administrerande direktør i Strukturplast.

Verksemda har 55 tilsette med 13 ulike nasjonalitetar. Fleire kjem frå EØS-land i Aust-Europa. I fjor var bedrifta éi av to i Vestland som fekk ein mangfaldspris av IMDi for integreringsarbeidet sitt.

Ein del av dei som er skeptiske til arbeidsinnvandring meiner at denne innvandringa fører til lågare lønningar og færre jobbar til nordmenn, samtidig som innvandrarar ikkje vert buande i Noreg over tid.

Strukturplast seier at dei ikkje ønsker pendlarar, men folk som vil etablere seg og bli verande i Gloppen.

– Vi hjelper folk med å finne bustad og tilbyr norskopplæring som vi betaler for når kurset er bestått, fortel Lindvik.

På Austrheim vil ein ung tilflyttar etablere eit nytt bustadfelt. Men Vestland fylkeskommune meiner området er av stor kulturhistorisk verdi og vurderer motsegn.

Gloppen kommune har fått pris for sitt integreringsarbeid. Innvandring har blitt viktig for å halde folketalet i kommunen stabilt.

Foto: Ronny Solheim

Vedum: Me treng eit meir regulert arbeidsliv

Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum snakkar mykje om kva som trengst for å skape gode lokalsamfunn der folk vil bu, og korleis ein kan få opp innbyggjartalet i norske småkommunar.

Men av alt som er gjort for å stanse sentraliseringa i Noreg, så er det ingenting som har vore så effektivt som å signere EØS-avtalen. Denne avtalen har Senterpartiet alltid vore mot.

Trygve Slagvold Vedum

Trygve Slagsvold Vedum vil ut av EØS og ha færre flyktningar enn regjeringa, sjølv om innvandring har vore viktig for norske bygder.

Foto: MATTIS WILHELMSEN / NRK

– Kva tenkjer du om at EØS-avtalen er med på å redde folketalet i norske bygder?

– Det er utruleg mange flinke arbeidsinnvandrarar, og det kjem me til å trenge framover. Men det me ønskjer er ein meir regulert arbeidsinnvandring, slik at det også vert betre solide og skikkelege arbeidsvilkår for dei som har praktiske jobbar, seier Trygve Slagsvold Vedum.

Han gjentek den same bodskapen når han vert bedt om å sjå nærare på statistikken, som viser at folketalsnedgangen stansa opp etter EU-utvidinga i 2004.

Vil ha ny EØS-avtale

Det er delte meiningar om EØS internt i Senterpartiet, og på landsmøtet tidlegare i år mjukna partiet litt opp ved å seie at det skal på plass ein ny avtale, før den eksisterande eventuelt vert sagt opp.

Det er ikkje kjent om denne alternative avtalen er tenkt å opne for fri arbeidsinnvandring frå EU-land, men ifølge Vedum vil norske bygder også i framtida vere avhengige av arbeidsinnvandring.

– Me er alle glade for å få nye naboar. Men sjølvsagt må innvandringspolitikken handle om arbeidsmarknaden. At ein får tryggleik, at folk vert integrert, og at ein ikkje får store sosiale problem over tid. For om ein ikkje lukkast med integreringa, så får ein store problem over tid, seier Vedum.

Også positive til flyktningar

Senterpartiet snakkar ikkje så ofte om innvandring, men i debatt med leiar i Framstegspartiet, Sylvi Listhaug, sa Trygve Slagsvold Vedum i mai at dei ønskjer å ta mot 2.000 kvoteflyktningar. Det er færre enn dei 3.000 regjeringa no har landa på at Noreg skal ta mot årleg. Dei vil heller prioritere hjelp i dei såkalla nærområda.

Også når det kjem til flyktningar er haldningane hos Senterpartiets ordførarar på kollisjonskurs med den politikken partiet fører i Stortinget.

  • 90 prosent er litt eller heilt einige i at flyktningar stort sett er bra for deira kommune.
  • 79 prosent er litt eller heilt einige i at kommunen deira bør ta mot fleire flyktningar i åra som kjem.

Samtidig svarer 27 prosent av Sp-ordførarane at dei er litt eller heilt einige i at det er utfordrande for deira kommune å busette flyktningar, og 50 prosent seier at det er vanskeleg å få flyktningar til å bli buande i kommunen etter introduksjonsprogrammet.

Forskjellen mellom senterpartistar lokalt og nasjonalt kan ha samanheng med kven som må ta kostnaden for flyktningar.

Staten overfører pengar til kommunar som tek mot flyktningar, og i integreringsarbeidet som følger med på lasset kan føre til attraktive jobbar i små distriktskommunar.

Vedum vil spreie flyktningar meir utover

Vedum står fast på at dei ikkje vil ha fleire kvoteflyktningar, men er samtidig kritisk til at mindre kommunar ikkje vert prioriterte når flyktningar skal busettast.

– Det må bli betre spreiing av busetting, for regjeringa har forsøkt å stramme inn slik at dei minste kommunane ikkje kan få busette flyktningar.

– Men det er jo ikkje så mange å spreie om ein berre tek mot 2.000 i året?

– I våre budsjett har me sagt at me skal bruke like mykje ressursar som til 3.000. Men om me kan bruke fleire ved å ta mot 2.000 her, og hjelpe fleire i nærområda, så er me opne for det, seier Vedum, som legg til at det er viktig å ha kontroll på innvandringa for å kunne drive god integrering.

Ministeren som er ansvarleg for integreringa, Venstres Guri Melby, sa til NRK i sommar at også regjeringa er opptekne av å fordele flyktningar utover landet.

AKTUELT NÅ