Hopp til innhold

Fengselsdirektør: – Eg er uroa for helsa til Breivik

Fengselsdirektøren ved Ila Fengsel sender i dag eit brev til folkehelsekontoret i Bærum, der han ber om at poliklinikken i kommunen gjer ei eiga undersøking av den mentale helsetilstanden til Anders Behring Breivik.

Knut Bjarkeid

Knut Bjarkeid er fengselsdirektør ved Ila fengsel i Bærum, der Anders Behring Breivik sit i varetekt. Han er uroa for helsa til Breivik, og ber fengselslegen om ei undersøking av psyken hans.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

– Eg sit på kunnskap som gjer meg uroa for helsa hans (Breivik, journ. merk.), og sender i ettermiddag ei uromelding til fengselslegen, seier fengselsdirektør Knut Bjarkeid.

Han vil ikkje gå ut med det fullstendige innhaldet i brevet, men seier at han i eitt av punkt viser til dei sakkunnige rettspsykiatrane sin rapport, som kom tysdag, og ber om ei utgreiing for behandling av Breivik.

– Sakkunnig-rapporten gir opplysningar om at han har eit behandlingsbehov. Helsevesenet har ikkje tilgang til denne rapporten, difor er fengselet plikta til å informera helsevesenet om at han det er behov for å vurdera han for behandling av psykiske lidingar, forklarer Bjarkeid.

– Alvorleg psykisk sjuke skal ikkje sitja i fengsel, legg han til.

– Klar om ei veke eller to

Når fengselslegen får brevet, vil han visa Breivik til poliklinikken ved Distriktspsykiatrisk senter i Sandvika. Der har dei eit eige «Ila-team» som har behandlingsansvaret for fangane på Ila. Ila-teamet består av psykiater Arnhild Flikke og tre psykologar.

Gjennom samtalar med Breivik skal gruppa vurdera om den terrorsikta er psykotisk og bør bli overførd til psykiatrien, slik dei sakkunnige har konkludert med. Dei vil også sjå på kva type behandling han eventuelt bør få.

Flikke fortel at dei har hatt samtalar med Breivik kvar veke sidan han kom til Ila fengsel. Ho har allereie gjort seg opp ei meining om sinnstilstanden hans.

Det vil difor ikkje ta meir enn ei til to veker før Ila-teamet kan levera sin konklusjon om Behring Breiviks psyke.

– Han går i vanleg behandling og me fører fortløpande journal. Eg gjorde mi vurdering av han i løpet av dei første samtalane, seier Flikke som ikkje vil gå inn på innhaldet i desse samtalane.

(Saka held fram under biletet)

Dikemark

Anders Behring Breivik kan bli flytta frå Ila fengsel til Dikemark regionale tryggingsavdeling i Bærum lenge før rettssaka mot han startar den 16. april 2012.

Foto: Camilla Wernersen

Kan vera usamde med rettspsykiatrane

I teorien kan Ila-teamet koma fram til at Breivik ikkje er psykotisk og dermed soningsdyktig. Det vil i tilfelle vera stikk i strid med diagnosen til dei sakkunnige, som meiner massedrapsmannen lir av paranoid schizofreni.

– Dersom det oppstår usemje om kvar Breivik skal sitja medan han er i varetekt, er det i siste instans retten som må fatta eit vedtak, opplyser tingrettsdommar i Oslo tingrett, Ina Strømstad.

Fengselsdirektøren seier det uansett er mange ting som må på plass før Breivik eventuelt kan bli overførd til psykiatrisk sjukehus.

– Dette er ikkje ei normal sak. Her blir tryggleiken eit vesentleg argument. Først må Breivik få ein diagnose. Deretter må ein diskutera riktig behandlingsopplegg. Etter det må me få på plass ein dialog mellom helsevesenet, politiet og kriminalomsorga på korleis ein kan tilfredsstilla hans krav som pasient på lik linke med andre pasientar og samfunnet sitt behov for tryggleik, opplyser Bjarkeid.

AKTUELT NÅ