NRK Meny
Normal

Sender hjelpe-delegasjon til Island

Regjeringa sender i dag ein delegasjon til Island for å diskutere norske hjelpetiltak.

Liv Signe Navarsete

- Dette kan vere starten på eit utvida hjelpeprogram, seier samferdsleminister Liv Signe Navarsete.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

- Island er hardt ramma av den globale finanskrisa. Noreg er villig til å hjelpe, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Geir Haarde

Islands statsminister Geir Haarde.

Foto: NRK

- Regjeringa sender ein embetsmannsdelegasjon for å drøfte situasjonen på Island med styresmaktene der. Dei vil diskutere vegen vidare og kva Noreg kan stille opp med av eventuell hjelp og støtte, seier ho.

- Dette kan vere starten på eit utvida hjelpeprogram, seier Navarsete.

LES OGSÅ: - Politikerne har vist oss fingeren

Lånte 1,7 milliardar

Island lånte 1,7 milliardar kroner frå Noreg for om lag ei veke sidan. Men krisa på øya er djup, og både islendingar og nordmenn har ønskt at den norske regjeringa skulle gjere meir.

Derfor reiser gruppa på fire fagfolk frå regjeringsapparatet til Reykjavik for å finne ut om vi kan yte meir hjelp.

- Ytterlegare ramme for lån er eit alternativ, eksperthjelp er eit anna, og det kan kome opp andre forslag der dei islandske styresmaktene vil be om hjelp.

Initiativet har kome

Navarsete seier at regjeringa ikkje ville innleie ein slik prosess før det kom eit ønskje om det frå Island. No har initiativet kome.

- Det er eit søsterfolk i krise, og vi ønskjer å stille opp solidarisk for dei, seier ho.

LES OGSÅ: Små matlagre på Island

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger