Hopp til innhold

Semje i mekling i oljeoppgjeret – ingen streik

Partane hos riksmeklaren har blitt einige om sokkelavtalane. 845 oljearbeidarar slapp dermed å bli tatt ut i streik.

Njord A pg Floatel Superior

Både boreplattforma Njord A og bustadplattforma Floatel Superior kunne blitt ramma av streik dersom partane i sokkeloppgjeret ikkje blei samde. Njord-feltet ligg utanfor Midt-Noreg og er drivne av Equinor.

Foto: Equinor

Etter nesten tolv timar på overtid blei Norsk Olje og Gass einige med arbeidstakarforbunda. Resultatet gir offshoretilsette eit samla lønstillegg på 32.200 kroner.

– Vi er fornøgde med at vi har klart å kome til semje om eit krevjande oppgjer, seier forhandlingsleiar i Industri Energi, Lill-Heidi Bakkerud.

Den økonomiske ramma er i tråd med frontfaget. Om lag 7300 tilsette er omfatta av sokkelavtalane.

Dei to andre forbunda, Lederne og Safe, vil sende resultatet til uravstemming med svarfrist 30. juni.

Strakk seg langt

Norsk Olje og Gass seier dei har strekt seg langt i forhandlingane.

– Samtidig er vi tilfredse med at vi greidde å unngå ein arbeidskonflikt på norsk sokkel, seier forhandlingsleiar Elisabeth Brattebø Fenne.

No skal medlemmane i Safe avgjere om forhandlingsjobben var god nok.

– Det har vore to tøffe dagar med mekling her i Oslo. Tilbodet som til slutt låg i bordet valte Safe sitt forhandlingsutval å sende til uravstemming, seier forbundsleiar Hilde-Marit Rysst.

Vidare får boring og forpleiing får eit etterslepstillegg på 6238 kroner. Skift- og nattillegget blir auka med 4 kroner til 87 kroner per time.

Konferansetillegget blir auka med 5 kroner til 109 kroner per time. Godtgjeringa for heilagdagar går frå 2120 kroner til 2200 kroner per dag.

Riksmekler Mats Ruland

Riksmeklar Mats Ruland og medmeklar Richard Saue klarte til slutt å få til ei avtale for dei sokkeltilsette.

Foto: Helge Tvedten / NRK

Det generelle lønnstillegg og endring av satsane gjeld frå 1. juni 2022.

Kunne fått følgjer for oljeproduksjonen

Meklinga starta fredag. Dei tre fagforbunda; Safe, Lederne og Industri Energi måtte få hjelp av riksmeklar Mats Ruland for å bli einige med arbeidsgivarorganisasjonen Norsk Olje og Gass.

– Eg veit ikkje kor lenge vi blir sittande, skreiv riksmeklar Mats Ruland til NTB like før klokka 8.30.

Om det hadde blitt streik, kunne det fått følgjer for produksjonen på fleire felt, meiner Norsk olje og gass.

I tillegg er det for tida revisjonsstans på Valhall fram til 24. juni. Ein streik kan føre til at oppstarten må utsetjast, hevdar dei.

Industri Energi meiner derimot at streikeuttaket i utgangspunktet ikkje vil ramme produksjonen på norsk sokkel.

Vil ha auka kjøpekraft

Etter to dagar med forhandlingar i byrjinga av mai konstaterte partane at dei ikkje hadde klart å bli samde. Dermed bar det til mekling hos riksmeklar Mats Ruland.

– Vi går til meklinga med mål om auka kjøpekraft for medlemmene og vidareutvikling av tariffavtalane våre, seier Bakkerud.

Oseberg feltsenter

276 tilsette som jobbar med boring på mellom anna Oseberg-plattforma kan bli tatt ut i streik.

Foto: Øyvind Sætre, Aibel

Reallønnsvekst vart trekt fram som ei viktig brikke også av forbundsleiar Audun Ingvartsen i Lederne etter at forhandlingane vart brotne.

– Tilbodet var på nivå med frontfaget. Men den estimerte prisveksten i år, og den historiske lønnsutviklinga for dei sokkeltilsette med mellom anna reallønnsnedgang i fjor, tilsa at Lederne ikkje kunne godta eit tilbod som ikkje medførte reallønnsvekst, sa han.

Boring, forpleiing og operatørar

Dei tre fagforbunda varsla plassfråtreding for til saman 845 medlemmer. Desse ville blitt tatt ut i streik:

  • 251 operatørtilsette i Equinor som jobbar på Njord A og Johan Sverdrup fase 2, og dessutan medlemmer i Aker BP som arbeider på Valhall. (Industri Energi)
  • 46 medlemmer innan forpleiing som jobbar på tre bustadinnretningar – Safe Boreas, Floatel Endurance og Floatel Superior. (Industri Energi)
  • 276 medlemmer på boring som arbeider på installasjonane Oseberg B, Oseberg C; Oseberg Sør, Oseberg Aust, Ringhorne og Kvitebjørn. (Industri Energi).
  • 40 operatørtilsette blir tekne ut frå Oseberg Sør og Oseberg Aust, og dessutan Gudrun. (Safe)
  • 158 medlemmer på boring blir tekne ut frå Oseberg-felta, Ringhorne og Kvitebjørn, og dessutan vikarar. (Safe)
  • 74 operatørtilsette som jobbar på Gudrun, Oseberg Sør og Oseberg Aust. (Lederne).

AKTUELT NÅ