Hopp til innhold

Åtvarar mot selskap som vil fikse flyrefusjon for deg

Det skal vere gratis å få att pengane for ei flyreise som er blitt kansellert, men for Eldfrid Midtlyng vart det dyrt.

Eldfrid Midtlyng

MISNØGD:Flyrforsinkelser.no tok ein tredjedel av refusjonen til Eldfrid Midtlyng.

Foto: Knut Bløtekjær / NRK

Det er ikkje for å hjelpe folk, men for å tene mest mogleg pengar sjølv. Enkelt og greitt.

I haust var Eldfrid Midtlyng på ferietur i Italia.

Då flyreisa heim vart kansellert og ho ikkje kom noko veg med flyselskapet, tok ho kontakt med selskapet flyforsinkelser.no for å få hjelp.

Det er eit refusjonsselskap som hjelper kundar med å få kompensasjon eller pengar tilbake etter kanselleringar, forseinkingar eller overbooka fly.

Å få hjelp skulle vise seg å bli vanskeleg og dyrt, ifølgje Midtlyng.

– Eg er misfornøgd, seier ho.

Eldfrid Midtlyng på ferie

Eldfrid Midtlyng på ferie i Italia hausten 2021.

Foto: Privat

Tar ein tredjedel av refusjonen

Kanselleringa gjorde at ho måtte betale ekstra for hotell og fly. Dette ville ho ha pengar tilbake for.

Det fekk ho ikkje.

Eg fekk berre tilbake 400 euro, som alle har krav på, og så tok dei 34 prosent av det sjølv.

Eldfrid Midtlyng

Eldfrid Midtlyng kjem ikkje til å bruke flyforsinkelser.no igjen.

Foto: Knut Bløtekjær / NRK

Det finnast fleire nettstadar som tilbyr juridisk hjelp til flypassasjerar i møte med flyselskap. Nokre av tenestene er gratis, men om dei til dømes hjelper å hente inn att pengar for ei flyreise som vart kansellert, tar dei ein del av refusjonen til passasjeren.

Det gjekk også fleire månadar før Midtlyng fekk både pengane og svar tilbake frå flyforsinkelser.no.

– Gav dei inntrykk av at dette skulle vere lett?

– Ja i byrjinga såg det slik ut.

Ho er tydeleg på at ho ikkje kjem til å bruke selskapet igjen.

Les også Statsforvalteren vil vurdere å søke om fly-dispensasjon for helsepersonell

Elisabeth Vik Aspaker

Kan vere i strid med lova

Eigentleg skal det vere enkelt å løyse dette sjølv, og Forbrukarrådet kan til dømes hjelpe om ein har refusjonstrøbbel med eit flyselskap. Gratis.

– Det er ikkje noko forbod om å denne type ordningar, men det er viktig at forbrukarane ikkje blir villeia til å tru at dette er den einaste måten du har rettmessig krav på, seier Bente Øverli, avdelingsdirektør i Forbrukertilsynet.

Forbrukartilsynet stussar over denne praksisen, og seier at det finnast gode forbrukarrettar i Noreg når det er kansellering av fly.

Slik som mange har opplevd denne sommarferien med streik og køkaos.

Bente Øverli, fagdirektør i Forbrukartilsynet.

Bente Øverli, fagdirektør i Forbrukartilsynet seier at det er gode forbrukarrettar på kansellering av flyreiser i Noreg.

Foto: Karl Biehl / NRK

– Denne type retorikk kan vere villeiande

Øverli reagerer også på at det blir brukt påstandar som «stressande» og «vanskeleg» og «tidkrevjande» å sende eit refusjonskrav.

Ho peikar på ei heimeside til eit anna refusjonsselskap som heiter Airhelp.com.

– Det er ikkje så stressande og vanskeleg som mange av desse selskapa som tilbyr er rådgivarteneste skal ha det til, seier ho og legg til:

Skjermdump av Airhelp.no. 12.07.2022.

Fagdirektør i forbrukartilsynet seier at retorikken på heimesidene til selskap som AirHelp lett kan bli villeiande.

Foto: Skjermdump

Det å spele på den type retorikk kan lett bli villeiande og i strid med lova.

Forbrukartilsynet skal no sjå på praksisen og marknadsføringa til selskap som tar seg betalt for juridisk rådgjeving til flypassasjerar på nett.

På kritikken frå forbrukartilsynet om marknadsføringa på heimesidene, svarar AirHelp i ein e-post til NRK:

– Vi har vore vitne til situasjonar der flyselskap har gjort prosessen vanskeleg ved å krevje ekstra papirarbeid, stadfestingar eller ved å feilaktig avvise krav, skriv kommunikasjonsrådgivar AirHelp, Mira Poręba.

– Tilbyr ei teneste som er etterspurt

– Vi i flyforsinkelser.no er triste over å høyre at det er ein kunde som er misnøgd og som syns vi er for dyre, skriv administrerande direktør i flyforsinkelser.no, Johan Fugmann i ein e-post til NRK.

Han skriv at det ikkje er riktig at dei tar 34 prosent i gebyr, men at dei maks tar 30 prosent.

– Vi prøver heile tida å forbetre tenesta vår slik at flest mogleg kundar blir nøgde, skriv Fugmann og viser til at selskapet har ein høg skår på tenesta Trustpilot.

– Generelt meiner vi at vi tilbyr ei teneste som er spesielt relevant og etterspurt for tida, skriv han vidare og viser til flyplasskaoset og streikane den siste tida.

Kvifor skal kundar bruke flyforsinkelser.no når Forbrukarrådet er gratis?

– Vi gir oss ikkje, og er ikkje nøgd med eit avslag på feil grunnlag, svarar Fugmann.

Selskapet har også tilgang til databasar som viser status av forseinkingar og kanselleringar av det aktuhellet flyet. Det gjer at dei kan sende avslag i retten, forklarar han.

– Så langt har vi sendt fleire tusen av aviste krav til retten via våre advokatar i Europa. Vi har vunne 98 prosent av søksmåla, utdjupar Fugmann.

Han understrekar også at det er frivillig å bruke tenesta.

– Om du som passasjer føler du kan vinne saka sjølv, så kan du sjølvsagt gjere det.

AKTUELT NÅ