Hopp til innhold

Sel norske ID-kort på «Det mørke nettet»

Ei undersøking frå selskapet Trend Micro slår fast at det for 850 euro, rundt 8000 kroner, er mogleg å kjøpe seg eit nytt norsk ID-kort, pass og førarkort på nett.

Falske dokumenter beslaglagt av norsk politi

Dette er falske ID-dokument som norsk politi har teke beslag i. Problemet med forfalsking av pass, førarkort og ID-bevis er aukande.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Trend Micro har brukt eit program som heiter Deep Web Analyzer, eit verktøy som trengjer inn i den delen av Internett som ikkje er tilgjengeleg gjennom vanlege søkjemotorar. Det blir omtalt som «Deep Web» eller «Darknet».

På norsk blir denne delen av nettet ofte omtalt som Det skjulte nettet eller Det mørke nettet.

– Skremmande funn

– Vi har samla informasjon i denne delen av Internett i to år. Resultatet er skremmande. Forskingsdokumentet vi har lagt fram skal gi ei betre kunnskap om kva som går føre seg i «The Deep Web», og kva effektar dette kan ha i den verkelege verda, seier Thomas Næss, administrerande direktør i Trend Micro Norge.

Det skjulte samfunnet

Svindlarane blir stadig meir utspekulerte, og det er nesten ikkje grenser for kva som blir tilbode i Det skjulte nettet.

Foto: Marco Vaglieri / NRK

I 2013 avslørte FBI marknadsplassen «Silk Road» (Silkevegen), der det vart omsett store mengder narkotika.

Ifølgje forskingsrapporten til Trend Micro er det også andre ulovlege varer og tenester som blir omsette på den skjulte delen av Internett.

Selskapet har funne fleire nettstader som sel dokument som pass og kredittkort, ein ny identitet for ein billeg penge.

576.000 nettadresser

– Vi har samla inn meir enn 38 millionar hendingar, fordelte på over 576.000 nettadresser, fortel Thomas Næss.

Eit nytt norsk pass kostar 650 euro, og om ein legg til 100 euro får ein eit førarkort på kjøpet. For rundt 8000 kroner kan ein kjøpe ein komplett ID-pakke med ID-kort, pass og førarkort.

I tillegg er det mogleg å kjøpe andre kriminelle tenester som dokumentforfalsking, falske visum og stempel til passet.

Nettstaden skryt også av at dei kan registrere pass i offisielle statlege databasar, og dei tek også på seg å skanne originale dokument som kan brukast til ulovlege føremål.

Thomas Næss meiner det er overraskande at russisk er det nest mest brukte språket, etter engelsk, i det skjulte nettet. Han seier det er mykje som tyder på at Bitcoins er den mest brukte valutaen i den skjulte delen av Internett.

LES OGSÅ: Boblejakkemannen var en av de viktigste

LES OGSÅ: Prøv deg som kjeltring helt uten risiko

LES OGSÅ: Nordmenn legger til rette for kriminelle

Svært kraftig auke

Tidlegare denne veka avslørte NRK at det har vore ein svært kraftig auke i saker med misbruk av ID-dokument her i landet, med 866 slike saker, altså meir enn to saker kvar dag, skriv Nasjonalt ID-senter i ein fersk rapport.

Talet har auka jamt og trutt dei siste åra. Over 60 prosent av dei falske eller misbrukte dokumenta kom frå europeiske land, med Italia som verstingen.

I tillegg til dette er det ein aukande trend med såkalla «imposterbruk», at det blir brukt ekte pass eller ID-kort frå personar som liknar på dei sjølve.

AKTUELT NÅ