Hopp til innhold

Seier nei til smal firefelts motorveg

– Det er ingen samfunnsnytte i å gjera to-/trefelts vegar om til smale firefelts motorvegar, seier Vegdirektoratet.

Firefelts motorvei på E6 ved Kløfta i Akershus

Det er bygd ut mange kilometer firefelts motorveg rundt dei store byane, som her på E6 nord for Oslo.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Samferdselsminister Jon Georg Dale sa til NRK i fjor at han vil ha fleire firefelts vegar med fartsgrense 110 km/t rundt om i landet. Men han foreslo at vegane kunne vera smalare enn dagens, for dei bør byggjast billegare.

No har Vegdirektortet vurdert forslaget, og konklusjonen er klar, seier seksjonsleiar Gyda Grendstad i Vegdirektoratet:

– Ut frå dei case-studiane vi har foretatt har vi ikkje funne at det er meir nyttig med firefelts veg der ein kan kjøre i 110 km/t enn trefeltsveg med fartsgrense 90 km/t!

Ikkje samfunnsøkonomisk lønsam

Grendstad viser til mellom anna høge investeringskostnader ved firefelts vegar.

I dokumentet som er sendt ut på høyring no, går det fram at utbygging av 1000 km med to- og trefelts veg kostar samla mellom 125 og 200 milliarder kroner. Dei same strekningane med firefelts standard vil kosta mellom 200 og 500 milliarder kroner.

Auka kostnader i reine kroner er mellom 75 og 300 mrd.kr. Då hjelper det lite at tidskostnader vil vera til det beste for firefelts-alternativet.

I studien av nytte/kostnad av to-/trefelts veg og firefelts veg i fire konkrete prosjekt varierer skilnaden, men ikkje i nokon av utrekningane blir firefeltsvegen meir samfunnsøkonomisk lønsam enn to-/trefelts vei.

  • Investerings- og ulukkeskostnader vil vera lavast for to- og trefelts veg.
  • Konsekvensar som støy og arealinngrep er også større for firefelts veg enn for to- og trefelts-løysinga.
  • Kapasitetsmessig vil ein to- eller trefelts veg ha god avviklingskvalitet ved trafikk opp til omlag 15.000 kjøretøy i døgnet.

– Reisetid betyr mykje

Firefelts motorvei på E6 ved Kløfta i Akershus

Det er bygd ut mange kilometer firefelts motorveg rundt dei store byane, som her på E6 nord for Oslo.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Bakgrunnen for samferdselsministerens ønksje om meir firefelts-utbygging og fartsgrense på 110 km/t, var mellom anna at reisetid og framkomeleigheit betyr mykje for folk.

– Derfor er eg opptatt av at vi skal ha så høg fart som mogeleg så lenge trafikktryggleiken blir ivaretatt, sa Jon Georg Dale til NRK i fjor.

Det handlar om vegar med trafikk på mellom seks og tolv tusen kjøretøy i døgnet (ÅDT), og 1000 kilometer veg på ulike strekningar rundt om i landet.

Men også trafikktryggleiken talar for å satsa meir på to- og trefelts veg enn firefelts, seier Grendstad i Vegdirektortet.

– Det er lavare fart, og det er midtrekkverk og gode kryss på nye to- og trefelts vegar, akkurat som på firefelts vegar. Dermed er det etter vår vurdering sikrast på to-/trefelts veg.

Samferdselsminister Jon Georg Dale

Samferdselsminister Jon Georg Dale.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Marginal skilnad

– Men er risikoen for svekka trafikktryggleik så stor at han trumfar både lavare tidsbruk, kapasitetsauke og generell betre framkomelegheit?

– Vi legg ikkje fram forslag til vegstandardar som ikkje vi meiner er trafikksikre nok. Skilnaden mellom to-/trefelts og firefelts er marginal på trafikktryggleik, men den marginalen er til to-/trefeltsvegen sin fordel.

Men tidsbruken er til firefelts veg sin fordel, seier ho.

– Det er klart! Men kva ein vel å leggja vekt på då, må bli ei politisk avgjerd. Vi legg fram eit grunnlag for eit politisk vedtak, det er vår oppgåve, seier seksjonssjef Gyda Grendstad i Vegdirektoratet.

Statsråden svarar

Samferdselsministeren Jon Georg Dale er varsam med å kommentera rapporten no, men skriv i ein epost til NRK:

«Smal firefelts veg vil vera billegare enn full firefelts veg, og sjølv om smal firefelts kan vera dyrare enn 2/3 felts veg vil nytta av høgare fartsgrense kunne oppveia denne kostnadsskilnaden.»

Han vil avventa resultat av høyringa og Statens vegvesen sitt forslag til Samferdselsdepartementet i etterkant, og deretter deretter ta stilling til forslaga.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger