Hopp til innhold

Se og Hør om Vogue-reportasje: – Dette viser at vi hadde rett

Se og Hør-redaktør Ulf André Andersen meiner oppslaget med Marius Borg Høiby og kjærasten Juliane Snekkestad i Vogue, viser at dei oppsøkjer offentleg merksemd.

Faksimile frå Vogue.

OSLO-TIPS: Faksimile frå Vogue. Marius Borg Høiby og kjærasten Juliane Snekkestad gir lesarane av mote- og livsstilsmagasinet sine beste Oslo-tips.

I mars i år fekk Se og Hør kraftig kritikk frå det norske kongehuset for å ha omtalt at Marius Borg Høiby, sonen til kronprinsesse Mette-Marit, var kjærast med Juliane Snekkestad, og for å ha omtalt henne som Playboy-modell.

I kritikken frå kongehuset heitte det blant anna at det unge paret sjølve ikkje hadde noko ynskje om å stå fram offentleg, og at Marius Høiby ved fleire høve hadde gitt uttrykk for at han ikkje ynskjer merksemd i media omkring privatlivet sitt.

Viser fram Oslo

I den siste USA-utgåva av det franske mote- og livsstilsmagasinet Vogue viser Marius Borg Høiby og Juliane Snekkestad fram det Oslo har å by på når det gjeld mote, livsstil og uteliv.

Se og Hør-redaktør Ulf André Andersen.

SE OG HØR: – Oppslaget i Vogue viser at vi har hatt rett heile tida, seier sjefredaktør Ulf André Andersen i Se og Hør.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Dette byggjer opp under våre argument for å omtale Marius Borg Høiby og kjærasten. Oppslaget i Vogue viser at dei oppsøkjer publisitet, i motsetning til det kongehuset seier. Vi var i vår fulle rett til å skrive om forholdet mellom dei to i vår, seier sjefredaktør i Se og Hør, Ulf André Andersen, til NRK.

Han meiner Marius Borg Høiby er ein offentleg person, og at han dermed må rekne med medieinteresse.

– Vi har vore usamde med kongehuset heile tida, og vi har oppmoda dei til å ta saka til Pressens Faglege Utval (PFU), meiner Andersen.

Redaktør-støtte

Reidun Kjelling Nybø.

REDAKTØRFOREININGA: Reidun Kjelling Nybø er assisterande generalsekretær i Norsk Redaktørforening.

Foto: Mariam Butt / NTB scanpix

Se og Hør får støtte frå Norsk Redaktørforening. Nestleiar Reidun Kjelling Nybø meiner at oppslaget i Vogue er eit nytt eksempel på at Marius Borg Høiby aktivt søkjer offentleg merksemd rundt seg og privatlivet sitt.

– Han må sjølvsagt rekne med merksemd i media, både som følgje av valet av ei synleg rolle og som son av den framtidige norske dronninga, seier ho til NRK.

Det har i kveld ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå kongehuset.

AKTUELT NÅ