Hopp til innhold

SAS permitterer over 1000 medarbeidarar

Over 47.000 passasjerar blir ramma av konflikten av SAS og pilotane i selskapet i morgon. Samstundes blir i overkant av 1000 medarbeidarar i selskapet permitterte.

SAS pilot streik

SAS-streiken har ramma nesten 330.000 passasjerar.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

På ny må det streikeramma flyselskapet innstille sine flygingar. SAS varslar at mange hundre flygingar onsdag blir ramma.

I morgon innstiller selskapet 504 ruter. Det vil få konsekvensar for over 47.000 passasjerar.

– Dramatisk situasjon

Dei som no blir permitterte er i hovudsak kabintilsette. Rundt 930 av dei blir permitterte saman med 70 bakketilsette.

– Årsaka til at vi gjer dette er at det er ein belastande og dramatisk situasjon for selskapet. Streiken rammar passasjerane i ein skala vi ikkje har sett i moderne tid, seier informasjonssjef Knut Morten Johansen i SAS til NRK.

SAS-sjef Rickard Gustafson på Gardermoen onsdag der han snakket med pressen ang. eventuell SAS streik fra torsdag.
Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

– Eg er djupt bekymra over at streiken til pilotane ikkje er løyst og at han går utover kundane våre. Konsekvensen er alvorleg for alle reisande, for samfunnet og også for våre medarbeidarar som jobbar døgnet rundt for å hjelpe kundane, skriv SAS-sjef Rickard Gustafson ei pressemelding.

Fram til og 5. mai kan passasjerar som har planlagt å reise med SAS avbestille eller booke om billettane sine kostnadsfritt.

– For dei som er urolege for om streiken vil vare inn i mai, kan dei som har billettar innan 5. mai få booka om kostnadsfritt, seier informasjonssjef Knut Morten Johansen i SAS.

Dei fem fyrste dagane av streiken fekk nesten 280.000 passasjerar innstilt sine fly. No har streiken ramma nesten 330.000 reisande.

Selskapet opplyser at i dag er det rundt 330 fly som går som normalt.

Fastlåst situasjon

Flygarane i SAS har streika i snart fem dagar. Over 1400 flygarar i SAS er tekne ut i streik i Noreg, Sverige og Danmark.

Fredag morgon blei det brot i forhandlingane mellom Norsk Flygerforbund og Parat på den eine sida og NHO Luftfart på den andre sida.

Sidan forhandlingane braut saman har det ikkje vore kontakt mellom partane.

– Dei krava som pilotforeiningane stiller, vil innebere ein kostnadseksplosjon for SAS som på alvor trugar den langsiktige konkurranseevna og dermed alle medarbeidarane sin jobb, skriv SAS-sjefen i ei pressemelding.

SAS-streik

Over 2.800 SAS-flygingar er innstilt som følgje av streiken.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Selskapet tapar millionar kvar einaste dag streiken varer. Børsverdien rasar medan pilotane streikar.

– SAS har tydeleg uttrykt at vi er klare for å fortsette å forhandle og gjere kompromiss. Pilotforeiningane har enno ikkje signalisert at dei er klare for å sleppe sine ultimate krav og komme tilbake til forhandlingsbordet. Difor står vi i ein fastlåst situasjon, seier Gustafson.

Det rammar passasjerane. Mange har slite med å få hjelp frå SAS sin kundeservice.

– Det er eit intensivert arbeid for å kunne skape grunnlag for å komme saman i mekling igjen, og vi har oppfordra motparten til også vere konstruktive, men eg har ikkje kunnskap om status utover det, seier informasjonssjef Johansen.

Vil du møte nokon du er usamd med ansikt til ansikt? Da kan du bli med på Hele Noreg snakker! Start påmeldinga ved å svare på spørsmålet under

AKTUELT NÅ