Hopp til innhold

SAS med solid overskot

Flyselskapet SAS kan vise til eit resultat på 956 millionar svenske kroner dei siste tolv månadane. Likevel er det for tidleg å friskmelde selskapet, meiner flyekspert.

SAS fly letter fra Gardermoen

OPPTUR: For første gong på fleire år kan SAS vise til overskot.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Espen Andersen, førsteamenuensis BI

Espen Andersen, førsteamanuensis ved Handelshøyskolen BI, meiner SAS treng meir tid før selskapet er på beina igjen økonomisk.

Foto: Alexander Hagstadius
Eivind Roald

Selskapet må gjere endå fleire kutt, seier Eivind Roald, konserndirektør for kommersiell avdeling i SAS.

Før skatt var resultatet for årsperioden november 2014 til oktober i år på 1.417 millionar svenske kroner. I same periode året før gjekk SAS på eit underskot med 918 millionar svenske kroner i minus.

– Overskotet er ein kombinasjon av kostnadskutt, at trafikken går betre, og ein reduksjon i oljeprisen, seier Espen Andersen, førsteamanuensis ved Handelshøyskolen BI til NRK.

Dei siste åra har SAS kutta kostnadane med mange milliardar kroner. Men det er ikkje nok. Det er framleis behov for fleire kutt fordi driftskostnadane har auka det siste året, opplyser SAS-sjef Rickard Gustafson.

Konserndirektør for kommersiell avdeling i SAS, Eivind Roald, seier dei er audmjuke trass dei gode tala. Han samanliknar situasjonen med ein idrettsmann som har vunne gullmedalje i VM eller OL.

– Vi er førebudde på å møte hard konkurranse i året som kjem. Vi vil derfor halde fram med å redusere kostnadane slik at vi kan investere meir i produkt som kundane ønsker, seier Roald til NTB.

– For tidleg å friskmelde SAS

I tredje kvartal i år, frå august til oktober, oppnådde SAS eit resultat på 867 millionar kroner, samanlikna med 450 millionar kroner i same periode i fjor.

– Reint driftsmessig går det mykje betre enn det gjorde før, men dersom ein ser på den langsiktige, strategiske utviklinga, er hovudproblemet til SAS at dei er ganske små. Det kjem til å gjere seg gjeldande, særleg på rutene austover mot Asia. Anten må SAS ekspandere, eller finne seg gode partnarar meiner Andersen.

Han trur flyselskapet treng eit år eller to til før det er ute av det økonomiske uføret.

Lågare oljepris

SAS førebur seg på hardare konkurranse etter eit stabilt år. Kapasitetsveksten skal aukast, og det er viktig å kutte kostnadar for å ta opp kampen mot mellom andre Norwegian og Ryanair, påpeikar SAS i regnskapsrapporten.

– Vi har område i dag der vi bør redusere kostnadar. Mellom anna har vi enno ikkje fått ut effektar på IT-sida. Der ligg vi noko bak. Vi har òg noko å hente på outsourcing og eigedom, seier Roald.

Den tidlegare vedtatte planen om kostnadskutt på 2,1 milliardar kroner fram til 2017 gjelder framleis, og SAS skal levere varene, slår Roald fast. Konsernet vil òg få draghjelp av lågare oljepris, meiner han.

– Oljeprisfallet hadde enno ingen effekt i tredje kvartal, men no i siste kvartal ser vi effekt, og dette vil vi sjå meir av vidare. Det vil gje oss føreseielegheit i tida framover, seier Roald.

AKTUELT NÅ