NRK Meny
Normal

SAS innstiller avgangar

På grunn av ei eventuell opptrapping av streiken, har SAS kansellert rundt 100 flygingar fram til klokka 14 torsdag føremiddag.

SAS-fly

Dersom pilotstreiken blir trappa opp torsdag, blir mange SAS-fly sette på bakken.

Foto: Harald Albrigtsen / NRK

På heimesidene sine skriv SAS at dei bur seg på ei opptrapping av pilotstreiken i morgon. Dei har difor innstilt om lag 100 avgangar før klokka 14.

Fly med danske og svenske SAS-pilotar blir ikkje påverka, skriv selskapet.

Tidlegare i dag gjekk også SAS ut og oppmoda reisande til å endre reisene sine, dersom dei kunne det. Mange har følgd oppmodinga. Det har opp mot ein time ventetid på telefon hos SAS, og ventetida på chat har også vore lang.

Lang ventetid hos SAS

Mange har venta lenge for å få endre på reisene sine med SAS i dag.

Foto: Skjermdump

Konkurrenten Norwegian seier dei allereie merkar auka pågang på sine avgangar, som er i ferd med å bli utselde.

Mekling

Partane sit i møter hos Riksmeklaren i kveld for å prøve å finne ei løysing på konflikten. Dersom dei ikkje klarer det innan midnatt, kan pilotstreiken bli trappa opp i morgon tidleg. Då blir alle norske SAS-pilotar tekne ut i streik. På veg inn til møtet kalla SAS-leiinga krava frå pilotane for umoglege.

Dersom det skulle bli opptrapping i morgon, får det konsekvensar for mange reisande. Arrangørane av Sykkel-VM i Bergen fryktar at deltakarar ikkje skal nå fram tidsnok dersom det blir opptrapping. Mange andre, som Cecilie Rygh Todal som skal springe gjørmeløp i London i helga, må endre på planane sine.

Rettar ved opptrapping

Ann Hege Skogly

Ann Hege Skogly i Forbrukarrådet oppmodar dei reisande til å møte opp på flyplassen om det ikkje er opplyst om noko anna. Dersom ein ikkje møter, kan ein miste rettar knytt til avlysingar.

Foto: Ole Walter Jacobsen

Dersom SAS-flya med norske pilotar blir sette på bakken torsdag, minner Forbrukarrådet om at dei reisande har rettar om flyet ikkje går som følge av streik. Du har blant anna rett på å få tilbake pengane, eller få endra på bestillinga, eller reise på eit anna tidspunkt.

Forbrukarrådet seier mange ikkje er klar over desse rettane, fordi flyselskapa ikkje er så flinke til å kome med denne informasjonen. Men det er viktig å møte opp på flyplassen til avtalt tid, seier pressekontakt Ann Hege Skogly i Forbrukarrådet til NRK.

– Dersom du ikkje har fått melding om ikkje å møte på flyplassen, må du møte opp. Da har du rettane dine. Dersom du ikkje stiller, kan du gå glipp av eventuelle erstatningar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger