Hopp til innhold

SAS flyr med tomme seter

– Mange trur kanskje at alle ruter er kansellert, seier informasjonssjef i SAS Knut Morten Johansen.

SAS-streik

Mange SAS-fly står på bakken på grunn av storstreiken som starta fredag.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Fleire reisande trur flyet deira er innstilt på grunn av streiken i SAS. Dei siste dagane har selskapet opplevd at dei flya som følgjer vanleg rute, ikkje er fylt opp.

Storstreik i SAS

Knut Morten Johansen, informasjonssjef i SAS, seier fleire avgangar har hatt tomme seter.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

– Det er jo litt trist for dei som skulle hatt den plassen, seier informasjonssjef i SAS, Knut Morten Johansen.

– Flyr de rundt med ledige seter?

– Ja, vi har faktisk opplevd det. Vi har hjelpt nokon heilt til det siste, men det er viktig for oss å vere merksame på at fly også går. Bildet ikkje er heilsvart, seier Johansen.

Så langt har SAS innstilt 1589 avgangar sidan streiken starta fredag morgon. Over 1400 flygarar streikar.

Nye innstillingar i morgon

I morgon innstiller flyselskapet 587 avgangar. Det går utover 64.000 nye passasjerar. Til saman blir 170.000 passasjerar ramma av streiken denne helga.

No ber selskapet kundane vere merksame på at nokre ruter som går som planlagt.

– På våre nettsider kan ein sjå om flyet ein har, er ramma av streiken. Ser du at rutenummeret ditt står der, så går flyet, seier Johansen.

SAS har laga ein oversikt over kva flygingar som ikkje er ramma av streiken.

– Dei som gjerne skulle hatt dei ledige plassane som oppstår, må vere til stades på flyplassen og stå på venteliste på den aktuelle avgangen, seier Johansen.

– Streik er ekstra ille for flybransjen

– Streik er noko av det mest øydeleggande du kan ha for omdømmet og for kundeåtferd i etterkant, seier Pål Rasmus Silseth, høgskulelektor ved BI.

Særleg luftfartsbransjen er utsett fordi det er kritisk for tilliten i kundeforholdet, meiner Silseth.

Pål Rasmus Silseth

Streik er ekstra ille for flybransjen, meiner høgskulelektor ved BI Pål Rasmus Silseth.

Foto: Torbjørn Brovold / Handelshøyskolen BI

– Streik er ekstra ille for flybransjen fordi det får så store konsekvensar for forbrukarane. Det er ikkje reisa i seg sjølv som er målet til kundane, dei skal gjerne rekke noko anna. Dermed blir konsekvensen av at flya ikkje går, ekstremt store, seier Silseth.

I streikeramma SAS jobbar dei på spreng for å få passasjerane dit dei skal.

– Ein blir tatt vare på, trass i at ein ikkje reiser ut til flyplassen. Blir du utsett for ei kansellering, blir det sett i gang ein ombookingsprosess. Vi anbefaler at ein sjekkar om ein har fått ei ny bestilling. Vi har gjort store grep med å flytte passasjerar over til andre flyselskap, seier Johansen.

Silseth trur slike situasjonar vekker det negative kjensler hos forbrukarane. Spesielt viss dei ikkje har forståing for streik.

– Ein streik åleine er ikkje noko problem, men SAS har hatt ei lang historie med streikar. Gjennom målingar på kundetilfredsheit og kundelojalitet, har vi sett effekten av dei mange streikane dei hadde på 90- og 2000-talet. Det var ekstremt negativt, seier Silseth.

AKTUELT NÅ