Hopp til innhold

Sanner varslar ny skulekvardag frå 2020

Den norske skulen får nye læreplanar i 2020. I dag presenterte kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) kva som vert det viktigaste i kvart fag.

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) presenterte dei nye læreplanane for den norske skulen på Skøyen skule i Oslo i dag.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Vi fornyar faga og gir elevane rom for å lære meir og lære betre. Vi gir òg skulen eit verdiløft. Det vil forberede elevane betre for livet etter skulen og for framtida sitt arbeidsliv, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H).

Sidan 2016 har regjeringa jobba med å fornye innhaldet i skulefaga. Ifølgje departementet har fleire lærarar og rektorar gitt uttrykk for at dagens læreplanar har for mange tema, og at dei ikkje får tid til å gå i djupna på dei mest sentrale faga.

– Gi elevane den kompetansen dei treng

Steffen Handal er leiar i Utdanningsforbundet.

Steffen Handal i Utdanningsforbundet støttar regjeringa sitt forslag til nye læreplanar i skulen.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

No har Kunnskapsdepartementet lagt fram planen for 2020.

– Skulen må gi elevane den kompetansen dei treng i møte med samfunnet og arbeidslivet, seier Jan Tore Sanner.

Fagfornyinga er den største endringa i skulen sidan Kunnskapsløftet, som tredde i kraft i 2006.

– Dei nye læreplanane legg opp til at elevane i større grad skal forstå og kunne bruke kunnskapen frå faga i ulike situasjonar.

– Utdanningsforbundet kjem til å bidra

Leiar i Utdanningsforbundet, Steffen Handal, er positiv til dei nye kjerneelementa i skulen.

– Vi meiner retninga i dei nye kjerneelementa ser bra ut. Dei vil gjere det lettare å få det verdiløftet som skulen også treng, seier han.

 Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) tok seg også tid til å brette papirhattar saman med elevar ved Skøyen skule i dag.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Han takkar alle lærarane som har bidrege i prosessen så langt. Vidare i prosessen blir å sjå kva slags kompetansemål som skal ut av faga.

– Utdanningsforbundet kjem til å bidra. Det er viktig at lærarane er involverte, og så får vi sjå kva det endelege resultatet blir.

Ifølgje Handal er det viktig å få mindre overflatelæring og meir djupnelæring.

– Prøve ut andre former

– Det ser ut til at regjeringa no er villige til å prøve ut andre former enn det vi har i dag. Det er positivt at læreplangruppene ser på vurdering for kvart enkelt fag. Men om ikkje vurderingsformene blir endra, kan vi risikere at vi får nye læreplanar, men at sensorar held fram med ein gammal vurderingspraksis. Då får vi ikkje endringa vi ynskjer oss, seier Handal til NRK.

Martin Henriksen

Martin Henriksen er utdanningspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet.

Foto: Stortinget

Leiaren i Utdanningsforbundet seier at han sjølv er ein veldig spent optimist. Han meiner det er rett at det no blir færre kompetansemål i undervisninga.

– Eg trur dette er naudsynt. Vi treng færre og mindre omfattande kompetansemål, slik at elevane kan fordjupe seg meir, seier han.

Les heile stortingsmeldinga her

– På høg tid

Utdanningspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, Martin Henriksen, meiner det er på høg tid med fornying av faga i skulen. Han er likevel kritisk til at Jan Tore Sanner ikkje vil gå gjennom kvalitetsvurderingssystemet i skulen, samstundes med fagfornyinga.

– Skal dette verke må også testsystemet i skulen endrast. I dag måler vi kvalitet for snevert, og vi må også gå gjennom heile vurderingssystemet, også bruken av testar og prøver, for å sikre at det fremjar meir og betre læring, seier Henriksen.

Han er nøgd med at Sanner vil setje med ei gruppe for å sjå nærmare på eksamensordninga.

AKTUELT NÅ