NRK Meny
Normal

Kommune-nei skremmer ikkje Sanner

I 32 kommunar har innbyggjarane i dag sagt sitt om kva dei meiner om kommunesamanslåing. Nok ein gong får kommunereforma til regjeringa motstand.

Jan Tore Sanner

Kommunalminister Jan Tore Sanner er framleis optmist, trass i at kommunereforma til regjeringa møter motstand.

Foto: NRK

Motstanden er stor. Nok ein gong har mange innbyggjarar sagt nei til samanslåing med nabokommunen. I dei kommunale folkerøystingane måndag var det berre 9 av 32 kommunar som landa på samanslåing.

Resultata frå to av kommunane er enno ikkje klare.

Men det skremmer ikkje kommunalminister Jan Tore Sanner. Han vil ikkje vere med på at noko har vore uklart rundt den nye kommunereforma.

– Vi har diskutert behovet for store kommunar sidan starten av 90-talet, då Arbeidarpartiet reiste debatten. No treng vi større kommunar for å kunne gje innbyggjarane betre velferdstenester der dei bur, og kanskje særleg dei mest sårbare blant oss.

Også før dagens folkerøystingar har to av tre kommunar sagt nei til kommunesamanslåing. Men kommunereforma er likevel inga fiasko, meiner kommunalministeren.

– Nei, på ingen måte. Over 250 kommunar har inngått intensjonsavtalar. Det viser at lokalpolitikarane ser at dei står sterkare saman, enn kvar for seg, seier Sanner til NRK.

Ordførar må jobbe mot eige standpunkt

Det som kunne blitt Norges største kommunesamanslåing er no avblåst. Ordførar i Masfjorden, Karstein Totland, har fått eit klart nei frå sine eigne.

Karstein Totland

Ordførar i Masfjorden Karstein Totland fekk innbyggjarane mot seg.

Foto: NRK

Han er også leiar i regionrådet i Nordhordland, og ynskja samanslåing. No vil han jobbe for at dei skal halde fram som eigen kommune

– Eg heldt eit par 17. mai-talar her, og sa at «får vi eit klart svar av folket, så jobbar vi for det». Dette resultatet er så klart, at det må vi gjere, seier Totland.

Sju av ti stemte mot samanslåing i Masfjorden i Hordaland.

Små kommunar seier nei

Det er mange av innbyggjarane i dei små kommunane som i dag har sagt nei til samanslåing. I Leikanger seier innbyggjarane nei til ein storkommune i Sogn.

Aksel Mellingen

Aksel Mellingen plukka fram JA-setelen for å gi si støtte til ein storkommune i Sogn. Likevel blei det nei frå innbyggjarane i Leikanger.

Foto: ANJA HAMRE

– Overraskande resultat. Ut frå min vennekrins verka det for å vere stemning for storkommune, så eg er overraska over at det vart nei, seier Aksel Mellingen.

Eit nei til samanslåing kan som kjent gå utover inntektene til kommunane. Ja-kommunar som ikkje finn nokon å slå seg saman med, fryktar dei sit att med svarteper. For i det nye inntektssystemet for kommunane vil det bli færre midlar i budsjetta for dei som er «frivillig liten».

Avgjersle neste år

Tre av dei planlagde folkerøystingane i dag blei avlyst. Men sjølv om nokon av kommunane måtte avlyse i siste liten, er ikkje Sanner uroa for kommunereforma.

– Kommunane vel ulike måtar å høyre innbyggjarane sine på. Nokon gjer det gjennom folkerøysting, andre gjennom innbyggjarundersøking.

Men kan denne reforma verke litt rotete?

– Vi ynskjer ikkje ein sentralt styrt kommunereform. Vi ynskjer at det skal bygge på fri vilje og gode lokale prosessar. No høyrer kommunane på innbyggjarane sine og så skal lokalpolitikarane fatte ei avgjersle før sommaren. Før fylkesmenn, storting og regjering fattar endeleg avgjersler neste vår, seier kommunalministeren.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger