Hopp til innhold

Sandli og Ferstad trekkjer seg frå alle verv

Knut Sandli og Terje Ferstad, dei to som varsla om videoen av Trond Giske i februar, trekkjer seg frå alle verv i Fagforbundet.

Sandli skriv på sin eigen Facebook-profil i kveld at han trekkjer seg frå alle verv i Fagforbundet grunna press frå regionalt og sentralt hald. Det var VG som først melde dette.

Også Terje Ferstad har trekt seg frå sitt verv i forbundet som følgje av denne saka. Han var leiar for seksjon for Kontor- og administrasjon i Fagforbundet Sjukehus og helse i Oslo.

Det var 17. februar i år, godt ut på natta, at videoen vart teken opp på utestaden Bar Vulkan på Grünerløkka i Oslo. Videoen viste Giske som heldt rundt ei ung jente. Sundli sende ei uromelding til partisekretær i Arbeidarpartiet, Kjersti Stenseng.

Dette på bakgrunn av tidlegare varslar om Trond Giske si framferd.

Ikkje problematisk

Sandli har vore nestleiar i Fagforbundet sjukehus og helse i Oslo, som har over 5000 medlemer. Kvinna på videoen er medlem i same foreininga. Det viste seg at denne kvinna ikkje såg på videoen som problematisk, og at det var ho som hadde teke initiativet til å bli filma saman med Giske.

Kvinna, og venninna som filma seansen, sa seinare at dei kjende seg misbrukte i eit politisk spel .

Sundli skriv på Facebook at han trekkjer seg på grunn av oppstyret som har oppstått i samband med hans varsling i Giske-saka og Fagforbundet si handtering av dette. Han ynskjer at Fagforbundet ro til å arbeide med saker overfor medlemene, og han meiner at han kan vere til hinder for dette.

Han skriv samstundes at han er uroleg over korleis Fagforbundet sentralt har behandla denne saka, og at han har fått vite at han kunne bli suspendert om han ikkje gjekk av frivillig.

Fagforbundet kritisk til bekymringsmelding mot Giske-video

Avviser press

– For Fagforbundet på nasjonalt plan har det viktigaste i denne saka vore at dei to kvinnelege medlemene våre skal takast vare på best mogleg måte. Vi har sagt vi meiner dei to tillitsvalde burde ha snakka med dei to kvinnene før dei gjorde noko meir i saka. Utover dette er det den lokale fagforeininga som har handtert denne saka, i tråd med vedtektene våre, seier nestleiar i Fagforbundet, Sissel M. Skoghaug, i ein kommentar.

Ho avviser at dei har utøvd noko som helst press i denne saka.

AKTUELT NÅ