NRK Meny
Normal

Mista jobben etter trussel og åtvaringar – saksøkjer sjefane

Den eine var talentkandidat, men enda opp arbeidsledig. Den andre fekk oppseiing under ei sjukemelding sjefane meinte var uriktig. Slik mista sju tilsette jobben på 7-Eleven.

Dei to jobba på 7 Eleven Saga i Oslo

SAKSØKJER SJEFANE: Malik Rashid og Raja Qaisar Mahmood har mista jobben i 7-Eleven, no saksøkjer dei sjefane saman med tre av dei andre tilsette.

Foto: NRK

Du kjem aldri til å jobbe i ein Reitan-butikk igjen. Eg kjem personleg til å sørge for at du ikkje får jobb i Norge. Trust me! Eg har kontaktar og skal gjere det vanskeleg for deg.

Kjøpmann på 7-Eleven

Med denne trusselen fekk ein av dei tilsette overlevert oppseiing på ein 7-Eleven-kiosk i Oslo sentrum. Seljaren har gitt NRK tilgang på eit opptak frå hendinga, som han i skjul tok opp med mobiltelefonen.

Sju seljarar stod igjen utan jobb nokre månader etter at nye sjefar tok over kioskdrifta. Dei hevdar alle vart behandla på same måte.

7-Eleven-skilt

Sju tilsette på 7-Eleven i Oslo hevdar dei vart pressa ut av sjefane. Illustrasjonsfoto

Foto: NRK

No går fem av dei til retten i sak mot Reitan-kjøpmennene. Dei meiner oppseiingane er usaklege.

Dette skjer etter at dei tidlegare tilsette fekk tilbod om ein økonomisk kompensasjon frå kjeda, noko dei takka nei til.

– Utsagnet er uheldig, men dette skjedde etter at dei to kjøpmennene vart utsett for trakasserande åtferd over lengre tid. Her rant begeret over, seier Thea Kjendlie, kommunikasjonsrådgivar i Reitan Convenience.

Sjå den fulle forklaringa deira lenger ned i saka.

Frå talent til arbeidslaus og deprimert

NRK har møtt to av dei som mista jobben. Ikkje alle ynskjer å snakke opent med media, fordi dei fryktar å aldri få jobb igjen.

Raja Qaisar Mahmood har jobba sju år i Reitan, men mista jobben på dagen

Raja Qaisar Mahmood har jobba i Reitan i sju år. I dag er han arbeidsledig, slit med huslånet og går på medisinar for å få sove.

Foto: NRK

Raja Qaisar Mahmood har jobba på 7-Eleven i sju år. Han har hatt fleire ulike sjefar og var mogleg kandidat til talentprogrammet i Reitan.

– Draumen min er å ein gong drive eigen butikk.

Men etter at kiosken fekk nye sjefar stod Mahmood igjen som arbeidsledig.

– Eg har slite med søvn, gått ned i vekt og hatt angst. Depresjonen har gjort at eg må gå på medisinar, seier han.

Måtte jobbe då han hadde fri

I byrjinga gav dei nye sjefane Mahmood ansvar i butikken.

– Det verka som dei var nøgd med meg. Eg fekk ansvar for varebestilling, men måtte gjere dette på fritida, seier han.

Men i januar fekk dei sju tilsette oppseiing med val om å gå ned i stillingsprosenten eller slutte i jobben.

Etter det NRK erfarer var det behov for å få betra den økonomiske situasjonen i butikken, samt sørgje for meir fleksibilitet ved lågare stillingsprosentar.

Dei tilsette skulle ifølgje Mahmood få høgare stillingsprosentar tilbake seinare. Det skjedde aldri.

Dagvakter vart flytta til natt og omvendt, personalfordelar fjerna, fortel dei tilsette. Sjefane omtalte dei nye vaktene som ein test.

7-Eleven kunne ikkje gi Mahmood vakter basert på anbefalingar frå fastlegen

AVSLAG: Mahmood viste til sin fastlege som vurderte at han ikkje hadde helse til å ha nattevakter, men kjøpmennene ville ikkje endre vaktene.

Foto: NRK

– Eg kan ikkje jobbe natt på grunn av helsa mi. Eg var sjuk og hadde melding frå fastlegen, men det endra ingenting, fortel Mahmood.

Sjefane meinte det ikkje var «optimalt for drift av verksemda». Derfor fekk han råd om å finne seg jobb ein stad som passa betre.

Dermed heldt han fram med å vera sjukemeld.

Åtvaring for at det mangla ei krone i kassa

Dei tilsette fekk fleire skriftlege åtvaringar, blant anna for at:

  • ... det mangla ei krone i kassa.
  • ... det var tre kroner for mykje i kassa / ti kroner for mykje i kassa.
  • ... ei avis var registrert feil.
  • ... det mangla underskrift i rutinane.
  • ... musikk ikkje stod på i butikken.
  • ... ein kunde ikkje hadde oppgjeve nummeret sitt på ei kvittering for ein kaffi og croissant.
  • ...vekesrutiner ikkje var fyllt ut.

– Vi driv ein døgnopen butikk, då vert det alltid gjort feil her og der, seier Mahmood.

Skriftlege åtvaringar sendt til dei tilsette

ÅTVARINGAR: Seljarane fekk skriftlege åtvaringar på det dei meiner er småting, feil ein må rekne med i ein butikk som er open 24/7. Reitan Conveniece seier seljarane var vanskelege over lengre tid.

Mahmood og dei andre tilsette meiner dei nye kjøpmennene med vilje ville gjere arbeidsdagen vanskeleg for å presse dei ut av butikken.

– Dei utsette oss for eit stort press, store endringar på kort tid og følgde oss med overvakingskamera, hevdar Mahmood.

– Vi hadde ingen motivasjon igjen, sjølv om alle er glad i å jobbe, seier han.

Ein gong Mahmood kom på jobb fekk han ei skriftleg åtvaring fordi han talde kassa i butikken, men også for at han ikkje hadde byrja før vaktstart.

Her blir han bedt om å telle kassa før vaktstart

Her vert Mahmood bedt om å telje kassa før vaktstart.

Foto: Espen Breivik / NRK

– Det var ikkje slik at de saboterte for dei nye sjefane?

– Vi hadde alle gode forventningar i starten, men dei behandla oss ikkje riktig. Og så skjønar eg ikkje kvifor dei tilsette nye personar når det var behov for nedbemanning. Det handlar nok meir om at dei ville ha inn sine eigne, seier Mahmood.

Han viser til at kjøpmennene henta inn andre seljarar, trass i behovet for nedbemanning.

Hindra han i å få sjukepengar

Malik var tilsett på 7 Eleven

Malik Rashid fekk oppseiing då han låg sjukemeldt og skulle operere, ei sjukemelding sjefane meinte var uriktig.

Foto: NRK

Malik Rashid har jobba med sal og service sidan 2009. Då han fekk nye sjefar mista han fritid han var avhengig av å ha for å vere saman med barna sine.

Ifølgje Rashid fekk han ein periode utelukkande nattevakter då han hadde omsorg for dei to døtrene han har.

– Dette var ikkje noko problem med tidlegare sjef, seier han.

Rashid var ein periode sjuk og skulle operere. Han hadde smerter i venstre fot over ein lengre periode. Då han bad om sjukepengar skreiv sjefane til NAV at Rashid prøvde å snylte på staten ved å:

Her underkjenner kjøpmennene sjukemeldinga

Med dette brevet til NAV stoppa arbeidsgivarane sjukepengar til Rashid, sjølv om han hadde operert og var sjukemeldt.

Foto: Espen Breivik / NRK

«[ ...]reise til hjemlandet sitt og besøke foreldrene sine [ ...]. Kjøpmenn mener bruk av sykemelding i dette tilfellet er misbruk av sykepenger fra arbeidsgiver og NAV».

I realiteten var han ikkje i heimlandet, men vart operert på ortopedisk avdeling ved Martina Hansens Hospital i Bærum. Operasjonen innebar sterke smerter og legane bad han ta det roleg.

Like etter fekk han beskjed om at han ikkje hadde jobb lenger.

Tre oppseiingar til sju tilsette på tre månader

Det var i november 2016 dei nye kjøpmennene tok over 7-Eleven-kiosken. Den første oppseiinga kom i januar. Handel og Kontor meinte oppseiingane var ugyldige.

Uansett kom det ei ny oppseiing i mars.

Denne gongen var det ikkje omsynet til økonomien som var forklaringa, men forholdet til arbeidstakar, blant anna for å uttale seg «illojalt og upassande om kjøpmenn».

Kjøpmennene hadde skrive loggar på dei tilsette.

Dermed stod dei sju tilsette igjen arbeidsledig.

Thea Kjendelie i Reitan Convinience

BEHOV FOR OPPSEIING: Thea Kjendlie, kommunikasjonsrådgjevar i Reitan Convenience fortel at det har vore ein grundig prosess før seljarane fekk oppseiing. Kjøpmennene gjennomførte opplæring utan nytte, dei fekk ikkje respekt frå dei tilsette, seier ho.

Foto: NRK

Reitan: Seljarane motarbeidde sjefane

Reitan Convenience seier på si side at sjefane vart trakassert av dei tilsette. Kjøpmennene, som driv to sentrale kioskar i hovudstaden, har fått fleire anledningar til å uttale seg, men ynskjer ikkje å kommentere saka.

– Kjøpmennene har blitt motarbeidt frå dag éin. Seljarane har ikkje hatt respekt for dei som kvinnelege leiarar, seier Thea Kjendlie i Reitan Convenience.

– Alle dei oppsagde har bakgrunn frå andre land enn Norge, har det vore ein del av utfordringa?

– Vi har mange hundre butikkar med eit stort mangfald, det opplever vi som ein styrke.

– Dei tilsette meiner kjøpmennene hadde eit ynske om å presse dei ut, er det feil?

– Kjøpmennene har ein annan versjon, seier ho.

 Odd Reitan (foran) sønnene Ole Robert Reitan (th) og Magnus Reitan (tv)

REITAN: Eit familieeigd selskap som driv og eig kioskverksemda. Far Odd Reitan og sønene Magnus og Ole Robert Reitan er blant dei rikaste i Norge. Ingen i familien ville la seg intervjue.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

Kjendlie fortel at det har vore gjort grundige vurderingar saman med advokat.

– Kjøpmennene har hatt gjentatte forsøk på opplæring og rettleiing, men dei tidlegare tilsette har likevel ikkje gjennomført pålagde oppgåver på ein tilfredsstillande måte, seier ho.

Ho kan ikkje gå nærmare inn på kva råd Reitan har gitt kjøpmennene undervegs.

– Kva skal til for å få oppseiing i ein Reitan-kiosk?

– Kjøpmennene må følgje arbeidsmiljølova.

– Om det manglar ei kroner i kassa eller musikk ikkje står på, er det ein grunn for skriftleg åtvaring?

– Eg har gitt mitt svar i denne saka, seier Kjendlie som ikkje vil gå i detalj rundt påstandane dei tidlegare tilsette kjem med.

Advokaten: – Det er seljarane som er trakasserte

Dei tilsette skaffa seg advokat. Dette var først Randi Hagen Spydevold.

Advokat Randi Hagen Spydevold

GÅR TIL SAK: Advokat Randi Hagen Spydevold varslar at seljarane går til sak mot Reitan.

Foto: NRK

Ho meiner det er tragisk korleis dei tilsette har blitt behandla.

– Arbeidsmiljølova set høge krav til korleis ein skal behandle sine arbeidstakarar.

I opptaket vi har fått tilgang på hevdar kjøpmann at den eine seljaren har drive med seksuell trakassering, det er jo alvorleg?

– Ja, det er alvorleg, men vi har ikkje høyrd noko meir om slike påstandar, seier Spydevold. Ho meiner dei har kome med uriktige påstandar om seljarane.

Fem av seljarane saksøkjer no kjøpmennene i Oslo tingrett saman med advokat Else McClimans. Ho ynskjer ikkje å kommentere saka, men bekreftar at dei går til sak mot det ho meiner er usaklege oppseiingar.

Gardermoen: Tilsette pressa til å slutte

Tidlegare har NRK omtalt trugslar som vart sende til tilsette i Reitan sine Narvesen-kioskar på Gardermoen. 10-12 tilsette forlét butikken fordi dei ikkje orka leiarstilen til den nye sjefen, ifølgje ei kjelde NRK har snakka med.

Dette er utdrag frå meldingar sendt til dei tilsette på Narvesen-kioskar på Gardermoen frå den nye kjøpmannen.

Kjøpmannen fekk halde fram som sjef i kioskane, også etter at NRK omtalte saka.

– Her er det fleire kioskar der tilsette meiner dei er pressa ut av kjøpmenn, kva seier det om Reitan?

– Dette er to vidt forskjellige saker, seier Kjendlie.

Handel og Kontor er uroa for næringa

Trine Lise Sundnes, forbundsleder i Handel og Kontor

UROA: Forbundsleiar i Handel og Kontor Trine Lise Sundnes meiner lovregulering av driftsformene må på plass.

Foto: HK

Fagforeiningane meiner store kjeder sit på mykje makt når det gjeld kåra til dei som driv og arbeider i butikkane.

I mange sal- og servicenæringar er det vanleg med franchise-kontraktar, der kjøpmenn leiger eit kjedekonsept, men står aleine ansvarleg som sjølvstendig næringsdrivande.

– Slik sit eigarane med makta og bukta i begge ender, seier HK-leiar Trine Lise Sundnes.

Dei meiner dette kan gå ut over dei tilsette.

– Stramt regulerte kontraktar kan fører til frustrasjon som vidare går ut over dei tilsette, seier ho og legg til at arbeidsgivaransvaret likevel er stort, sjølv om tilsette i eit slikt system kan ha mindre å seie når det gjeld løn og arbeidsvilkår.

Handel og Kontor etterlyser eit lovverk på dette området.

Vil berre ha ein jobb å gå til

Dei to seljarane som valde å gå til NRK ynskjer ikkje jobb tilbake i den same kiosken, men håper å finne seg ein ny jobb så raskt som mogleg.

Reitan Convenience seier dei ikkje på nokon måte vil hindre seljarane i å få jobb i ein Reitan-kiosk andre stader.

– Dei står fritt til å søkje på dei jobbane dei ynskjer. Våre kjøpmenn er sjølvstendig næringsdrivande og vurderer sjølv kven dei tilsett, seier Kjendlie.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger