Normal

Sakkunnige skal vurdera skadane blant terroroffera

Oslo tingrett har oppnemnt to sakkunnige som skal vurdera dei psykiske skadeverknadene blant offera i terrorsaka.

Utøya

Det er rundt 800 fornærma i terrorsaka. Oslo tingrett ber om ei kartlegging av psykiske skadeverknader blant offera før Voldsoffererstatningskontoret skal handsama minst 2000 erstatningskrav.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / Afp

Psykiater Are Holen og psykolog Dagfinn Winje har fått mandat frå Oslo tingrett til å vurdera skadane blant offera etter 22.juli.

Les heile kunngjeringa frå Oslo tingrett her

Føremålet med oppnemninga av sakkunnige for offera er å ha ei psykiatrisk erklæring som rettesnor når Voldsoffererstatningskontoret skal handsama erstatningskrava til fornærma og etterlatne etter terrorhandlingane.

Retten ber særleg om ei utgreiing av moglege skadar blant unge, og kva konsekvensar ulike psykiske helseskadar kan medføra for skulegang, arbeid, sosialt og andre aktivitetar i kvardagen.

Dei sakkunnige skal også uttala seg om korleis medieeksponeringa påverkar offer med helseplager.

Endrar lovverket

Det er venta 3000-4000 erstatningskrav relaterte til terrorsaka. På grunn av det enorme omfanget blir det umogleg å handsama alle krava i løpet av rettssaka, slik ein vanlegvis ville gjort.

Det er no fremja eit lovforslag for Stortinget som opnar for direkte handsaming av erstatningssaker ved Kontoret for voldsoffererstatning i Vardø.

«Oslo tingrett ønsker å bidra til at erstatningskravene får en god behandling hos Voldsoffererstatningsmyndighetene. Tingretten har derfor (...) stilt seg positiv til å oppnevne sakkyndige for å utrede de psykiske skadevirkningene for ofrene i saken», heiter det i kunngjeringa frå retten om sakkunnige for terror-offera.

Vil ha fortgang

For å få den enorme bunken med erstatningssaker raskare gjennom, er det også oppretta ei pilotsaksgruppe som har fått i oppdrag å plukka ut 10-12 erstatningssaker som er representative og kan fungera som norm for dei mange tusen totalt.

– Me vil plukka ut saker som er typiske for ulike grupper. Ei sak kan vera for etterlatne etter dei som vart drepne. Ei anna sak kan handla om dei som var til stades på Utøya eller Regjeringskvartalet, men som ikkje fekk fysiske skadar, seier leiaren for pilotsaksgruppa, Christian Lundin til Aftenposten i dag.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger