Hopp til innhold

Rykka på melding om røyk - var røykmaskin

Brannvesenet rykka i 20-tida ut på melding om røyk ut av eit vindu, skriv BT. 110-sentralen kan opplyse NRK om at det berre var snakk «ein røykmaskin og god stemning». – Det er nokon som har vorspiel. Det blei sikkert endå betre stemning då brannvesen og politi kom, seier vaktleiar Stian Kvam ved 110-sentralen. Han fortel at dei er føre var når dei får meldingar om røyk, då det er vanskeleg å vite kva som skjer. – Varsle gjerne naboen om du skal ha fest, oppmodar han.

AKTUELT NÅ