Hopp til innhold

Forskar: – Dette er maktkamp på aller høgaste nivå

Hadde Russland rett til å invadere for å stoppe eit folkemord, eller har nettopp Russland gjort seg skuldig i det? Det skal Den internasjonale domstolen i Haag no ta stilling til.

Vladimir Putin

Ein FN-domstol skal avgjere om Vladimir Putins Russland har gjort seg skyldig i folkemord etter invasjonen av Ukraina.

Foto: MIKHAIL METZEL / AFP

24. februar 2022 sende Russland bakkestyrkar inn i Ukraina og gjekk til åtak på mål over heile landet.

Vladimir Putin grunngav mellom anna åtaka med å vilja verna dei russisk-vennlege i dei austlege delane av Ukraina mot forfølging og folkemord utført av ukrainske styresmakter.

Medan ukrainarane forsvarte seg på slagmarka, gjekk dei også til sak mot Russland.

Dei hevda at det russiske angrepet var basert på falske påstandar om at det gjekk føre seg eit folkemord mot etniske russarar i Donetsk og Luhansk.

Derfor skal Den internasjonale domstolen i Haag (ICJ) no avgjera spørsmålet.

Maktkamp

– Dette er definisjonsmaktkamp på aller høgaste nivå, seier Cecilie Hellestveit.

Ho er jurist og folkerettsekspert, og har følgt saka sidan Ukraina varsla domstolen to dagar etter invasjonen.

Cecilie Hellestveit fotografert utenfor Bare Jazz i Oslo sentrum.

Folkerettsekspert Cecilie Hellestveit.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

– Då hadde Ukraina førebudd seg ei stund. Det handlar om grunngjevinga frå Russland, som har hinta om folkemord frå ukrainsk side.

– No ynskjer Ukraina at domstolen tilbakeviser argumenta til Russland om folkemord, og dermed styrkjer Ukraina si sak om aggresjon, seier Hellestveit.

Russland ber FN avvise saka

Russland ber Den internasjonale domstolen avvise skuldinga om at dei har misbrukt FNs folkemordkonvensjon til å forsvare invasjonen.

Leiaren for Russlands advokatteam, Gennadij Kuzmin, hevdar at søksmålet er fullt av feil og i strid med dei juridiske prinsippa som domstolen er tufta på.

President of The International Court of Justice

Den internasjonale domstolen i Haag heldt ein rettshøyring om okkupasjonen av Krim og Øst-Ukraina 6. juni.

Foto: REMKO DE WAAL / AFP

Kuzmin har òg skulda Ukraina for å vise forakt for måten ein rettsprosess skal gå føre seg på.

Handlar om oppreising

Heile 32 land europeiske og vestlege land skal denne veka halde innlegg for å gje si støtte til Ukraina.

– Dersom ICJ skulle uttale at dette er aggresjon, eller klart slår fast at det ikkje er juridisk grunngjeving, styrkar det Ukraina si sak for at krigen skal kompenserast av Russland, seier Hellestveit.

Allereie 16. mars 2022 bad domstolen Russland om å stoppe krigen i Ukraina.

Avgjerda er bindande, men domstolen kan ikkje tvinge Russland til å føye seg.

Dagen etter uttalte Kreml sin talsperson Dmitrij Peskov at Russland ikkje ville ta omsyn til avgjerda.

Frå før er Vladimir Putin ettersøkt for krigsbrotsverk av den internasjonale straffedomstolen (ICC).

AKTUELT NÅ