NRK Meny
Normal

– Lovlydig russ fører til rekordlåge ulykkestal

Ulukker med russebilar og russebussar er meir enn halvert dei siste åra, viser tal frå forsikringsbransjen. – Tryggleik er viktig, det kjem eit liv etter russetida òg, seier russen på bussen Off The Wall 2017.

Ulukker med russebilar og russebussar er meir enn halvert dei siste åra. Det viser tal frå forsikringsbransjen. UP meiner dette viser at russen har blitt flinkare til å tenke tryggleik.

TRYGGLEIK FØR MORO: Dei gler seg mest til å rulle, dele ut russekort og å feste saman. Men ifølgje jentene på russebussen Off The Wall 2017 blir tryggleik prioritert før moro.

– No er aggregatet klart til vi skal ut og rulle i kveld.

Saga Svensson står på taket på russebussen Off The Wall 2017. Ho har akkurat sjekka apparatet som sørger for at lyden og lyset vil strøyme frå bussen når dei skal ut seinare.

Denne kontrollen er ein dagleg rutine russejentene har lagt til seg i løpet av dei første dagane av russetida.

Saga Svensson sjekker aggregatet på russebussen

KVARDAGSSJEKK: Russejentene på Off the Wall 2017 gjer ein rutinekontroll av bussen kvar dag. Bussen har fått godkjenning for å ha eit aggregat på taket.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

Sikringane i det elektriske skapet skal vere kopla riktig, dei skal vere sikre på at brannsløkkarapparatet står på plassen sin, og radiatoren skal vere i orden.

Jentene får òg hjelp av mekanikarar som hjelper dei med å kontrollere at alt er i orden.

– Vi er opptekne av tryggleik. Det kjem jo ei tid etter russetida òg, og handlingane no skal ikkje øydelegge for seinare, seier Svensson.

– Ufortent dårleg rykte

På starten av 2000-talet var det kvart år rundt 150 ulukker med russebilar og russebussar før 17. mai. Det viser skadetal frå forsikringsselskapet If.

Sigmund Clementz

SKRYT: Kommunikasjonsrådgjevar Sigmund Clementz i If meiner russen i dag har eit ufortent dårleg rykte.

Foto: IF skadeforsikring

I fjor var talet rekordlågt, då registrerte If 63 ulukker.

– Russen er meir skikkelege enn før, seier kommunikasjonsrådgjevar Sigmund Clementz i If, som trur talet vil halde seg lågt også i år.

Han meiner russen har eit ufortent dårleg rykte.

– Russen er snillare og meir lovlydige. Dessutan samarbeider dei godt med Statens vegvesen, som hjelper dei med å få bilar og bussar som har ein teknisk standard som held mål.

UP: Stoppar kvar einaste russebuss

UP-sjef Runar Karlsen

GÅR ETTER RUSSEN: UP-sjef Runar Karlsen trur russen har fått betre haldningar. – Dessutan har vi mange kontrollar, og russen vil ikkje bli tatt av politiet.

Foto: KJartan Rørslett / NRK

If får støtte av UP-sjef Runar Karlsen, som seier nedgangen i russeulukkene speglar ein trend: Det er færre ulukker på norske vegar. Han meiner òg russen er meir skikkeleg.

– Russen har fått betre haldningar. Dei leiger inn sjåførar, og bussane har blitt dyrare, dermed passar russen betre på, seier Karlsen.

At politiet skal stoppe kvar russebil og russebil når dei er ute på kontrollar er òg med på å få ned ulukkestala, trur UP-sjefen:

– Russen vil helst unngå bøter.

– Tryggleik er førsteprioritet

På bussen Off The Wall er den daglege rutinesjekken unnagjort. Då er alt klart til det jentene gler seg mest til den neste tida: Å rulle, dele ut russekort, og å feste saman.

Saga Svensson inne i russebussen

DAGLEG SJEKK: Saga Svensson er nøye på at alt som kan bli kontrollert i russebussen faktisk blir det.

Foto: Lokman Ghorbani / NRK

Men ifølgje Saga Svensson er det likevel tryggleiken som har førsteprioritet.

– Vi prøver å vere så forsiktige som vi klarer. Det er ikkje alt vi kan sikre oss mot, men vi gjer det vi kan for å hindre ulukker, seier ho.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger