Hopp til innhold

Rushtidsavgift inn til storbyane?

Biltrafikken inn til sentrum av dei store byane hopar seg opp og luftforureninga aukar. Skal bilstane betale for å sleppe inn?

Bilkø
Foto: Gunnar Lier / Scanpix

Det verkar i Sverige; i Stockholm gjekk folk over til kollektivtransport då rushtidsavgifta vart innført.

Vil tvinge kommunane

No vurderar samferdsleminister Liv Signe Navarsete og Senterpartiet å gå inn for rushtidsavgift i dei største byane her i landet.

- Vi ser aukande trafikk og store framkomstproblem på vegen. I tillegg er det mange astmatikarar som har store plagar med luftkvaliteten i dei store byane, seier ho.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

I valkampen sa dei raudgrøne at innføring av rushtidsavgift skulle vere frivillig. Før helga uttalte Navarsete at dersom ikkje kommunane ikkje innfører rushtidsavgift, kan det bli aktuelt å tvinge dei.

- Viss vi vil ta klimautfordringane og køproblematikken på alvor, må vi ta i bruk dei midlane som vi veit verkar. Rushtidsavgift er ikkje noko mål i seg sjølv, men eit middel som eg veit fungerar for å redusere køane, meiner statsråden.

- Alt for dyrt

Byrådsleiar i Bergen, Monica Mæland (H), meiner Navarsete bryt lovnaden om at regjeringa ikkje skal innføre rushtidsavgift mot kommunane sin vilje. Ho trur ikkje at rushtidsavgift hjelper.

- Ein har ingen eksempel på at rushtidsavgift faktisk verkar. Ein kan ikkje samanlikne Bergen, Trondheim eller Oslo med Stockholm, hevdar ho.

Mæland meiner bilistane allereie betaler nok for å køyre i byen.

- I Bergen krev vi bompengeavgift frå bilistane sju dagar i veka for å byggje ut naudsynt infrastruktur. Dette gjer vi lokalt fordi staten sviktar sine oppgåver. Innbyggjarane har derfor ganske store utgifter frå før, seier ho.

Byrådsleiaren meiner utgiftene blir for store for dei med minst å rutte med.

- Med 70 - 80 kroner per passering er eg er bekymra for dei med minst valfridom og mist pengar som ikkje kan bytte barnehagen, skulen eller arbeidsplassen sin, seier Mæland.

Vil betre kollektivtransporten

Aase Sætran (AP) i kommunalrådet i Trondheim, er einig i at privatbilismen må reduserast, men ho meiner rushtidsavgift er ein dårleg måte å løyse problemet på.

- I Trondheim er vi i gang med ei rekke andre tiltak for å redusere trafikken. Målet må vere å gjere kollektivtransporten så populær at folk tek buss i staden for bil, meiner ho.

Sætran vedgår at det hjelper å berre leggje tilrette for kollektivtransport, ein må også inn med restriksjonar på biltrafikk.

- Det finst andre måtar enn rushtidsavgift. Vi ynskjer fullføre ulike tiltak som vi har sett i gang i Trondheim, derfor går vi ikkje inn for rushtidsavgift denne perioden, seier ho.

AKTUELT NÅ