Hopp til innhold

Rotevatn om dårlege målingar: – Hadde ikkje gått betre om eg var leiar

Sveinung Rotevatn hadde tru på kraftig vekst då han kunngjorde at han ville bli leiar i Venstre. No slit partiet på målingane. Men Rotevatn er optimistisk, og har ingenting å utsetje på ho som fekk leiarvervet.

Sveinung Rotevatn foran Mjøsa

Mykje står på spel for Sveinung Rotevatn. Valet til hausten vil avgjere både om han kan halde fram som klima- og miljøminister, og om han får plass på Stortinget.

Foto: Knut-Øyvind Hagen / NRK

27. mai i fjor lanserte Sveinung Rotevatn seg sjølv som leiarkandidat i Venstre. Han sa at det bør vere realistisk med ei oppslutning på ti prosent for partiet.

Men i NRK si meiningsmåling for juni ligg Venstre på 2,7.

– Kva er det som har svikta så totalt for Venstre?

– Trygge i trua på Venstre

– Det har vore nokre år no med ein del uro rundt partiet, vi har vore i opposisjon, vi har vore i regjering med ulike samansetnader, vi har skifta partileiing. Det som det handlar om no, er å få venstreveljarane trygge i trua igjen på at det å stemme Venstre, som dei gjorde sist, det bør dei gjere igjen, seier Rotevatn.

Han vedgår at det blir utfordrande å lukkast.

– Det er ingen tvil om at det blir ein tøff jobb. For målingane er ikkje så gode som dei burde vere. Men eg er optimist. Vi har klart det før, og vi skal klare det igjen. På kort sikt no er det viktigast at vi klarer å komme oss over sperregrensa på fire prosent, slik vi har klart i to val på rad. På lang sikt må vi absolutt ha ein ambisjon om å bli eit mykje større parti.

Venstres nye ledertrio

Den nye leiartrioen i Venstre blei vald på landsmøtet 26. september 2020. Frå venstre: Abid Raja (nestleiar), Guri Melby (leiar), Sveinung Rotevatn (nestleiar).

Foto: Geir Olsen / NTB

– Stor tru på dette prosjektet

– Du ville bli leiar, du måtte nøye deg med å vere nestleiar. Ville det gått betre for Venstre dersom det var du som hadde fått leiarvervet?

– Nei, fordi eg synest at Guri Melby gjer ein veldig god jobb. Vi hadde fleire kandidatar som stilte opp, og så valde partiet Guri som leiar. Eg har slutta opp om det frå dag ein. Ho har gjort ein strålande jobb som kunnskapsminister, og eg har stor tru på dette prosjektet. Eg jobbar veldig godt med Guri og Abid i partileiinga, seier Rotevatn.

Og han legg til:

– Når eg trur at vi skal klare å vinne dette valet, er det ikkje minst fordi vi jobbar veldig godt saman.

Sveinung Rotevatn med laksefangsten sin

Det har blitt litt tid til laksefiske også denne sommaren. Men Rotevatn bruker mesteparten av sommaren på stemmefiske i Hordaland.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Manglar 200 stemmer

Sveinung Rotevatn kjem frå Nordfjordeid. I 2013–2017 sat han på Sogn og Fjordane-benken på Stortinget, og før den tid var han leiar i Unge Venstre.

I januar i fjor blei han klima- og miljøminister i Erna Solberg si regjering, etter å ha vore statssekretær i fleire år.

No vil han inn på Stortinget igjen, og stiller som førstekandidat i Hordaland. Han fekk topp-plasseringa etter ein thriller av ei kampvotering.

– Trur du at det blir det stortingsplass på deg?

– Ja, det trur eg. Men eg veit at det ikkje kjem av seg sjølv. Eg veit at vi må litt over fire prosent i Hordaland for at eg skal få det mandatet, og at vi på målingane no ligg litt under fire. På dei tettaste målingane har eg mangla rundt 200 stemmer på å komme inn. Dei stemmene skal eg få tak i, seier Rotevatn.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn, Afroz Shah og Aaditya Thackeray på strandrydding i India

På grunn av pandemien er det blitt få utanlandsreiser på Sveinung Rotevatn etter at han blei klima- og miljøminister. Men i februar i fjor besøkte han India. Her er han med på å fjerne plast frå mangroveskog på Dana Pani Beach utanfor Mumbai. Saman med han er miljøaktivist Afroz Shah (med caps) og Aaditya Thackeray, som er miljøvernminister i delstaten Maharashtra.

Foto: Eivind Molde / NRK

Stemmesanking heile sommaren

Akkurat no er Sveinung Rotevatn i London, der han deltar i internasjonale klimasamtalar i samband med klimatoppmøtet i Glasgow i november.

Men elles bruker han mesteparten av sommaren og tida fram til valet på å reise rundt i heile valdistriktet for å sanke stemmer.

– Dette er jo ein landsdel der mange har levd godt og lenge på både olje og gass og leveransar til maritim industri. Her er det alle mogelege føresetnader til å lukkast med både batteriferje, hydrogenproduksjon og flytande havvind. Vi må gjennomføre det grøne skiftet på ein god måte, der vi både legg til rette for næringsliv, vekst og utvikling, og stiller tøffe klimakrav. Eg meiner det er ingen som er betre til å forvalte det enn nettopp miljøpartiet Venstre, seier Rotevatn.

Breivik og Rotevatn

Terje Breivik (t.v.) er parlamentarisk leiar i Venstre, og har åtte år bak seg som stortingsrepresentant frå Hordaland. Men Sveinung Rotevatn vann kampen om førsteplassen på Hordaland si liste til stortingsvalet 2021.

Foto: Liv Aarberg

Konkurranse

Han kjenner seg sikker på at det er stort rom for eit grønt og liberalt sentrumsparti som Venstre i norsk politikk, slik det er i nabolanda våre.

– Vi konkurrerer jo både med MDG, Høgre og Arbeidarpartiet, og det er ein del veljarar som står og vippar mellom desse partia. Eg vil få veljarane til å sjå at viss dei vil ha eit parti som fører ein fornuftig næringspolitikk for vekst og utvikling, samtidig tar vare på natur og kuttar utslepp, og har eit liberalt sinnelag, då er det Venstre som er partiet dei bør stemme på, seier Rotevatn.

Høyr eit lengre intervju med Sveinung Rotevatn i Politisk sommarkvarter 26.07.2021.

AKTUELT NÅ