Hopp til innhold

Fekk knapt tre månader som statsråd

På fire år har Norge hatt fire ulike europaministrar, Marit Berger Røsland sat berre tre månader. No avviklast statsrådsposten.

Statsminister Erna Solberg presenterer de nye statsrådene.

UT AV REGJERING: Marit Berger Røsland (H) mistar posten som EU- og EØS-minister, ettersom Solberg-regjeringa legg ned statsrådposten onsdag.

Foto: Mariam Butt / NTB scanpix

– Det er absolutt betre enn å vere statssekretær, sa Marit Berger Røsland (H) då ho vart utnemnd som EU- og EØS-minister 20. oktober 2017. Den gong var ho ikkje i tvil om å takke ja til jobben. Ho var omtalt som ein av Erna Solberg sine eigne favorittar.

Knapt tre månader seinare mistar derimot Røsland statsrådsjobben. Ministerposten avviklast og Røsland vert truleg statssekretær igjen.

Europaministeren har hatt plass i Utanriksdepartementet saman med utanriksministeren, no får departementet i staden ein utviklingsminister, etter det NRK erfarer.

NYE STATSRÅDER

KNAPT: 20.oktober vart Marit Berger Røsland (H) utnemd til Europaminister, samtidig som at Frank Bakke Jensen (H) vart forsvarsminister og Ine Eriksen Søreide (H) utanriksminister.

Foto: Ørn Borgen / NTB scanpix

Før Røsland vart statsråd har ho fleire års erfaring som statssekretær og rådgjevar, i Utanriksdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og ved Statsministerens kontor. Ho har også hatt fleire verv i Høgre og Unge Høgre på 2000- og 90-talet.

Politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam, seier at Røsland ikkje mister jobben fordi ho har gjort ein dårleg jobb.

– Dette skyldas at feltet ikkje er stort nok. Det er viktigare for Utanriksdepartementet å få på plass ein bistandsminister enn å behalde ein marginal post. Departementet sitt budsjett er nesten utelukkande bistandspengar, og bistandsorganisasjonane har samla kome med krav om ein eigen statsråd for feltet.

Europarørsla skuffa

På fire år har fire ulike ministrar hatt ansvar for EU- og EØS-spørsmål i Solberg-regjeringa, etter alt å dømme fell no ansvaret til ein femte; utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

Heidi Nordby Lunde, leiar av Europabevegelsen i Norge, seier dei er skuffa over at statsministeren ikkje ser seg tent med å ha ein eigen minister for EU og EØS.

Heidi Nordby Lunde, leiar i Europabevegelsen

SKUFFA: Leiar i Europabevegelsen og Stortingsrepresentant frå Høgre, Heidi Nordby Lunde, er skuffa over avgjerda til Erna Solberg.

Foto: Europeisk Ungdom

– Å ikkje ha ein EØS- og EU-minister vil krevje meir innsats frå dei andre statsrådane. Vi kan risikere å møte fleire stengde dører no, og det blir meir krevjande å påverke der Norge har sterke eigeninteresser, seier ho.

Lunde meiner ein EU-minister har vore avgjerande for tidleg medverking og strategisk påverkingsarbeid i EU sine politiske prosessar.

– Dette er eit felt som påverkar Norge på nær sagt alle område.

Lunde er også stortingsrepresentant for Høgre.

Mashupregjeringsutvidelse

NYE OG GAMLE BRIKKER: Nikolai Astrup (øvst frå venstre), Iselin Nybø, Trine Skei Grande, Åse Michaelsen og Ola Elvestuen blir nye statsrådar rundt Kongens bord. Sylvi Listhaug (nedst til høyre) får ansvar for hele Justisdepartementet, og blir ei mektigare statsråd når Venstre går inn i regjeringa.

Fleire må gå – nye kjem til

Når statsminister Erna Solberg i dag utvidar regjeringa til ein blågrøn regjering, vil nye statsrådar og nye ansvar og titlar bli presentert på Slottsplassen. Det betyr også at nokon må gå.

Desse er klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H), justisminister Per-Willy Amundsen (Frp), barne- og likestillingsminister Solveig Horne (Frp) og som nemnd EU- og EØS-minister Marit Berger Røsland (H).

Dei fem nye statsrådane:

  • Trine Skei Grande (V) blir kulturminister
  • Ola Elvestuen (V) blir klima- og miljøminister
  • Iselin Nybø (V) blir statsråd for forsking- og høgare utdanning
  • Nikolai Astrup (H) blir bistandsminister i Utenriksdepartementet
  • Åse Michaelsen (Frp) blir statsråd for eldre-saker i Helsedepartementet

Desse får nye ansvarsområde:

  • Torbjørn Røe Isaksen (H) blir næringsminister
  • Jan Tore Sanner (H) blir kunnskaps- og integreringsminister
  • Sylvi Listhaug (Frp) blir justis- og innvandringsminister
  • Monica Mæland (H) blir kommunalminister
  • Linda Hofstad Helleland (H) blir barne- og likestillingsminister

Desse held fram som før:

  • Erna Solberg (H) er statsminister
  • Siv Jensen (Frp) er finansminister
  • Ine Marie Eriksen Søreide (H) er utanriksminister
  • Bent Høie (H) er helse- og omsorgsminister
  • Anniken Hauglie (H) er arbeids- og sosialminister
  • Ketil Solvik-Olsen (Frp) er samferdselsminister
  • Jon Georg Dale (Frp) er landbruks- og matminister
  • Per Sandberg (Frp) er fiskeriminister
  • Terje Søviknes (Frp) er olje- og energiminister
  • Frank Bakke-Jensen (H) er forsvarsminister

AKTUELT NÅ