Hopp til innhold

Ropstad vil førebygge samlivsbrot med nytt familieprosjekt

Meir valfridom til familiane og å unngå samlivsbrot er målet når statsråd Kjell Ingolf Ropstad (KrF) skal kartlegge korleis norske familiar har det.

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad held søndag sin første tale som partileiar for Kristeleg Folkeparti på landsmøtet i Rogaland.

Som statsråd skal han no setje i gang ei kartlegging av korleis det står til med norske familiar i ulike livsfasar.

– Vi håper å få gode svar på kva som kan føre til at familiane kan ta vala dei ønsker, og dermed også styrke familiane slik at enno fleire unge får ein trygg oppvekst, seier Ropstad til NRK.

Det heile er også eit spark mot Arbeidarpartiet og venstresida.

– Når det gjeld familiepolitikk veit vi at venstresida går til åtak på KrF og regjeringa.

Prosjektet skal skje i løpet av 2019 og munne ut i ein «kunnskapsstatus» om kva familiane betyr på individnivå i ulike livsfasar og for samfunnsutviklinga.

Ropstad peikar på at fødselstala går ned, at det er store tal på samlivsbrot og at mange småbarnsforeldre slit med tidsklemma og ein stressande kvardag.

– Dette er svært viktige saker for enkeltmenneske, men også for oss som samfunn. Derfor treng vi ein ny og framtidsretta familiepolitikk, og ein grundig debatt om korleis vi betre kan legge til rette for familiane, seier han.

Vil la familie trumfe arbeid og integrering

Statsråden meiner at familien i somme livsfasar bør kunne trumfe både arbeid og integrering.

– Familiane er så viktige for samfunnet at det i somme månader eller tider i livet må vere at familielivet kan trumfe til dømes arbeidslinja, integrering og likestilling.

– Trumfe integrering? Kva meiner du?

– Til dømes når det gjeld kontantstøtta, meiner eg det er viktigare med valfridom enn å fjerne ho av omsyn til integreringa.

– Har de ein idealfamilie de vil løfte fram?

– Dei aller fleste barn veks jo opp med ei mor og ein far, og det er viktig å utvikle best mogleg politikk for at dei kan få best mogleg oppvekst og at familiane i størst mogleg grad får tid saman, seier Ropstad.

– Vil de inkludere alle typar familiar?

– Vi vil styrke alle typar familiar, og må legge til rette for dei, for eksempel åleineforeldre, og sjå på kva ein gjere for å unngå samlivsbrot og bidra til at fleire held saman, seier barne- og familieministeren.

Den første partileiartalen

I sin første partileiartale tok Ropstad også til orde for at KrF ikkje berre skal vere familieparti, men eit familiebedriftsparti.

Han tok orde for å kjempe for eit varmare samfunn, for menneskeverd, internasjonal rettferd og mot klimaendringar.

Vidare slo Ropstad eit slag for aktiv livshjelp - i motsetning til aktiv dødshjelp - og å redusere talet på abortar.

AKTUELT NÅ