Hopp til innhold

Ber barnehagelærarar å reise heim til utsette barn: – Han har ikkje forstått barnevernet si rolle

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad meiner barnehagelærarar og lærarar skal reise på besøk til barn som ein fryktar har det vanskeleg heime. Dette vekker sterke reaksjonar i fagmiljøa.

Kjell Ingolf Ropstad Pressekonferanse i vandrehallen i Stortinget

OPPFORDRAR TIL HEIMEBESØK: Barne- og familieminister oppfordrar barnehagelærarar og lærarar å reise på heimebesøk til barn ein trur har det vanskeleg, for å sjå korleis dei har det.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NPK

– Å oppsøkje barn heime er barnevernet si oppgåve og ansvar. Det er ikkje noko barnehagelærarar og lærarar skal gjere, seier Siri Skjæveland Lode, lærar og sentralstyremedlem i Utdanningsforbundet.

Mange barn som har det vanskeleg heime er ekstra sårbare no når skulane og barnehagane er stengde, og som ikkje opnar før 20. april. Lærarar har ei viktig rolle i å følgje med på om barn har det bra, og pliktige til å varsle om dei er uroa for at dei ikkje har det.

For barn som er i risikogruppa, eller bur med folk i risikogruppa, kan det ta lang tid før dei er tilbake i skulen og barnehagen.

– Eg veit at det er mange barnehagelærarar og lærarar som har kontakt med ungar og foreldre som dei trur er sårbare. Ei ekstraoppfordring er å besøke dei og sjå korleis dei har det. Det trur eg dei fleste familiar og unge vil sette pris på, seier Kjell Ingolf Ropstad.

Statsråden ønsker at ein spesielt skal oppsøkje dei som enten ikkje er gamle nok, eller som ikkje har høve til å varsle sjølv.

Siri Skjæveland Lode i Utdanningsforbundet

REAGERER: Ifølgje Siri Skjæveland Lode har lærarane verken kompetanse eller rutiner for å fare på heimebesøk til barn som har det vanskeleg.

Foto: Stig Weston / Utdanningsforbundet

– Heimebesøk til barn som kanskje blir utsett for omsorgssvikt ligg utanfor skulen sin kompetanse og ansvar, men mange av oss er uroa for barn og elevar i sårbare situasjonar. Dersom vi er uroa er mitt råd at vi varsle og sikre at riktig fagorgan følgjer opp, seier Skjæveland Lode, seier Skjæveland Lode.

Ho meiner om lærarar og barnehagelærarar byrjar å reise på heimebesøk kan det føre til usikkerheit rundt rollefordeling og kven som har ansvar for kva.

Plikt til å varsle, ikkje å gripe inn

Mimmi Kvisvik, forbundsleiar i Fellesorganisasjonen, som organiserer barnevernsarbeidarar, er einig. Ho trekker fram at skulen, barnehagen og barnevernet allereie har eit tett samarbeid, og ei klar rollefordeling.

– Vi må bruke dei systema vi har, nemleg å melde til barnevernet, dersom ein er uroa for at eit barn er utsett for vald, omsorgssvikt, eller at ein ser at det er alvorlege åtferdsvanskar. Så er det barnevernet si plikt å undersøke situasjonen, og eventuelt gå vidare, seier Kvisvik.

Ho seier det verkar som at barne- og familieministeren ikkje har forstått kva som er barnevernet og kva som er skulen si rolle.

– Opplæringslova strekker seg ikkje til heimebesøk. Så om ein er uroa for at eit barn blir mishandla, ville eg brukt meldeplikta mi til barnevernet, seier Kvisvik.

Mimmi Kvisvik

SAKNAR SAMARBEID: Forbundsleiar i Fellesorganisasjonen, ønsker å samarbeide med statsråden for å finne gode tiltak for å hjelpe barn som har det vansekeleg heime.

Foto: Fellesorganisasjonen

Saknar samarbeid frå statsråden

Kvisvik opplever at Ropstad ikkje har samarbeida godt nok med fagorganisasjonane under koronakrisa. Ho seier at sjølv etter fire veker, er det lite som har blitt gjort for å hjelpe barn som er utsett for vald og overgrep, og elles har det utrygt heime.

Til dette svarer Ropstad at dei har brukt fagkompetansen dei har i både barne- og familiedepartementet og i direktoratet.

– Det er viktig å melde frå til barnevernet dersom ein er uroa for omsorgssvikt, men når barn ikkje lenger er på skule og i barnehage, må vi vere ekstra merksame. Eg trur mange tek kontakt på telefon, men det er også ein fin ting å oppsøke ungane og familiane, seier Ropstad.

Trass i kritikken meiner han dei fleste familiar og barn vil sette pris på eit besøk, og at ein burde kontakte barnevernet dersom besøket gjer ein uroa.

Både Kvisvik og Skjæveland Lode meiner det er forskjell på å ta ein telefon heim og å gå så langt at ein reiser på heimebesøk.

– Det er klart at lærarane bryr seg, men vi pleier ikkje å reise heim til elevane berre for å sjå korleis dei har det heime. Det er ikkje slik vi arbeider, avsluttar Skjæveland Lode.

AKTUELT NÅ