Dåverande næringsminister Torbjørn Røe Isaksen og Geir Inge Sivertsen blei samde om at han skulle få fullføre jobben som ordførar i Lenvik, sjølv om han tiltredde som statssekretær 4. november 2019.
- Les:
Lenvik skulle slå seg saman med tre nabokommunar og ordførarvervet forsvann difor frå 1. januar 2020.
– Dette var ei forståing vi kom fram til da han tiltredde. Han skulle få fullføre ordførarjobben. Det syns eg var rimeleg, seier Isaksen til NRK.
Diskuterte ikkje dobbel løn
– Visste du om at han tok imot dobbel løn?
– Nei, det visste eg ikkje. Det snakka vi rett og slett ikkje om, seier Isaksen.
– Syns du det var rettferdig at han skulle ta imot to millionløner, begge betalt av skattebetalarane?
– Det har eg ingen kommentar til.
Geir Inge Sivertsen (H) er i hardt ver etter at det blei avslørt at han søkte om etterløn medan han tok imot løn som statssekretær.
Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK– Departementet visste
På spørsmål om Sivertsen burde informert sjefen sin om at han tok imot dobbel løn, svarar Sivertsen slik:
– Næringsdepartementet visste, og det blei også kommunisert når eg blei spurd om å tiltre som statssekretær, at eg måtte vidareføre rolla som ordførar i Lenvik. Så det var alle informert om, seier Sivertsen
– Syns du det er moralsk rett å ta imot dobbelt millionløn frå det offentlege?
– Eg hadde to jobbar, ein som statssekretær og ein som ordførar. Eg meiner det er riktig å få betalt for dei jobbane ein gjer, seier Sivertsen til NRK.
Tilbakebetalar etterløn
Isaksen seier han heller ikkje kjende til eller diskuterte etterløna Sivertsen søkte om. Dagbladet avslørte i førre veke at Sivertsen fekk 120.000 i etterlønn for ordførarjobben han hadde hatt, samtidig som han tok imot full løn som statssekretær.
– Eg skulle aldri ha søkt om etterløn, seier Sivertsen til NRK.
Han har no planar om å betale tilbake dei 120.000.
Isaksen seier Sivertsen var fullt operativ frå han byrja i starten av november og utførte jobben sin som statssekretær på heilt vanleg måte.
Sivertsen vart fiskeriminister 24. januar.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix200 prosent jobb
Sivertsen har tidlegare fortald NRK at han jobba 200 prosent desse to månadane.
– Eg jobba dobbelt.
– Jobba du 16 timar i døgnet?
– Kor mange timar i døgnet vil eg ikkje spekulere i, men eg forsøkte etter beste evne å vareta begge funksjonar, seier Sivertsen.