NRK Meny
Normal

Røde Kors fryktar for dårleg kommuneberedskap: – Liv kan gå tapt

Fleire kommunar må inngå skriftlege beredskapsavtaler med frivillige organisasjonar, meiner Røde Kors, som fryktar liv kan gå tapt på grunn av dårleg beredskap.

Flom i Opoelva i Odda

Stor vassføring gjorde at Opoelva i Odda tok med seg fem bustadhus under storflaumen i oktober 2014.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Når ekstremvêret kjem, må ein vite kva ressursar ein har tilgjengeleg, og kven som skal gjere kva. Derfor er det viktig at ein både får til samarbeidsavtaler og at ein øver saman, seier generalsekretær i Røde Kors, Åsne Havnelid.

Åsne Havnelid

Åsne Havnelid i Røde Kors meiner beredskapen i norske kommunar er for dårleg.

Foto: Morten Holm / Scanpix

I dag leverer hjelpeorganisasjonen ein rapport til Stortinget sin Justiskomité der dei kjem med fleire tilrådingar om korleis beredskapen kan styrkast.

Frivillige

Dei siste åra har norske kommunar opplevd mykje flaum og ekstremvêr. Dette, kombinert med asylstraumen og stadig fleire søk- og redningsoperasjonar gjer at Røde Kors meiner beredskapen i kommunane bør skjerpast.

– Eg veit at kommunane har mykje dei skal handtere, men vi har ikkje råd til å la vere å ha ein god beredskap, seier Havnelid.

I dag har 91 av 428 kommunar ei skriftleg avtale om beredskap med Røde Kors lokalt. Det talet bør opp, ifølgje Røde Kors.

Hus i Flåmselva

Det raude huset måtte gi etter for dei store vassmengdene i Flåmselva i Aurland kommune.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Vil signere avtale

Noralv Distad

Ordførar i Aurland kommune, Noralv Distad, vil signere ei skriftleg beredskapsavtale med Røde Kors.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

I oktober 2014 førte svært store nedbørsmengder og snøsmelting i fjellet til at elvane fleire stadar på Vestlandet gjekk langt over breiddene.

I Aurland i Sogn og Fjordane sopte dei enorme vassmassane med seg vegar, bruer og bygningar, og mange av innbyggjarane måtte evakuere frå heimane sine.

– Det var heilt avgjerande at kommunen fekk hjelp under flaumen i Flåm, seier ordførar i Aurland kommune, Noralv Distad.

Dei har hatt eit tett samarbeid med Røde Kors, og vil no signere ei skriftleg beredskapsavtale, slik organisasjonen ønskjer. Dermed kan Aurland bli den 92. kommunen til å signere ei slik avtale.

Fryktar liv kan gå tapt

Generalsekretæren i Røde Kors er klar på kva ho meiner kan vere yttarste konsekvens av å ikkje ha beredskapen på plass når krisa råkar.

– Liv kan gå tapt, og folk kan bli heilt avskorne frå omverda, seier Havnelid.

Ho fryktar at flaum og skred kan isolere innbyggjarar slik at dei ikkje får den hjelpa dei treng, som til dømes medisinsk hjelp. Då er det avgjerande å ha eit godt samspel mellom kommunane og dei frivillige.

Meir ekstremvêr

Kristian Gislefoss

Norske kommunar må bu seg på meir esktemvèr ifølgje statsmeteorolog Kristian Gislefoss

Foto: Kristin Granbo / NRK

Anten kommunane har ei skriftleg avtale eller ikkje må dei alle bu seg på meir ekstremvêr i framtida, seier statsmeteorolog Kristian Gislefoss.

– Alt tyder på at Noreg får stadig meir ekstremnedbør og då kjem vi til å oppleve store lokale konsekvensar på grunn av flaum og skred, seier Gislefoss.

Han seier vi òg kjem til å sjå fleire tilfelle av stormflo, og at vi får nokre ekstremvêr med vind kvart einaste år.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger