Hopp til innhold

Riksrevisjonen kritisk til kjøp av forsvarsmateriell

Staten bruker for lang tid når dei skal skaffe seg nytt forsvarsutstyr, meiner Riksrevisjonen. – I dagens tryggingspolitiske situasjon er det alvorleg, konkluderer dei i ein ny rapport.

Et NOMAD kampluftvernsystem fyrer av et missil. NOMAD er et beltegående kjøretøy med både radar og missil montert. I bakgunnen synes fjellknauser og hav.

Riksrevisjonen rettar skarp kritikk mot korleis Forsvaret skaffar seg nytt utstyr.

Foto: Forsvaret / NTB

Då langtidsplanen for Forsvaret blei vedteke samrøystes av Stortinget i byrjinga av juni, blei det kalla historisk.

Dei neste 12 åra skal Noreg bruke 1635 milliardar kroner på forsvar for å møte dei tryggingspolitiske endringane vi har sett dei siste åra.

Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen presenterer rapport om investeringer i Forsvaret torsdag

Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen

Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB

Pengane skal blant anna gi nye ubåtar, fregattar, helikopter og luftvern.

Men skal investeringane ha effekt, må det bli gjort meir effektivt, ifølge ein ny rapport frå Riksrevisjonen.

– Vi har avdekka store svakheiter, og det er særleg alvorleg i den situasjonen Europa er i no. Det er også svært alvorleg sett i lys av at Forsvaret har fått kraftig auka budsjett til investeringar, seier riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen til NRK.

Kritisk til Forsvarsdepartementet

I rapporten peikar Riksrevisjonen på fleire svakheiter ved måten Noreg skaffar seg nytt forsvarsmateriell på.

  • Investeringane tek for lang tid. Det er normalt med kraftige forseinkingar.
  • Dei fleste investeringane held seg innanfor budsjett, men prosjekta blir ofte skalert ned for å klare dette.
  • Forsvaret har ikkje rekna godt nok på kva det kostar å drifte nytt materiell. Det gjer at det er ein risiko for at Forsvaret ikkje har råd til å drifte materiellet dei skaffar seg.

Riksrevisjonen har sett på 38 prosjekt, der berre seks er levert på planlagt tid, medan dei andre 32 i snitt har vore fem år forseinka.

Les også Gir seg etter 27 år i Forsvaret: – Det blir verre før det blir bedre

Christian Nygård står foran et kampfly på Luftkrigsskolen i Trondheim. Det er lys dag. Han har på uniform og står med ermene brettet opp og armene på hoftene. Han har brunt skjegg og ser inn i kameraet. Bak ham vaier det norske flagget på en høy flaggstang.

Schjøtt-Pedersen seier dette er alvorleg med tanke på at vi har krig i Europa og at investeringane i Forsvaret kjem til å auke kraftig dei neste åra.

– Dei svakheitene vi har avdekka rundt investeringsprosessane i Forsvaret kan gjere at ein ikkje når dei ambisjonane som Stortinget har stilt for den nye langtidsplanen.

Forsvarsdepartementet har kjent til problema det blir peika på i rapporten lenge, men har ikkje klart å finne løysingar. Det meiner Riksrevisjonen er sterkt kritikkverdig.

Gram vil følge opp

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) seier han er samd med Riksrevisjonen når dei peikar på investeringsprosessane må bli meir effektive. Dette er noko han tek på alvor, skriv han i ein e-post til NRK.

– Eg vil følge opp tilrådingane til Riksrevisjonen når vi skal gjennomføre tiltaka i langtidsplanen for Forsvaret, i departementets arbeid med investeringar i forsvarsmateriell og gjennom etatsstyring i sektoren, skriv han.

Les også Norske verft forventar å ta del i forsvarsløftet

Rosenberg Verft på Buøy i Stavanger. Skipsverft ble grunnlagt i 1896 og er fortsatt en stor arbeidsplass i med 2500 - 3000 arbeidere.

Gram meiner dei allereie er godt i gang med arbeidet.

– Vi har stilt krav til at etatane synleggjer driftskonsekvensar av investeringar i eigedom, bygg, anlegg og materiell i budsjettinnspela for å få betre utrekningar av levetidskostnader.

I tillegg er dei i gang med eit reformarbeid i forsvarssektoren for å få betre styring av investeringar.

Les også F-35 er miljøversting i Forsvaret: – Jeg vil fly på biodrivstoff innen året er omme

Luft til luft-bilder av F-35 fra 332 skvadronen på Ørland flystasjon 132 luftving. Totalt fire f-35 utenfor trøndelagskysten. Bildene er tatt fra Luftforsvarets C-130J Hercules fra 335 skvadron på 134 luftving stasjonsgruppe Gardermoen.

AKTUELT NÅ