Hopp til innhold

Riksadvokaten vil ta opp hackar-sak

Politiet har så langt ikkje prioritert å sikte Høgre-politikaren som har spreidd private nakenbilete av jenter på nettet. No engasjerer riksadvokaten seg i saka.

Høyrepolitiker spredte nakenbilder på nett

Hackaren Einar Stangvik klarte gjennom iherdig arbeidsinnsats å avdekke korleis Høgre-politikaren skaffa seg tilgang til profilane til unge jenter på tenesta iCloud.

Foto: Skjermdump / faksimile VG

Bystyrerepresentanten frå Høgre hacka seg inn på unge jenter sine private bilete gjennom Apple si lagringsteneste, iCloud. Han skal deretter ha publisert bileta på ei pornoside på nettet, der brukarane identifiserer jentene med namn, alder og bustad.

Høgre-politikaren vart avslørt i VG Helg i går, etter hjelp frå hackaren Einar Stangvik. Til trass for omfattande bevismateriale, har politiet ikkje sikta politikaren for det alvorlege lovbrotet. Dette ønskjer riksadvokaten no å ta tak i.

– Vil ha nærare utgreiing

Ingunn Fossgård

Fungerande riksadvokat Ingunn Fossgård vil ta opp den manglande politietterforskinga med statsadvokten.

Foto: Konfliktrådet

– Med opplysingane som no liggje føre vil vi allereie i morgon tidleg ta kontakt med statsadvokaten, og be om nærare utgreiing for den saka som no er omtalt, seier fungerande riksadvokat, Ingunn Fossgård til NRK.

Allereie i februar fekk politiet bevismateriale i fanget frå Stangvik, men dei valde likevel å la vere å etterforske saka. Etter dette la Høgre-politikaren endå fleire nakenbilete av unge jenter ut på nettet.

Politiet i det aktuelle politidistriktet uttalte i VG-reportasjen at dei ønskjer at offera melder frå til politiet før dei kan starte etterforsking av Høgre-politikaren. Riksadvokaten hevdar dette ikkje nødvendigvis er ein gyldig grunn til å la vere å starte etterforsking.

– På generelt grunnlagt kan eg sei at politiet ikkje er avhengig av at nokon formelt har meldt saka. Dei kan setje i gong etterforsking dersom dei får kunnskap som gjev grunnlag for å undersøke om det er gjort noko straffbart, seier Fossgård.

– Svært alvorleg

Justispolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, Jan Bøhler, seier det er svært alvorleg at politiet har hatt opplysningar utan å gjere noko.

– Når dei får informasjon og har grunnlag for å undersøke saka nærare, er det ikkje akseptabelt å vere passiv. Det går ikkje an å skulde på ressursar, seier Bøhler.

Han meiner politiet bør ta slik type kriminalitet langt meir alvorleg.

– Politiet skal ikkje gå forbi kriminalitet anten det er på gata eller på nettet. Dei burde visst at overgrep mot jenter på nettet er noko vi prioriterar høgt i Noreg. Då burde dei tatt tak i saka på eige initiativ, seier Ap-politikeren.

AKTUELT NÅ