– Liten vilje til å bygge lag i partiet

Fylkesordførar i Telemark, Terje Riis-Johansen (Sp), går langt i å antyde at konflikten med Senterungdommen er ein av årsakane til det historisk dårlege stortingsvalet. I dag kjem den knusande internrapporten om partiet.

Terje Riis-Johansen

KRITISK: Tidlegare statsråd og no fylkesordførar i Telemark, Terje Riis-Johansen, kritiserer sitt eige parti for å mangle entusiasme og strategi.

Foto: Øijord, Thomas Winje / Scanpix

I dag kjem Senterpartiet til å offentleggjere og kommentere den interne rapporten som rettar kraftig kritikk mot partileiinga etter det dårlege valresultatet i haust.

Kjelder som har lest rapporten seier til NRK at det er ein ærleg, open og tydeleg rapport, der Liv Signe Navarsete får sterk kritikk som leiar.

– Liten vilje til å bygge lag

Den første som har gått offentleg ut og kommentert rapporten er tidlegare statsråd og no fylkesordførar i Telemark, Terje Riis-Johansen, som kritiserer sitt eige parti for å mangle entusiasme og strategi.

Han går også langt i å antyde at senterungdommen må ta på seg delar av skulda for partiet si manglande evne til å samle seg i valkampen.

– Har opprøret frå mellom anna tidlegare leiar for Senterpartiungdommen hatt noko å seier her trur du?

– Ja, eg må må vere så ærleg og seie at eg har vore kritisk til ein del som har kome frå den kanten, og syns det har vore liten vilje til å bygge lag frå enkeltpersonar her. Eg syns at det var ein av dei tinga som nettopp bidrog til at vi stod fram for lite einskapleg og politisk tydeleg som parti, seier Riis-Johansen til NRK.

– Senterungdommen og partiet var samkøyrde

Sandra Borch

SAMKØYRDE: Leiar av Senterungdommen, Sandra Borch, er ikkje einig i at det var konflikt og splitting mellom ungdommen og partit under valkampen i år.

Foto: Sørbø, Krister / NTB scanpix

Tidlegare leiar av Senterungdommen, Sandra Borch, seier derimot at Senterungdommen og partiet var samkøyrde under valkampen, og at konflikten mellom ungdomspartiet og moderpartiet ikkje har prega valkampen slik Riis-Johansen meiner.

– Vi har hatt våre kampar, men det har vore ordna opp i lenge før valkampen. Det har ikkje alltid vore positivt mellom partiet og partiungdommen, men eg føler vi var samkøyrde i valkampen, og at vi fronta politiske bodskap saman, seier Borch.

I 2012 skjelte Liv Signe Navarsete ut Sandra Borch, og Senterungdommen gjekk offentleg ut og kravde oppvask.

– Eg er einig i at vi må sjå på dialogen mellom Senterungdommen og partiet, og det var noko av grunnen til at eg valde å trekke meg, vedgår ho, men avviser Riis-Johansen sin påstand om liten vilje til å «bygge lag» og å gjere ein god valkamp.

– Eg valde først å lansere min avgang etter valet, og årsaka til det var at eg ønska at vi skulle gjer ein god valkamp, seier ho.

Borch trekte seg som leiar i Senterungdommen i september.

– Navarsete kom ikkje godt ut av debattar

I rapporten, som allereie delvis er blitt gjeve att i media, vert partileiinga kritisert for dårlege førebuingar og svak innsats i TV-debattar.

Riis-Johansen meiner partiet har vore prega av mangel på motivasjon.

Navarsete

KRITIKK: Liv Signe Navarsete får krass kritikk i den interne rapporten som vert lansert i dag, skal vi tru lekkasjane hittil.

Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

– Skal ein vinne eit val må heile partiet ha lyst til det i valkampen, og vere gira. Det var vi ikkje i år, det må vi berre innrømme. Det er ikkje tvil om at vi har hatt for mykje utanompolitisk som har prega jobbinga vår, seier han.

Står fram som splitta

– Ein treng ikkje vere rakettforskar for å skjøne at det har vore diskusjon i media om ulike vegval i partiet, og at vi ikkje har stått fram tydelege nok med bodskapen vår. Vi valde for mange saker, blei for tydelege og ikkje relevante nok for folk, seier Riis-Johansen.

Han slår likevel eit slag for partileiar Liv Signe Navarsete som ein leiar som er flink til å motivere, men vedgår at ho ikkje har gjort ein god nok figur i valkampen.

– Veldig mykje av det Liv Signe gjorde i valkampen er kjempebra når det gjeld å ere ute blant folk og motivere folk. Men så kjem ho ikkje like godt ut av ein del sentrale debattar, og det vert kanskje mest lagt merke til. Ein kjem ikkje utanom at det også blir eit fokus i dag, held Riis-Johansen fram.

Reagerer på lekkasjar

Fleire Sp-kjelder NRK har snakka med reagerer kraftig på at delar av rapporten allereie er gjeve att i media. Lekkasjane som for nokre veker sidan førte til VG sitt oppslag om at partileiar Liv signe Navarsete er usikker og nervøs vert omtalte som illojale og uforståelege.

– Mange reagerer på spelet rundt rapporten. Det er vanskeleg ås eige kven som kan ten e på dette. Det skadar berre partiet, seier ei kjelde.

Andre kallar rapporten for drepande, og fortel at den eksponerer mistillit og store interne problem i toppleiinga som har vore viktige årsaker til at partiet har slite i valkampen.

Uroa for verknadene av kritikken

I stortingsvalet 2013 fekk Sp 5,5 prosent av stemmene, det dårlegaste valresultatet sidan partiet blei stifta i 1920. Det er derfor stor forståing i partiorganisasjonen for at sentralstyret ønsker ei evaluering i valkampen.

Samtidig er mange NRK har snakka med uroa for at kritikken som kjem fram kan føre til ein ny, opprivande leiardiskusjon i partiet.

Hausten 2012 kravde fleire i trøndermiljøet at Ola Borten Moe måtte ta over for Liv Signe Navarsete, men under landsmøtet i april blei ho attvalt med berre ni blanke stemmer.

Sidan den gongen har leiarstriden stort sett lege død. Få har ope snakka om ønsket om eit leiarskifte, og Navarsete har fått stor støtte i mange leirar.

No seier sentrale partikjelder at leiinga si handtering av rapporten vil avgjere i kor stor grad kritikken råkar partiet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger