Hopp til innhold

Fjernar momsfritak for elbilar – innfører tilskotsordning

Regjeringa vil at du skal betale moms for elbilar som kostar over 500.000 kroner.

LydCcJh2LhU

Mercedes-Benz EQS med prisar frå 955.800 kroner, er blant dei dyrare elbilane på marknaden. Med regjeringa sitt nye forslag til revidert nasjonalbudsjett vil elbilar som denne, med prislapp over 900.000 kroner, bli 11,1 prosent dyrare.

Foto: INTS KALNINS / Reuters

– Alle elbilar får støtte i botn, men desto dyrare elbil du kjøper, jo meir moms må du betale, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Regjeringa føreslår no å fjerne momsfritaket for alle elbilar frå neste år. Det kjem fram i forslaget til revidert nasjonalbudsjett som han la fram i dag.

I staden vil regjeringa innføra ei tilskotsordning som gjer at du får momsfritak for dei første 500.000 kronene, men at du betaler moms for resten.

Skal du kjøpe ein elbil som i dag kostar 600.000 kroner utan moms, må du då for eksempel betale 25.000 kroner meir.

Sjå tabellen under for fleire eksempel.

Kostnadsøkning v/omlegging av støtten til kjøp av elbiler (Finansdepartementet)

Pris eksl mva

Pris inkl 25 pst. mva

Tilskudd

Nettokostn.

Økn. i kostn i kr.

Økn i kostn. pst.

300.000

375.000

75.000

300.000

-

-

400.000

500.000

100.000

400.000

-

-

500.000

625.000

125.000

500.000

-

-

600.000

750.000

125.000

625.000

25.000

4,2

700.000

875.000

125.000

750.000

50.000

7,1

800.000

1.000.000

125.000

875.000

75.000

9,4

900.000

1.125.000

125.000

1.000.000

100.000

11,1

1.000.000

1.250.000

125.000

1.125.000

125.000

12,5

Vil bruke pengane på andre grupper

– Det er ingen grunn til at ein person som køyrer Polo skal ha mykje høgare avgifter enn ein person som køyrer ei dyr Porsche, seier finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

– Vi vil helle prioritere andre grupper enn dei som kan kjøpe seg ei Porsche Taycan. Dei klarer det nok uansett, seier han.

Om regjeringa får gjennomslag får det, vil avgiftsendringa kome 1. januar, ifølgje finansministeren.

Effekten av endringa vil regjeringa komme tilbake til i statsbudsjettet til hausten, opplyser Vedum.

Elbilforeningen er svært kritiske til dette

I Hurdalsplattformen lova regjeringa å «sørge for ein rettferdig klimapolitikk ved at det skal betalast meirverdiavgift på beløpet over 600 000 kroner ved kjøp av nye elbilar».

– Dette er eit dobbelt løftebrot. Regjeringa lova å komme med ei avgiftsordning, men innfører heller full moms og kjem med ei subsidieordning. Det er prøvd ut i andre land og har ikkje gitt utteljing, seier Christina Bu, generalsekretær i Elbilforeningen om budsjettendringane regjeringa no foreslår.

Ho legg til at regjeringa lova at toppmoms skulle gjelda bilar som kosta over 600.000 kroner, men at det no gjeld bilar over 500.000 kroner. Elbilforeningen er svært kritiske til dette.

– Heile elbilpolitikken er sett i spel. Det er ein ubegripeleg dårleg ide. Det er håplaust, uføreseieleg og ubrukeleg. Det spenner bein under Noregs mest vellukka klimatiltak, seier Bu.

– Blir dyrare for folk å ta miljøvenlege val

Tidlegare klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn frå Venstre reagerer og på regjeringa sitt føreslåtte el-bilgrep.

– Om dette stemmer er det alvorleg for den grøne omstillinga. El-bilsatsinga har vore ein dundrande suksess, nå blir bremsene slått på. Det blir dyrare for folk å ta miljøvenlege val i kvardagen. Det forsterkar inntrykket av ei regjering som ser bakover, ikkje framover, seier han.

Arbeidsgivar- og interesseorganisasjon for kraftnæringa i Noreg, Energi Noreg, meiner regjeringa sitt forslag vil svekke folks økonomiske motivasjon til å kjøpe seg elbil.

– All svekking av insentiv for kjøp av elbil synest vi er for tidleg. Å legge på avgifter på elbil, uansett prisklasse, meiner vi er for tidleg, seier Eivind Heløe, direktør i Energi Noreg.

Utsettelse av gigantprosjekt Setter sinna i kok

Illustrasjonsbilde som viser et stort område i Trondheim. Skravert i grønt ser vi hvor det svære Ocean Space Center skal ligge.

– I kva grad hjelper det folk til å bruke fornybare bilar?

– Det svekker insentivet til å byte frå fossilt til fornybart, også i dei andre prissegmenta av bilmarknaden. Det er ikkje bra for å få ned klimagassutsleppa. Vi treng ei massiv elektrifisering av transportsektor, også på dei dyrare bilane. Å svekke insentiva der er ikkje godt tenkt.

Han trur ikkje det er spesielt god distriktspolitikk heller.

– Det er kanskje særleg i distrikta at behovet for dei dyre bilmodellane er størst, det er dei med lengst rekkevidd, seier Heløe.

Forvirra? Dette betyr budsjettet for deg

Påskeutfarten fredag 8. april

Meiner endringa vil ramme «vanlege folk»

Kommunikasjonsdirektør Øyvind Rognlien Skovli hos Noregs største bilimportør, Harald A. Møller AS reagerer på Vedum sit utspel om kven momsendringa vil ramme.

Titusenvis av kundar som ventar på vanlege familiebilar kjem til å bli ramma av dette, og derfor er det ikkje relevant å snakke om bilane i luksussegmentet, meiner han.

– Regjeringa sel det inn som ein luksusskatt, men vi ser at dette grepet rammar vanlege folk og barnefamiliar som for eksempel ventar på ein Volkswagen ID. 4, seier Skovli.

– Rekneeksempla til Vedum har blitt debattert flittig i det siste, og no ser vi eit nytt eksempel på at idéen om kva vanlege folk er kanskje må bli kalibrert i regjeringa, legg han til.

Les meir Aukar oljepengebruken med 30 milliardar

Trygve Slagsvold Vedum, finansminister, utenfor NRK Marienlyst

AKTUELT NÅ