Hopp til innhold

Retten om Krekar: «Faren er reell og ikke teoretisk»

Borgating lagmannsrett meiner Krekar sine uttalar i NRK-intervjuet framstår som «svært skremmende» og at dei kan «vekke nytt liv i tidligere drapsoppfordringer».

Krekars anke forkastet

«FAREN ER REELL»: Dommarane i Borgating lagmannsrett meiner at «faren er reell og ikke teoretisk, noe de nylige terroranslagene i Paris og København illustrerer».

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Najmuddin Faraj Ahmad, eller mulla Krekar som han er mest kjend som, nådde ikkje fram i Borgating lagmannsrett. Ankesaka blei forkasta av lagmannsretten. Krekar kan difor haldast i varetekt i fire veker, slik politiet ba om.

Bakgrunnen for fengslinga er at politiet sikta Krekar etter eit intervju med NRK, der han mellom anna sa at han ville sende ei gåve til den som tek livet av Halmat Goran, som Krekar tidlegare er dømt for å ha truga.

Lagmannsretten skriv:

«Truslene fremstår for fornærmede som svært skremmende. Fordi truslene stadig gjentas, er det grunn til å tro at faren for at noen faktisk velger effektuere oppfordringen, suksessivt øker».

Lagmannsretten meiner også at «faren er reell og ikke teoretisk, noe de nylige terroranslagene i Paris og København illustrerer».

«Grunn til å tro at de hører på ham»

Retten peikar også på Krekar si rolle i den kurdiske jihadistbeveginga: «Hans tilhørere spør ham om råd, og det er grunn til å tro at de hører på ham og tar ham på alvor,» står det i vedtaket.

Dei tre dommarane i lagmannsretten, som har skrive avgjerda, meiner også at dei nye truslane vil «kunne vekke nytt liv i tidligere drapsoppfordringer, og kunne sørge for at drapsoppfordringen når ut til et enda større publikum enn den gjorde i utgangspunktet».

Her viser retten til at truslane blei kringkasta på NRK:

«Dette kan også øke mulighetene for at noen vil respondere på oppfordringen».

Vil ikkje kritisere NRK

Lagmannsretten meiner saka er alvorleg og at faren for gjentaking er betydeleg. Sjølv om truslane frå Krekar blei framsett på tv, vil ikkje retten kritisere NRK:

«Lagmannsretten finner ikke grunn til å gå inn på hvorvidt det kan reises kritikk mot NRK for gjennomføringen og sendingen av intervjuet med siktede».

Dei skriv vidare:

«Etter lagmannsrettens syn er siktede uansett selv ansvarlig for sine uttalelser, og hvorvidt det eventuelt kan reises kritikk mot NRK, får ikke betydning for forholdsmessighetsvurderingen».

Dei som fornærmar islam, fortener å døy, seier mulla Krekar i eit NRK-intervju. Mullaen støttar norske ungdommar som krigar for IS, og han seier han vil sende ei gåve til den som tek livet av ein av kurdarane han tidlegare er dømt for å ha truga.

VIDEO: I sitt første lengre intervju med norsk presse på fleire år kjem mulla Krekar, eller Najmuddin Faraj Ahmad som han eigentleg heiter, med fleire oppsiktsvekkjande uttaler. Sjå Krekar-intervjuet her.

AKTUELT NÅ