NRK Meny
Normal

Her kan du framleis få studieplass

I morgon opnar Restetorget hjå Samordna Opptak. Er du villig til å flytta på deg, er det gode sjansar for å kapra ein plass på ønskestudiet.

Høgskolen i Bodø - informasjonsskranke

I dei største byane er det som regel knapt med studieplassar att når Restetorget opnar. Men er du fleksibel, kan du finna studiet du leitar etter andre stader. I fjor var det blant anna mange ledige plassar ved Høgskolen i Bodø (biletet).

Foto: Pressefoto

Norske universitet og høgskular arbeider i dag iherdig med å få oversikt over studieplassar som framleis står tomme før studiestart til hausten.

I morgon klokka 09.00 blir nemleg den komplette oversikten lagt ut på Restetorget til Samordna opptak.

– Er du villig til å busetja deg i distrikta, kan du framleis ha høve til å få plass på det studiet du er interessert i, fortel informasjonsrådgjevar i Samordna opptak, Pål Kalvsjøhagen.

– Flytt til distrikta

Pål Kalvsjøhagen

- På Restetorget er det førstemann til mølla-prinsippet som gjeld, seier informasjonsrådgjevar Pål Kalvsjøhagen i Samordna opptak.

Foto: Samordna opptak

Restetorget er ei oversikt over studiar som framleis har ledige plassar etter hovudopptaket. Her kan både tidlegare og nye søkjarar registrera opp til 10 ønskjer på ein nettsøknad.

I fjor var det 2650 ledige plassar fordelt på 429 ulike studiar då Restetorget opna.

Svært mange av restplassane var ved utdanningsinstitusjonar i distrikta, som til dømes ved Høgskolen i Hedmark, Høgskolen i Sogn og Fjordane, og Høgskolen i Lillehammer.

– Me veit av erfaring at det er vanskeleg å finna studieplassar i storbyane på Restetorget. Folk må førebu seg på å flytta ut i distrikta dersom dei vil på skulebenken til hausten, seier Kalvsjøhagen.

Kan dukka opp nye plassar

Blant dei institusjonane som i 2010 hadde null ledige studieplassar då restetorget opna, var Universitetet i Bergen, Norges Veterinærhøgskole, Politihøgskolen og mange av høgskulane i hovudstaden.

Men alt håp er likevel ikkje ute for dei som aller helst vil studera i dei større byane.

Høgskolen i Telemark, avdeling Bø

Kanskje kan Høgskolen i Telemark frista med restplassar, i år som i fjor.

Foto: Per Holtung

Siste frist for å svara på hovudopptaket er førstkommande tysdag, 26.juli. Ettersom fleire takkar nei til sine tildelte plassar i hovudopptaket, vil også mange av desse dukka opp på Restetorget.

– Restetorget vil bli oppdatert med nye studieplassar utover i juli og august. Det kan henda at det dukkar opp plassar i byane litt seinare, fortel Kalvsjøhagen i Samordna opptak.

Førstemann til mølla

Han oppfordrar likevel til å vera kjapp med å søkja når Restetorget vert tilgjengeleg i morgon. I fjor var det nemleg stor iver etter å få kloa i ein restplass, og i løpet av berre fem timar var nesten 30 prosent av studiane på torget tekne.

– Her er det førstemann til mølla-prinsippet som gjeld. Det går ikkje på karakterar, slik det gjer i hovudopptaket. Ein må ha dei kvalifikasjonane som det aktuelle studiet krev, men elles er det den kjappaste som får plassen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger