– Vi har vore i dialog med Sophie Elise og informert om at vi set samarbeidet på pause fram til vi veit meir, seier dagleg leiar i Good For Me, Nicklas Kallis, til NRK.
– Vi er opptatt av at våre samarbeidspartnarar er gode forbilde, og vi har høge etiske standardar for dei vi samarbeider med, legg han til.
Isachsen har vore ambassadør for det veganske kosttilskotet Good For Me.
Også butikkjeda Vita ønskjer å ta avstand frå bildet som blei publisert søndag. Vita sel produkt frå Isachsen sin kosmetikkserie Glöd.
Dette er bilde som blei lagt ut søndag kveld.
Foto: SKJERMDUMP INSTAGRAM– Vi tar avstand frå haldningane og verdiane som blir kommunisert i bildet. Det er ikkje noko vi kan stå inne for, seier administrerande direktør i Vita, Are Berg, til NRK.
Dei vil ikkje gje kome med nokon ytterlegare kommentar, men seier dei er i dialog med leverandøren av produktet.
Lyko og Cubus, som også sel Glöd-serien, seier dei vil vente på situasjonen.
– Vi tar oss tid til å evaluere situasjonen, seier pressetalsperson i Cubus, Julie Bragli Eckhardt, til NRK.
Lyko seier dei vil jobbe vidare med å finne ut kva som har skjedd.
– Vi kjem ikkje til å gjere noko så lenge situasjonen er såpass uavklart, seier marknadsføringsansvarleg i Lyko, Aleksandra Dybdal-Holthe, til NRK.
Set samarbeidet på vent
TV 2 avslørte tidlegare i dag at Rema 1000 skal ha sendt ut ei melding internt om å «fryse lanseringa» av det nye godteri-produktet til Sophie Elise.
Dei skal også ha gitt beskjed om å sperre produktet for sal i kassa.
Kommunikasjonssjef i Rema 1000 stadfestar til God Kveld Norge at slutninga er ein konsekvens av det kontroversielle bildet.
– Situasjonen er no uavklart. Derfor har vi vald å halde igjen lanseringa til vi veit litt meir, fortel Hege Rognlien i Rema 1000 til TV 2.
NRK har forsøkt å få ein kommentar frå Rema 1000 utan å lykkast.
– Ein ting eg hatar meir enn narkotika er kanselleringskultur
Ein av aktørane som understrekar at bilde ikkje vil få konsekvensar for vidare samarbeid er Bonnier forlag.
Isachsen har gitt ut to bøker på Bonnier Forlag, og jobbar for tida med ei tredje bok.
– Det er ingenting som tilseier at vi skal vurdere forholdet vårt til ein forfattar på bakgrunn av at ho er avbilda med ein annan person som held ein pose med noko som kan vere narkotika, fortel direktør i Bonnier Norsk Forlag, Alexander Even Henriksen, til NRK.
– Ein ting eg hatar meir enn narkotika er kanselleringskultur. Det ville vere absurd å slutte å gi ut bøker, musikk og filmar eller andre kulturuttrykk av folk som kanskje har prøvd narkotika, legg han til.
Henriksen fortel at dei har kontakt med Isachsen, men respekterer at ho ikkje vil uttale seg offentleg.
– Ut frå dialogen vår med henne skjønner vi at ho ikkje ønskjer å uttale seg no.
ARK opplyser at dei ikkje har noko formelt partnarskap eller samarbeid med Sophie Elise, men sel produkt ho har utvikla som bøker og spel.
– Vi ønskjer ikkje og skal ikkje sensurera forfattarar eller innhaldsprodusentar sjølv om dei kan ha gjort ukloke ting i privatliva sine. Vi ser derfor ingen grunn til at vi skal trekkje spelet frå sal, seier Birgitte Norenberg, kategorisjef i ARK Bokhandel til NRK.
Taus om Instagram-bilde i podkast
Søndag publiserte påverkar Sophie Elise Isachsen eit bilde på Instagram der ho står ved sida av ei venninne. Venninna held i si venstre hand ein gjennomsiktig pose med eit kvitt innhald.
Bilde har spreidd seg lynraskt på sosiale medium.
Styreleiar i den rusførebyggande ungdomsorganisasjonen Juvente Sarah Jul-Rasmussen, trur ikkje det har så mykje å seie om det er eit narkotisk stoff i posen eller ikkje.
– Folk flest vil uansett assosiere det dei ser med narkotiske stoff, seier Jul-Rasmussen til NRK.
Isachsen nemner ikkje det omstridde Instagram-bildet i den nye episoden av NRK-podkasten «Sophie og Fetisha».
Sophie Elise har podkasten «Sophie og Fetisha».
Foto: Petter NielsenMot slutten av sendinga peiker Isachsen likevel på eit sitat ho har tenkt mykje på dei siste dagane.
– Du veit det sitatet «What doesn't kill you makes you stronger». Mamma sa alltid «Nei, nei, what doesn't kill you, doesn't kill you», og det er akkurat det eg føler no.
Ingen konsekvensar for NRK-samarbeidet
Fungerande redaktør i NRK Underhaldning, Christina Rezk Resar, seier torsdag at dei framleis viser til praten dei hadde med Sophie Elise etter at bildet blei publisert på Instagram.
– Gitt dei opplysningane ho gav oss, så får ikkje dette konsekvensar for samarbeidet mellom ho og NRK. Podkasten vil halde fram som vanleg, seier Resar til NRK.
NRK Nyheiter har også stilt dette spørsmålet, utan å få svar: Kva tenker de om at ein kommersiell aktør får kalde føter, medan Instagram-innlegget ikkje får konsekvensar for Sophie Elise sitt samarbeid med allmennkringkastaren NRK.
Sjå kva NRK svarar om samarbeidet med Sophie Elise:
Dagens viktigaste debattar, intervjuar og kommentarar direkte frå radiostudio.
Så langt har Instagram-innlegget ført til 3000 klager til Kringkastingsrådet, noko som gjer saka til den tredje mest innklaga saka til rådet.
No har medlem av Kringkastingsrådet og tidlegare politikar, Trude Drevland, bede om at saka skal bli tatt opp på neste møte den 9. mars.
NRK har også torsdag forsøkt å få ein kommentar frå Sophie Elise og managementet hennar, men har ikkje fått svar.
Sofie Steen Isachsen er knytt til NRK gjennom podkasten «Sophie og Fetisha». Hennar oppdragsgivar er NRK underhaldning. NRK Nyheter arbeider journalistisk uavhengig med denne saka.