Hopp til innhold

Rektorar gir foreldre skulda for dårlege leseferdigheiter

Norske rektorar skuldar på foreldre for at elevane deira ikkje kan lese godt nok.

Leser bøker

Norske rektorar vil at foreldre skal oppmuntre barna sine til å lese meir, heller enn å leike og gjere det dei meiner er moro.

Foto: Åserud, Lise / Scanpix

Mimi Bjerkestrand

Leiar i Utdanningsforbundet, Mimi Bjerkestrand, vil at foreldre og lærarar skal samarbeide betre.

Foto: Josefsen, Jon-Michael / Scanpix

Foreldre får den største delen av skulda for dårlege leseferdigheiter i den norske skulen. Det viser ei undersøking som Respons har gjort blant 300 grunnskolerektorar, på oppdrag for Utdanningsdirektoratet.

Rektorane er oppgitte over manglande engasjement frå foreldra, og meiner dette er hovudforklaring på at Noreg ikkje presterer betre i internasjonale statistikkar, skriv Dagsavisen.

– For mykje TV og spel

I undersøkinga svarar rektorane at dei meiner elevane brukar for mykje tid på sosiale media, TV og spel, og for lite tid på bøker og lesing. Dei meiner også at foreldra engasjerer seg for lite i den faglege utviklinga til sine eigne barn.

Rektorane legg mindre vekt på at skulen manglar ressursar og kompetanse til å gi ekstrahjelp.

Den norske PISA-forskaren Astrid Roe stadfestar at norske elevar presterer dårlegare enn venta.

Ho trur elevane slepp for billeg unna når noko er kjedeleg. Ho meiner skulen og foreldra må dele på dette ansvaret.

– Eg har intervjua mange elevar, og det kjem ganske klart fram at dei treng å bli pusha litt, seier ho.

Mindre moro

Roe meiner det handlar om både at elevar må presse seg litt ekstra når dei møter motstand, men også fleire enn lærarar må stille strengere krav.

– Dette handlar også om barneoppseding og ein heil kultur der barna våre har det veldig makeleg og kan velje å gjere det dei meiner er mest moro, seier Roe.

Leiar i Utdanningsforbundet, Mimi Bjerkestrand, seier at ho ikkje oppfattar undersøkinga som at rektorar skuldar på foreldra. Ho meiner barnehage, skule og foreldre må dele på ansvaret for å skape leseglede og leselyst.

– Det siste vi treng er å skape dårleg samvit hos norske foreldre. Vi må derimot fortelje dei kor viktige dei er, også for leseferdigheitene for barna, seier ho.

AKTUELT NÅ